31/07/2026
ENDELEG fekk vi tid til å samle heile Gryta Camping Family Crew til eit godt måltid ilag 🩷
Sommaren fauk forbi - og vi har hatt det hektisk og kjekt! Her kjem litt bilder frå Behind The Scenes 🩷
Det er like spennande kvart år: Å sette saman ulike personar til eit nytt campinglag, ulike individ som kjem med sine erfaringar og sine kvalitetar. Det å sjå kven som er gode til kva, få dei til å blomstre, våge å både feile og meistre saman, og å få oss til å fungere som eit lag på relativt kort tid.
Også i år har vi vore veldig heldig med gjengen her på Gryta, og eg er stolt og takknemleg over å få ha med desse flotte folka. Det hadde ikkje gått utan. TUSEN TAKK til Milena, Kamil, Ingrid Sofie, Nina og Jakub. Og til far og seniorkonsulent Dagfinn, også kalla Mr Everything som fiksar det meste.
Sesongen er på langt nær slutt, men no går vi over i eit litt rolegare tempo, og det er nok ein haust i emning. Vi har ope til uti oktober eingong, så det er berre å komme innom. Hjerteleg velkomne 🌸🌸🌸