Det gode liv i Vasanello

Det gode liv i Vasanello Gode kvardagar i Vasanello med tankar, undringar og filosofiske betraktningar. Akvarellkurs, mat, vin, sykkelturar og reiser. Utleige av Villapereli.

Velkomen til Det gode liv i Vasanello. Eli Skram Dyblie, aktiv pensjonist i den lille byen Vasanello 1t. nord for Roma. ¼ sunnmøring, ¼ sogning, ¼ Osloborgar og halvt italienar. Italienske dagar med tankar og undringar og filosofiske betraktningar. Kvardagsliv med bilder, turar, kunst, familie. Vasanello og andre landsbyar, mat og vin. Utleige av huset vårt når me sjølv ikkje er her. Akvarellkurs

, arkeologiske turar til etruskarholer og sykkelturar for deg som vil bli bedre kjend med landsbygda i Italia. Min personlege profil: https://www.facebook.com/eli.dyblie?fref=ts

Villapereli, utleige av huset i Vasanello. https://www.facebook.com/groups/119802748059777/?fref=ts

Akvarellkurs, skal oppdateres

28/10/2015

Idag regnar det så då passar det godt å fortsette turen på Sicilia ....
Etter besøket i den lille grottekirka Santa Maria Rocca,bar det vidare oppover dei grønkledde fjellsidene til neste lille by, Castelmola, med ei 1600-talls borg på toppen og ei fantastisk panoramautsikt over havet, byane, fjella og Etna!
Det står at Castelmola er lista som ein av dei sju vakraste byane i Italia! Seks av dei er på Sicilia!
Men endå var vi ikkje nøgde med opplevingar..vi var gode og mette etter ein artig lunsj oppi fjellsidene, så nedover bakkar og stiar og trapper bar det...ned i Gamlebyen i Taormina som og er eit kapittel for seg! Den bær nok preg av at den er ein turistmagnet, men for nokre piazzaer og romantiske små gater og smug og shoppingmuligheter om du vil...
Men no var gatene nesten folketomme for det var midt i siestaen...og utanom turisttida..... heldig for oss!
Vi langa ut, målbevisst som berre nordmenn kan gjere, og Per i kortebukser....! Folk glodde, og Per vart til og med fotografert av ein mann ,medan dei fine damene gjekk i pels! Hugs det var januar sjølv om sola steikte ...!
Men vi nærma oss målet....det fantastiske utendørs Greske Teater i Taormina. Med DEN plasseringa, og ei panoramautsikt som berre tek pusten frå deg! Havet, byen, Etna med snø på toppen. Det er det største antikke teatret på øya, 109 m.i diameter i og vart byggt i 3 og 2-århundre f.Kr. Men vart ombyggt og forstørra 300 år seinare til til veddeløp og gladiatorleikar. Teatret har flott akustikk og vert i våre dagar brukt til teater/opera og konsertar.
Her kunne ein berre drøyme seg bort til fordums tider og tenkje seg ei framsyning her tre hundre år før Kristus med løver og tigrar og gladiatorar..
Glad for at eg ikkje var der då !
Det vart kveld før vi kom attende til det vakre hotellet vårt...så fulle av inntrykk...at vi var samde om at det hadde vore ein av den mest innhalds- og minnerike dagen i vårt samliv !
Bortsett frå bryllupsdagen vår og fødslar av våre kjære tre barn då... :-)
Dagen vart krona med eit nydelig måltid på rest. " Tiramisu " som om det gjekk an å bli meir opptrekte enn vi allerede var :-)

25/10/2015

God søndag kjære vener!
Ja det vart lenge å vente på fortsettelsen av turen vår til Sicilia i januar 2015, men her kjem den:
Som sagt havna vi på dette fantastiske hotellet Excelsior Palace hotel i Taormina. Fekk fint rom med fjell og havutsikt. Og det nydelige været. Frå hovedinngangen såg vi rett opp på Etna ( Europas høgste og mest aktive vulkan, 3340 m) som låg bada i sol og med nysnø på toppen.
Vi måtte ut å gå med ein gong...herlig å kunne gå oppover til fjells ( lite av det her i Vasanello) Det var trapper og stiar oppover i snirklar og svingar og utsikt over byen, havet(Det Joniske hav og Middelhavet )Kjempesvære kaktustre med desse vakre fruktene , sitrontre og appelsintre som dei haustar fire gonger i året... oppover oppover bar det..
Mot Santa Maria Rocca, ei lita vakker kirke inni ei grotte med altertavle og nydelig bilde av Maria. ( liten pause igjen...skype med barnebarna no)

Set på piazzaen no...siste onsdag på lenge...og så er det slutt på dette eine året i Vasanello..Det har vore eit fantast...
29/07/2015

Set på piazzaen no...siste onsdag på lenge...og så er det slutt på dette eine året i Vasanello..
Det har vore eit fantastisk år...kan anbefalast til alle som vil prøve..
Ser på alle bodene, alle barane, dei kvite banda som vert brukte når det er bryllup, det majestetiske slottet, varmen frå alle dei gode folka eg har blitt kjent med, og den andre gode varmen( litt for god iblandt)
Cornetto m. Caffe longo mmm...
Takk for denne gong kjære piazza...ci vediamo in settembre.... ❤️

10/07/2015

Kjære gode lesarar !
No er det visst over ein månad sidan sist eg skreiv....ser ut til at det blir ca.ein gong i mnd.som er passe for meg pr.idag...
Set ute i hagen i over 34 varme grader! Men her under hasselnøtt-treet er det god skugge og det bles ein herlig fønvind ! Og med utsikt rett mot Gamlebyen kan ein ikkje ha betre skrivestad !
Lovde nokon her ein gong at eg skulle skrive om nokre av turane vi har gjort dette året i Italia, og den som dukkar opp som den største og finaste opplevinga er turen vår til Sicilia! For eit eventyr, og endå har vi berre sett ein liten brøkdel av denne vakre og eksotiske øya!
Så her kjem det :
Sicilia 22-31 januar 2015.
Skal vi køyre vår eigen bil og så ta ferge over med bilen eller skal vi ta fly? Det vart det siste og leigebil. Fly frå Fiumicino, Roma til Catania. Flyturen skulle ha teke litt over ein time, men pga.dårlig vær over Catania kunne vi ikkje lande så vi sirkla rundt øya der oppe i nesten ein time. Då vi kom ut låg det store hagl langs vegane.
Men plutselig dukka Etna opp bak oss , med nysnø og knallsol! For eit syn!
Vi leigde bil for ca.ei veke ( hadde ikkje returbill.....litt fridom må ein ha som nyslått pensjonist!)
Så køyrde vi nordover mot Taormina, som Laura, vår gode venn og sjef for Sassolino Risto/Pizzeria hadde anbefalt oss, at der må de være i 3-4 dagar....minst!
Som vanlig hadde vi ikkje best.noko på førehand...tenkte ikkje det var nødvendig på denne tid av året...
Vi kom køyrande nær Gamlebyen, og plutselig oppdaga vi det flotte, rare, fantastiske " Excelsior Palace Hotel " langt og smalt og eksotisk nesten hengande mellom himmel og hav. Stilmessig :litt arabisk, litt gresk, litt romansk, litt middelaldersk og litt marrokansk !
Ein herlig blanding ( eklektisk vil kanskje ein kunsthistorikar sei ?)
4 ☆ og frå 1902. Eg inn i resepsjonen og ledige rom var det, og eg prøvde meg på pruting, uten særlig hell, veldig dårlig på dette, men har lært at det går an særleg utanom sesongen( på hotell) ! Per brukar å sei at eg er heilt ubrukeleg på dette område...når han skal prute blir eg så flau, og til slutt så held eg med selgaren...så eg må halde meg langt unna når slikt foregår....
Beklager men no blir eg oppspist av mygg så reisa til Taormina må fortsette ein annan dag !

Det gode liv i Vasanello er også mange gode minner som dukkar opp herifrå..No set eg nede ved bassenget og reparerer eit...
04/06/2015

Det gode liv i Vasanello er også mange gode minner som dukkar opp herifrå..
No set eg nede ved bassenget og reparerer eit dynetrekk som er ' gått opp i liminga ' . Deilige varme grader ( 26 i skuggen) mezzogiorno (midt på dagen) og gleder meg til belønninga som er eit bad i bassenget ( 20 gr.) Det er nesten ikkje eit vindpust og eg høyrer berre fuglane som kvitrar i dei store eiketrea rundt omkring, og ein og annan traktor som slår graset på jordene bak gjestehuset. Eller eit lite plask i bass.når svalene stuper ned for å ta seg ein slurk eller eit insekt. Og medan eg set her og syr , flyg tankane mine tilbake til ei fin gamal dame som sat og sydde nydelige sirlige sting på terassen vår i gamlehuset i gamlebyen. Det var min kjære Mamma som var på besøk her for 8 år sidan, då var ho 92 år, og Lillegull, mi eldste søster og eg hadde teke henne med for at ho skulle få oppleve vårt kjære paradis då.... CasaPerEli...14 - 25 mai.
Det var ein strabasiøs tur for henne, men ho kvikna til då ho hadde fått kvilt seg ein dag eller to!
Men attende til saumen, ho fekk plutseleg så lyst til ha eit lite arbeid i hendene når vi sat ute på terassen, for ho tykte det var så godt lys der og ho såg så godt! Då hadde ho ikkje teke i eit handarbeid på fleire år heime..... Så gjett om eg klippte opp nokre handdukar som ho kunne sy vaskeklutar av, for det hadde jo ikkje eg....og det må jo ei gamal fin dame ha...( mamma altså)
Mamma hadde teke med eit lite syskrin i presang til meg. Og så hadde ho teke med nokre små stoffstykker, så eit vart det ein nydelig duk av med kornblå markblomster og vakkert mønster, falda opp med verdens finaste små sting.
Men kjære Mamma når du ser ned på meg no er du vel ikkje heilt nøgd med stinga mine.....dei er nok litt for lange atterstinga mine...
Men eg tenkjer du bærer over med meg. ♡
Signe minnet

22/04/2015

Jakta på allergiane !

Ja idag startar den store jakta! På allergiar! Så får vi sjå om det blir noko resultat! Ciao ciao!

07/04/2015

Korleis det heile starta!

I 2004 arva Per og eg litt pengar etter foreldra våre, og då ville vi bruke dei pengane til noko anna enn å bet.rekningar med, eller andre kjedelige ting! Investere litt for framtida, både for oss sjølve, barn og barnebarn.
Vi hadde aldri eigd ei hytte eller ein fritidsbåt ( berre ein fin gamal trebåt m.påhengsmotor ) så vi tenkte at no skal vi jammen kjøpe oss noko i utlandet.
Vi hadde vore mykje på ferie i Spania og Frankrike, og tenkte først på desse landa. Men vi fann ikkje noko vi likte og som var i vår prisklasse.
Men før jul i 2004 skulle Per ynskje god jul til gode vener som hadde kjøpt seg eit lite spesielt hus i Italia, i ein liten middelalderby midt i landet, Vasanello.
Han håpte at alt gjekk fint med dei og at dei trivdes i den lille byen!? Og gjett om dei gjorde! Huset låg innerst i Gamlebyen, Città Storico, og dei var blitt så godt kjende med alle dei skjønne gamle damene som bur der. Og vår gode ven la ut om kor fint dei hadde det.... om dei spesielle små butikkane, barane, Piazzaen, og om det gode, venlege og hjelpsomme folket i byen.
Og ikkje nok med det! Huset vegg i vegg med deira hus var til salgs...og skulle ikkje vi kjøpe oss hus i Italia, i Lazio, i Vasanello, i Gamlebyen???!!!
Oi oi oi ! Ja! Kvifor ikkje? Kanskje det var det vi skulle! Så Per ringde til meglaren og vi kjøpte huset usett! Rett etter nyttår i 2005 kjøpte vi flybillettar nedover for å sjå på kva vi hadde kjøpt! Og vi vart ikkje skuffa! Vi vart heilt bergtekne av dette gamle, litt restaurerte, 3.etg.byhuset. I verdens smalaste gate og med balkong på solsida og vakker utsikt utover ein grøn dal, og finaste solnedgang du kan tenkje deg. Huset er eit av dei eldste i gamlebyen, kanskje frå 11-1200 talet....
Men då vi vakna neste morgon på hotellet der vi budde var det 10 cm.med snø på terassen. Og på kjøkenet der vi skulle ete frokost var det så kaldt at vi måtte kle på oss alle kleda vi hadde i kofferten, og endå be pent om dei kunne fyre i peisen. Og når vi spaserte i dei smale gatene om kvelden og snø og regn og iskald vind piska oss i fjeset! Då hugsar eg at eg tenkte....hjelp!.. kva er det vi har gjort! Kjøpt hus her !? Som er så kaldt! Og eg som trudde vi hadde kjøpt hus i " Syden " !

Søppelregime i Vasanello!Å hjelp! Kva for ein dag er det i dag? Søndag kveld? Og imorgon...mandag..åhh, organisk(Organic...
03/03/2015

Søppelregime i Vasanello!
Å hjelp! Kva for ein dag er det i dag? Søndag kveld? Og imorgon...mandag..åhh, organisk(Organico) då? Nei! Det er tysdag. Mandag er det diverse (Secco/Residuo) brun eller blå bøtte? Rett farge på plastposen? Grå! Rett knute? To knutar! Tysdag, då er det organisk. Men er det her ute ved porten eller er det nede ved vegen? Og er det berre rette plastposar i bøtta,desse mjuke med dette V-tegnet på 100 % Biodegradabile e Compostabile? Og er det berre matrestar? Ellers ligg posane igjen i vegkanten med stor kvit lapp på at dette er feil pose, eller feil innhald eller feil plass eller feil dag eller feil bøtte!!!! Men altså..det ER tysdag og då skal Organico ned til bilvegen. Torsdag og laurdag skal det utanfor porten vår. Og hugs brun bøtte! Og onsdag då er det plast i gjennomsiktig pose i grøn bøtte og glas og metall i blå bøtte. Alltid litt flaut når her har våre nordmenn på besøk. Då blir det mykje tomgods her! Då bråkar og skranglar dei ekstra høgt med flaskene,søppelmennene, tykkjer eg! Ja og så er det fredag då, ein ganske fredeleg dag for søppel for då er det papp og papir(Cartone) Men hugs alt må være flatpakka, nesten som Ikea. Og det må være bitta rundt med snøre!
Forresten er eg ikkje ferdig endå, vår kjære Marit har skreve nederst i høgre hjørnet:" Brun bøtte, organico, settes ned bakken,ved veien og til venstre,altså foran huset til de med hund" sit.slutt. Ja og dette er altså tirsdag og laurdag! Det har de vel fått med dykk ! GOD TYSDAG !
Forresten når eg las det for Per har eg klart å skrive feil dag også, ikkje berre ta feil av dagen! Det er berre torsdag organisk skal utanfor porten, ikkje laurdag.
Og veit de kva eg er glad for? At det ikkje er søppeltømming på søndag! Då er det kviledag.....

02/03/2015

Idag er det heilt tåkete og bomullsaktig over alle vinmarkene, nøttetrea og olivenlundane i vakre, våte Vasanello
Perfekt skrivevær for den som held på å skrive bok.... og ganske bra for den som vil skrive blogg også
(her kjem eit bilde av Per som set ved bordet og skriv....snart..når eg har lært å lagre det ein stad der eg kan hente det..frå mobilen til ipaden)

01/03/2015

Kjem snart med fleire små historier og reisebrev her når eg har lært korleis eg kan legge ut biler, frå mobilen min. Nokon som har tips!

Indirizzo

Vigna Di Mario 27
Vasanello
01030

Telefono

+4745443926

Sito Web

Notifiche

Lasciando la tua email puoi essere il primo a sapere quando Det gode liv i Vasanello pubblica notizie e promozioni. Il tuo indirizzo email non verrà utilizzato per nessun altro scopo e potrai annullare l'iscrizione in qualsiasi momento.

Contatta L'azienda

Invia un messaggio a Det gode liv i Vasanello:

Condividi