28/04/2026
Vil du bli med på ein Spleis? Hvis mange gir LITT, blir det MYKJE ut av det!
No er vi på veg inn i høgsesong på Kirketeigen. Konfirmasjonar, sommertreff, selskap og 17.mai-feiring. Vi hadde dugnad 18.april, tusen takk til dei som stilte og gjorde det fint på Kirketeigen sine uteområder.
Var det nokon som tenkte dei gjerne vil bidra, men ikkje hadde anledning denne datoen? Det er alltid noko å gjere på Kirketeigen! Berre ring dagleg leiar Lars på 94971539 og avtal med han.
Det kostar å halde Kirketeigen fint og triveleg for alle som bruker staden og drifta vår har alltid vore og er framleis avhengig av gåver, dugnad og frivillighet! Vi håper alle i Kvam og omegn, som kjenner at Kirketeigen er godt å ha, vil bidra enten med ein spleis, deling av Spleisen eller dugnadsinnsats for fellesskapet! På forhånd takk! Takk også til alle som har gitt allereie og ikkje minst til dykk som bruker Kirketeigen til livets store og små anledninger og arrangement.
Alle penger som samlast inn går i sin heilskap til vedlikehald, utbetring og drift av Kirketeigen på Kvam, for å kunne halde Kirketeigen ope for alle.