20/03/2026
No byrjar me verkeleg å sjå konturane av heile bygget på Viergo!
(sjå bilder)
Siste del av ringmur og golv i 1 etasje, samt rampen for lasting og lossing i 2. etasje er no endeleg støypt. Me er svært fornøgde med arbeidet VVS Bømlo avd. anlegg har gjort så langt. Det står framleis att noko betong- og grunnarbeid, men dette stoppar ikkje framdrifta på bygget eller dei andre faga.
Steinsbø Hus har no reist siste del av bygget og fått på plass tak over rampen. Dei jobbar svært godt, framdrifta er solid, og me er no sterke i trua på at bygget blir tett til påske 😊
Denne gongen må me òg skryte litt av oss sjølve. Litt før planlagt har me starta ombygginga i den gamle delen. Det som tidlegare var tre kontor og ein gang, blir no den nye kantina. Fryserommet blir flytta inn på sin nye plass måndag, og me har starta med å opna inn mot den nye delen. Vidare skal me gjere klart kjøkken, lager og gangar før me til sommaren flyttar litt på bakaravdelinga og set i gang ei større oppgradering av kafé- og butikkområdet.
Los Elektro er godt i gang med elektroarbeidet, dei er òg involvert i ombygginga i gammal del for tida.
VVS har god kontroll på innvendige røyr, og Solland har no starta med ventilasjonsopplegget.
Me opplever at alle faga samarbeider godt, og me kjenner oss trygge på at prosjektet blir svært bra gjennomført.
Til slutt vil me takka alle kundane våre som kjem innom. Det kan av og til bli litt bråk, litt blinking i lysa og litt trongare på parkeringa, men de er heilt supre og tek det med eit smil.
Tusen takk!
LOS ElektroVVS Bømlo As - Avdeling AnleggVVS BømloBlink Hus SteinsbøSolland