Rogn camping

Rogn camping Ferie, fisking, fjelltur

På campingen har me det siste døgnet hatt mange slitne og kalde syklistar innom. Det viste seg at dei var deltakarar på ...
22/07/2026

På campingen har me det siste døgnet hatt mange slitne og kalde syklistar innom. Det viste seg at dei var deltakarar på eit ritt som går frå Trondheim og heilt ned til Hellas!

Det starta førre kvelden då den eine etter den andre kom innom og lurte på ein plass å sova nokre timar. Utfordringa var at alle hytter var opptekne! Men me fann løysingar, ei fekk ei hengekøye (og myggmiddel), ein annan fekk ei ledig seng på campingen og to andre fekk me losjert i bu og bustadhus på garden. Dei sov fire-fem timar før dei hasta vidare mot fyrste sjekkpunkt som var Flåm.

I går var det ein jamn straum av syklistar langs E16 og vestover. I dag tidleg var me overraska av ein syklist som hadde vore innom på morgonkvisten og fått seg ein varm dusj. Han slappa av i solveggen når me kom ned. Og sol var han nok van med for han kom frå Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emiratar. Så langt vår einaste gjest frå den delen av verda!

Les om sykkelløpet her: ttps://www.nrk.no/trondelag/eit-av-verdas-toffaste-sykkelritt-startar-i-trondheim_-_-eit-fullstendig-nadelaust-ritt-1.17962095

14/07/2026
Badstue – Sauna - Nytt tilbod på campingen!Sjølv om dagane no kjennest som i ei badstue, har faktisk ei slik blitt sett ...
14/07/2026

Badstue – Sauna - Nytt tilbod på campingen!

Sjølv om dagane no kjennest som i ei badstue, har faktisk ei slik blitt sett opp ute på halvøya på campingområdet. Dette er ei teltbadstue som campinggjestene kan leige om dei vil ha litt ekstra sveitte. Og med dam på eine sida og ei elv på andre sida, er det enkelt å få avkjøla seg etterpå. Det er også god plass til telting ute her.

Nytt sommarfugltreff på campingen i helga. Kom gjerne inom om du er interessert! Felles samling frå kl. 19 i kveld.
03/07/2026

Nytt sommarfugltreff på campingen i helga. Kom gjerne inom om du er interessert! Felles samling frå kl. 19 i kveld.

Så har også MJølkevegturistane kome seg på sykkelen! Til no har åtte søkt ly på campingen her, dei fleste nyttar medbrak...
24/06/2026

Så har også MJølkevegturistane kome seg på sykkelen! Til no har åtte søkt ly på campingen her, dei fleste nyttar medbrakt telt. I går kom tre skottar innom og vart med på jonsokfeiringa ved gapahuken. Dei var båe legar og hadde med si femårige dotter i eiga vogn bak sykkelen til far. I småregnet slo dei til med overnatting i hytte.
Turen hit til Vang hadde vore lang. Tog frå Skottland, under kanalen og vidare opp til Oslo, med Bergen som endestasjon. Etter sykling langs vestlandsfjordar hamna dei på Mjølkevegen, og kom til oss over Slettefjellet. I dag drog dei vidare mot Syndinstøga og Vaset. Spreke folk!

Så er Kongevegsesongen i gang. Våre fyrste gjester, Troy og Craig, kom i går. Dei var båe frå California, men Craig hadd...
13/06/2026

Så er Kongevegsesongen i gang. Våre fyrste gjester, Troy og Craig, kom i går. Dei var båe frå California, men Craig hadde fått seg familie i Bulgaria og budde der. Båe var pastorar og underviste studentar. Troy kom direkte frå ein studentleir i Serbia og så møttest dei her for å gå Kongevegen vår i fem dagar.
Sidan det klaffa slik at me sjølve hadde besøk frå California - Beth, søskenbarn til Kari Birgit - fann me ut at frukosten som er inkludert i pakka til Kongevegvandrarane, kunne skje i fellesskap hjå oss. Det vart ei triveleg matøkt med smak på brunost, røyka elgkjøt og bittelitt akevitt! Det viste seg at Craig var fødd i Sakramento der Beth og Ron bur! Er alt som skjer tilfeldig?
Etterpå skulle dei to ut på sykkeltur frå Neset til Øye via Vennisvegen, og derifrå vandre Kongevegen opp til Filefjellstuene.
PS: Kvamskleive gjekk dei i går ettermiddag, og dei forlenga turen med å ta gangvegen til Mjøsvang kafe og ein god middag.

Bra belegg på campingen i pinsehelga. Me sponsar Valdresspelet med overnatting av aktørar, og elles er det stadig tyske ...
23/05/2026

Bra belegg på campingen i pinsehelga. Me sponsar Valdresspelet med overnatting av aktørar, og elles er det stadig tyske og nederlandske gjester innom. Valdresspelet har si fyrste samling denne helga og nyttar Torpe skule som samlingsstad. Om tre månader blir det alvor inne i Gardalen. Premieredato er laurdag 29. august.

Campingsesonger en i gang, og det er også fiskesesongen! Fast gjest gjennom meir enn 50 år - og no også flytta fast til ...
08/04/2026

Campingsesonger en i gang, og det er også fiskesesongen! Fast gjest gjennom meir enn 50 år - og no også flytta fast til Vang - fekk i går storfisk på sluken. Ein ørret på 1,5 kilo, raud og fin i kjøtet, hamna i håven, og ligg no i frysaren!
Gratulerer, Henning!😀🦈😀

Fekk i hus fem frosne tyske motorsyklistar i går kveld. Det var ikkje problem at hyttene ikkje var oppvarma (eller vinte...
14/01/2026

Fekk i hus fem frosne tyske motorsyklistar i går kveld. Det var ikkje problem at hyttene ikkje var oppvarma (eller vinterisolerte), dei måtte få tak over hovudet! Med snøfresaren vart det fiksa parkering og tilgang til hyttene, og inntil det vart varme i hyttene, kosa dei seg i servicebygget som var oppvarma. Uvanleg besøk midtvinters, men dei skulle visst på eit mc-treff i Østerdalen og så ville dei ha med seg Vestlandet fyrst! God tur!

Adresse

Tørpegardsvegen 15
Ryfoss
2973

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rogn camping legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rogn camping:

Snarveier

Del