Vetlemyrane Gard

Vetlemyrane Gard På Vetlemyrane i Hardanger kan du bu i Gamlestovo på tunet. Heile året leiges den koselige hytta ut.

Det er meldt godt ver framover. Kva ned eit lunt saueskinn til haustkveldar på terrassen? Vi har no fine sauskinn av far...
20/08/2026

Det er meldt godt ver framover. Kva ned eit lunt saueskinn til haustkveldar på terrassen? Vi har no fine sauskinn av farga spælsau for sal. Sauer og lam har beita i Øystesefjella i området frå Fitjadalen til Søyena og oppunder Fuglafjell. Tekst med lengde og pris på skinna på kvart bilete. Interessert? Ta kontakt med melding her, eller på mobil 95131358.

Endeleg stoppa det å regne. Opphaldsver i går og i dag, så no vart det slått. I tillegg til håslått, tok me fyrste slått...
17/08/2026

Endeleg stoppa det å regne. Opphaldsver i går og i dag, så no vart det slått. I tillegg til håslått, tok me fyrste slåtten på nydyrkingsarealet på massetippen. Vert ein kjekk teig dette, kalla Folamyr frå gamalt av. Her stod Moldhuset, som no er kvilebu i Flatebotnane i Fitjadalen. Før i tida grov dei opp torv på Folamyr og tørka den til brensel i Moldhuset. Huset vart sikkert også nytta til å lagre høy. Frå løa vår og ned til Folamyr har vi laga til beite. Graset gror fint, og ventar berre på at sauene skal kome ned frå fjellet.


19/07/2026

Ikkje beŕre sol, sommar og ferie. Fredag var Even og berga eit lam som stod skårfast høgt over Storeskår. Laurdag kom det melding om dyr i skårfeste bakom Skrivarnuten. I dag la Johannes og Even i veg med klatresele ig tau. Sau og to lam vart løfta opp. Alt vel med alle dyr. Takk til observante fjellfolk som såg dyra og melde frå til oss. Glad for alle dyr vi bergar i fjellet🐑🐑❤️

17/07/2026

Gode, rolege sommardagar på Eivindsete. Oppgradering og vedlikehald av selet, bading i be**en, god mat og avslapping på stølsvollen, magiske, lyse sommarkvelder.

15/06/2026

Kvart år i juni månad hakkar me myrtistel på beita. Dei er toårige, og blømar andre året. Hakkar vi dei, kjem dei ikkje oppattDet vert litt færre tistlar år for år😊.

08/06/2026

Fin tur i fjellet for å sjå til sauer og lam vi sleppte til fjells sist helg🐑🐑

30/05/2026

I går og i dag har små og store hjulpet oss med å hente sauer og lam frå heimebeita for å gjere dei kkare for fjellsending.. I floren har sauene fått bjølle på, alle lamma er vegde, alle har fått medisin mot innvollssnyltere. Så er dei køyrde til Fitjadalen og sleppt til fjells.

No har me slept sau og lam på beitet i Tittaråsen. Velkomen til å ta turen dit. Pass på å lukke grindene etter deg, og h...
21/05/2026

No har me slept sau og lam på beitet i Tittaråsen. Velkomen til å ta turen dit. Pass på å lukke grindene etter deg, og hald hundane i band🐾🐑🐑🌳

05/05/2026

Sauene med dei eldste lamma har vi slept ut på beite, Dei kosar seg ute, men så kom snøen. Om den vert liggande får vi ta dyra inn i kveld.

22/04/2026

Travle dager i fjøset på .gard . Lamming døgnet rundt, og fjøset fylles opp med fine lam, mest kvit og farga spæl, men også NKS, og noen som ikke ligner på noen andre 😊

Adresse

Soldalsvegen 30
Øystese
5610

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vetlemyrane Gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vetlemyrane Gard:

Snarveier

Del