Skjerjehamn

Skjerjehamn Hotell- og konferanseresort. Idyllisk, nyrestaurert handelsstad ved porten til Sognefjorden, berre 1,5 time frå Bergen. Uforglemmelig.
(258)

- Fjordaure-safari
- Visningssenter for havbruk
- Blue Garden
- konferanser og møter
- Overnatting
- Konserter
- Lokale matopplevelser
- Galleri
- Restaurant og bar
- Teambuilding
- Bryllup og andre merkedager

05/08/2026

Den tidligere pønkeren Ola er i dag verdensledende i sin bransje. Nils og Ronny møter den usannsynlige milliardæren i havgapet.

Går det an å skape nye næringar og nyvinningar ute i distrikta?Gunnar Stavøstrand er ein velkjend mann for dei som har i...
05/08/2026

Går det an å skape nye næringar og nyvinningar ute i distrikta?

Gunnar Stavøstrand er ein velkjend mann for dei som har interesse for marin og maritim sektor. Han er gründer og oppfinnar, kjend frå oppdrettsnæringa, produktutvikling for båt og skipsfart, og ikkje minst satsinga på elektrisk framdrift for båtar, saman med sonen Leif i selskapet Evoy.

Vi er glade for at Gunnar kjem til Skjerjehamn-konferansen 1. september for å snakke om eit viktig og inspirerande historisk tema, samfunnsbygginga rundt Svanøy Stiftelse. Med utgangspunkt i den ærverdige hovudgarden på øya, vart det frå 1972 og utover skapt eit nærast unikt miljø for gründerskap, forsking og innovasjon. Storkapital, akademikarar og lokalsamfunn jobba skulder ved skulder for å utvikle nye næringar, og på same tid lokalsamfunnet. Vi gler oss til å høyre denne historia frå ein av dei som jobba og levde midt oppi det.

Konferanse med lunsj kr. 1250,- Folkevalde politikarar og media får gratis deltaking. Meld deg på til [email protected]

💍 Drømmer dere om et bryllup ved sjøen?La den store dagen bli helt spesiell på Skjerjehamn , et unikt sted der vakker na...
02/08/2026

💍 Drømmer dere om et bryllup ved sjøen?
La den store dagen bli helt spesiell på Skjerjehamn , et unikt sted der vakker natur møter historie, god mat og personlig service.

Skjerjehamn har eit stort hjarte for dei gamle dampbåtane som trafikkerte kysten i det førre hundreåret. Handelsstaden s...
30/07/2026

Skjerjehamn har eit stort hjarte for dei gamle dampbåtane som trafikkerte kysten i det førre hundreåret. Handelsstaden si historie er knytt tett opp mot aktiviteten til desse båtane, den avgjerande rolla dei spelte for kyst- og fjordbygder, og ikkje minst for handelen og transporten mellom bygd og by.

I morgon 31. juli kjem ærverdige DS Oster innom Skjerjehamn, på ein tur som går mellom Bjørsvik og Dale i Sunnfjord. Og du kan vere med på turen!

Les meir om turen, båten og billettkjøp her https://www.oster.no/seiligsplan

29/07/2026
29/07/2026

Trass i våte tilstandar på årets Utkant, er Jostein Sydnes likevel godt nøgd med festivalen. Allereie 400 billettar til neste års festival har foke av garde.

Mange ynskjer seg eit liv borte frå trafikk og kø. Nokre drøymer seg attende til ei anna tid, då menneska levde tettare ...
28/07/2026

Mange ynskjer seg eit liv borte frå trafikk og kø. Nokre drøymer seg attende til ei anna tid, då menneska levde tettare på naturen og eksistensgrunnlaget. Dei fleste lar det bli med tankeflukta. Men det finst dei som omset tanke til handling. Og som ikkje vel ei lettvint tilnærming. Roar Moe er eit godt døme. I nesten 30 år har han budd på Litle Færøyna i Solund. Der har han gjenskapt den gamle kystkulturen. Han har budd enkelt, og opna eit vindauge mot farne tider for dei som ynskjer å lære om tilværet til fiskarbonden. Gjennom leirskular, kurs og samlingar har han formidla kunnskap om livet på Norskekysten i vår nære fortid.

Som Knut Langeland skreiv i ein reportasje i BT i 2018: «Dei får fiska og sløya, ro og skåta, leika og læra, og kanskje kan dei innimellom lukkast i å setja seg inn i korleis deira eine veke med telt og utedo og innpåsliten knott, ein gong ikkje var eit eksotisk avbrekk frå det verkelege livet. Det var dette som var sjølve livet».

Vi har gleda av å melde at Roar Moe kjem til Skjerjehamn-konferansen 1. september for å dele sine tankar om kva vi kan lære av den historiske kystkulturen. Kom du òg, så får du med deg føredraget « Eit levande liv i distrikta,- korleis kan vi fylle ny vin på gamle flasker?"

Meld deg på konferansen på e-post [email protected]
Konferanse med lunsj kr. 1295,- Folkevalde og media får gratis deltaking.

I 20 år har Roar Moe levd åleine på Litle Færøyna i Solund. No blir det bok om mannen og livet hans på den vesle øya.

27/07/2026

Dette gjekk fort! Earlybird blei revet vekk på 1 minutt! No ligge det ute billettar til vår jubileumspris 2007kr🫶🏼 Løp og kjøp, link i bio🏃🏻‍♀️

27/07/2026

Adresse

Skjerjehamn
Ånneland
5977

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skjerjehamn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Skjerjehamn:

Snarveier

Del