Toppturar i Sunnfjord

Toppturar i Sunnfjord 1. november 2017 lanserte vi boka "Toppturar i Sunnfjord". Oppgradert 2. utgåve er no i salg. Toppturarar i Sunnfjord blir bok med Fri Flyt som forlag.

Her delar vi våre beste toppturtips, med mål om å gjere skiopplevingar i Sunnfjord tilgjenegeleg for alle som likar å gå skiturar i fjellet! Boka er under arbeid vinteren 2017. Følg oss gjerne for å vere oppdatert på prosjektet og for inspirasjon! Prosjektgruppa starta arbeidet i mai 2015. Vi er alle turentusiastar, men med ulike ballastar som vi gjer nytte av i arbeidet. Leif Kapstad er leiar av

gruppa , Per Magne Bakke som er utdanna tindevegleiar, og Brit Siv Fimland er fagpersonane som kvalitetssikrar arbeidet. Som journalist har Marie Havnen gjort ein framifrå jobb med utforming og språkvasking. Ingeniøren Sindre Hoff, er ein av dei beste toppturkøyrarane i Noreg. Han har gjort ein formidabel jobb både med turregistrering og systematisering av prosjektet. Olav Sægrov har tilført prosjektet både kunnskap og erfaring via sitt selskap; Skifantomet. Eli Skrede og Anne Cecilie Kapstad har begge gjort ein stor jobb med både skriving, organisering og ikkje minst turregistrering. Reidar Bakke har vore ein støtteperson med sin lange erfaring med både skiturar og fjellklatring. I 2017 var vi heldige å få Torje Bjellaas med i gruppa. Han er fotograf og kjent frå fleire TV-seriar som mellom anna "Fjellfolk" og "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" på NRK. Han er i tillegg ein lidenskapeleg toppturgåar. Då bilde er ein viktig del av boka, vert hans arbeid svært viktig for kvaliteten og utforminga av boka. Følg oss gjerne på Instagram: !

No har vi sendt inn vår høyringsuttalelse til planane for gondolprosjektet i Kjøsnesfjorden som har frist i morgon 1. Ju...
30/06/2023

No har vi sendt inn vår høyringsuttalelse til planane for gondolprosjektet i Kjøsnesfjorden som har frist i morgon 1. Juli. Det er også publisert som lesarinnlegg i både Firda Tidend og Firda, deler her innlegget frå Firda.

Vi har valgt å engasjere oss i saka om bygging av gondol i Kjøsnesfjorden i Jølster. Bakgrunnen er at vi meiner at dette...
08/06/2023

Vi har valgt å engasjere oss i saka om bygging av gondol i Kjøsnesfjorden i Jølster. Bakgrunnen er at vi meiner at dette er eit lite berekraftig tiltak, som vil forringe eit unikt turområde. Vi ønsker å bevare dette området urørt for framtida. Vi håpar mange støttar opp om standpunktet vårt. Fint om mange engasjerer seg saman med oss. På tysdag 13.6 skal det vere informasjonsmøte på Skei Hotell kl 19.00. Vi stiller opp der. Håpar fleire gjer det same!

Per Magne Bakke, Brit Siv Fimland, Anne Cecilie Kapstad, Reidar Bakke, Leif Kapstad.

Ved ev kontakt med Toppturar i Sunnfjord er det via Per Magne Bakke, Brit Siv Fimland eller Anne Cecilie Kapstad

Påskestemningen er på plass 😎⛷️
29/03/2023

Påskestemningen er på plass 😎⛷️

Fine forhold for måneskinsturar den siste veka, og påfyll av nysnø til søndagsturen på Olahansfjellet ❄️⛷️ 📸 Brit Siv Fi...
05/02/2023

Fine forhold for måneskinsturar den siste veka, og påfyll av nysnø til søndagsturen på Olahansfjellet ❄️⛷️
📸 Brit Siv Fimland

Tiddelibom. 😄🌨❄️
31/01/2023

Tiddelibom. 😄🌨❄️

Nedbøren natt til torsdag kom som snø i fjellet, og gav heilt nydelege forhold på Olahansfjellet i Dvergsdalsdalen i kve...
13/01/2023

Nedbøren natt til torsdag kom som snø i fjellet, og gav heilt nydelege forhold på Olahansfjellet i Dvergsdalsdalen i kveld 🤩❄️⛷️

Godt nyttår frå Sunnfjord!✨ Fine forhold denne veka. Og endå meir snø kjem i slutten av veke 1! ❄️❄️👌
04/01/2023

Godt nyttår frå Sunnfjord!✨ Fine forhold denne veka. Og endå meir snø kjem i slutten av veke 1! ❄️❄️👌

Fortsatt skisesong i Sunnfjord med litt skibæring, sjølv om vi er godt i gang med juni ⛷️ litt bilder frå turar den sist...
11/06/2022

Fortsatt skisesong i Sunnfjord med litt skibæring, sjølv om vi er godt i gang med juni ⛷️ litt bilder frå turar den siste veka 😎⛷️ Lundeskaret, Sandfjellet, Ålhusdalen og Befringsdalen

Skiglade sunnfjordingar feira nasjonaldagen på ski med flagg og bunad i Jølster Skisenter AS ⛷Forlaget vårt Fri Flyt har...
18/05/2022

Skiglade sunnfjordingar feira nasjonaldagen på ski med flagg og bunad i Jølster Skisenter AS ⛷Forlaget vårt Fri Flyt har laga artikkel om ein av dei flottaste måtane å kunne feire 17. mai på 🇳🇴🥳

30 festkledde skientusiaster møtte opp i Jølster skisenter på 17. mai for å feire nasjonaldagen med ski på beina. – Noe av det vakreste du kan se, sier styreleder Knut Arild Flatjord.

Våren er tida for lange, fine dagar i fjellet 😎⛷️ Forrige søndag tok vi turen til Snønipa i Stardalen, og dagens tur gje...
01/05/2022

Våren er tida for lange, fine dagar i fjellet 😎⛷️ Forrige søndag tok vi turen til Snønipa i Stardalen, og dagens tur gjekk til Grovabreen i Dvergsdalsdalen med nedkøyring til Sægrov 👌
Turbeskrivingar med innteikna ruter og bilete for både desse, og mange fleire turar frå Sunnfjord finn du i boka vår ⛷️

I dag var det fine forhold for ein tur til Skåhammarsegga 😎⛷ Så fint at det vart bonustur oppom Syskardsnipa på gjengen ...
23/04/2022

I dag var det fine forhold for ein tur til Skåhammarsegga 😎⛷ Så fint at det vart bonustur oppom Syskardsnipa på gjengen 😎 Lurt med tidleg start no når sola står på 👌🏼

Adresse

Vassenden I Jølster

Telefon

41530540

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Toppturar i Sunnfjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del