Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter

Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter Olaskjeret er ein liten holme i idylliske Bakkasund i Austevoll. Her finn du hyggelege og famili
(1)

JULESHOW MED ØYVIND RAFTO –Årets julebord på Olaskjeret! 🤩✨I år løftar me julebordsfeiringa til eit heilt nytt nivå i vå...
03/09/2026

JULESHOW MED ØYVIND RAFTO –
Årets julebord på Olaskjeret! 🤩✨

I år løftar me julebordsfeiringa til eit heilt nytt nivå i vår nye storstove, Nothengjo!🤩
Det blir ein uforgløymeleg førjulskveld fylt med magisk julestemning, ein nydeleg tradisjonell julebuffet, og sjølvaste Øyvind Rafto som kveldens underhaldar og konferansier! 🤩 Me avsluttar kvelden med DJ og full fart på dansegolvet💃🕺🎶

Dette er den perfekte kvelden for både bedrifter som vil gje dei tilsette ei skikkeleg feiring, og for private gjengar – enten du vil samle venar, familien eller ta med kjærasten🤎

Billettsalet startar tirsdag kl. 12.00 på heimesida vår og Easyticket.no.
Plassane blir fort fylte opp, så samle gjengen eller kollegaene allereie no og gjer dykk klare til å sikre dykk billettar. Me gler oss til å sjå dykk!🥰

02/08/2026

BRYLLAUP…🤍

Bryllaup er det finaste me er med på, og det er med enorm takknemlegheit me tek imot brudepar på Olaskjeret. Å vere vitne til to menneske som vel å gi kvarandre sitt «ja», og som bestemmer seg for å dele resten av livet saman, er heilt spesielt💍🤍

Me får vere med på heile reisa – frå dei første tankane i planleggingsprosessen til me tek farvel når festen er over. For oss er det ei ære å få vere vertskap gjennom desse førebuingane og sjølve bryllaupsdagen. Det rører oss djupt å få vere ein liten del av historia dykkar🥹

Takk for tilliten, Amalie & Olav Endre. Det har vore ei ære å få feire dagen saman med dykk og å lære dykk å kjenne❤️❤️

23/07/2026

☀️🎶 ALLSONG PÅ OLASKJERET 🎶☀️

Søndag 26. juli rundar me av sommarkaféen, og me ønskjer å takke av med ein skikkeleg allsongfest! Me samlast i nye NOTHENGJO, der me riggar til med langbord, god mat og topp stemning!🤩 Me håpar verkeleg at mange av dykk tek turen til oss denne dagen for å feire avslutninga saman med oss!😍

Program for dagen:
Kl. 12.00–18.00: Sommarkaféen er open – kom og nyt dagen hos oss.
Kl. 16.00: Up River Boys inntar scena! Dei lovar allsongfaktor og god stemning.

Det er gratis inngang, så inviter med deg vener og familie for ein søndag fylt med kos og musikk. La oss avslutte sommaren på best mogleg vis – me gler oss til å sjå deg! ☀️💛

S☀️MMARKAFÉ!Me går inn i den siste veka med sommerkafé😍Opningstidene er onsdag til søndag frå kl. 12.00 til 18.00.Me har...
20/07/2026

S☀️MMARKAFÉ!

Me går inn i den siste veka med sommerkafé😍
Opningstidene er onsdag til søndag frå kl. 12.00 til 18.00.

Me har rikeleg med sitteplassar så du kan nyte deilig mat både ute eller innandørs!😄

Kjem du med eigen båt, kan du legge til ved gjestebryggja vår. Me har også båt som går i shuttle frå North Sea Shipping si bryggje 🛥️
Tur/retur kostar berre kr 50,- per person, og born under 12 år reiser gratis🥰

Velkomen til ei minnerik sommaroppleving☀️🫶

VELKOMEN TIL SOMMARFEST PÅ OLASKJERET!☀️🤩Sola skin, og me gler oss stort til ein heidundrande sommarfest med The Flying ...
18/07/2026

VELKOMEN TIL SOMMARFEST PÅ OLASKJERET!☀️🤩

Sola skin, og me gler oss stort til ein heidundrande sommarfest med The Flying Dancing Kings!☀️😎Det ligg an til ei fantastisk kveld med god mat, god stemming og mykje folk!🤩

For at kvelden skal bli så smidig og hyggeleg som mogleg for alle, har me samla litt praktisk informasjon her:

HA BILLETTANE KLARE🎫
Ved «innsjekk» er det viktig å ha billettane klare for å sikre ein så radig prosess som mulig.

BÅTSKYSS 🛥️
Det er dessverre ikkje høve til å ligge med båt ved gjestebrygga på Olaskjeret av sikkerhetsmessige omsyn.
All båtskyss er organisert og går i shuttle frå North Sea Shipping. For dei som kjem med eigen båt, anbefaler me å legge til ved gjestebrygga til Joker Bakkasund. Om du veiftar med handa der ifrå så kan båten plukke deg opp der på ruta.

BILPARKERING 🚗
Parkering er tilgjengeleg hos North Sea Shipping, og me anbefalar samkjøring for dei som kjem med bil.

MATSERVERING 🍽️
Frå kl. 18.00 til 19.30 tilbyr me:
* bakt potet med kryddersmør, ost, mais, rømme og bacon, kr 250,- 🥔🌽🥓
* rekeskål med nysteikt brød og smør/majones, kr 250,-🦐🍞🧈

KLE DEG ETTER VÆRET ☀️🌬️
Sjekk værmeldinga og ta med deg det du treng for å føle deg komfortabel.

PROGRAM 🎶
DJ André spelar både før og etter konserten. Konserten begynner mellom 20.00-21.00. Konserten vil finne stad i Nothengjo med sittegrupper inne og ute. Det vil også bli tilbydd båtskyss tilbake til Bakkasund frå etter konserten.

Etter konserten fortsett festen med DJ André, og det blir musikk fram til stengetid kl. 01.00. Nattmat vil bli servert frå kl. 23.00🌭🌙

SEA YOU soon! 🫶🤩

Velkomen til Sommarkafé på Olaskjeret!☀️Me serverar Olaskjeret krema fiskesuppe, reker på godt brød, italiensk pizza med...
16/07/2026

Velkomen til Sommarkafé på Olaskjeret!☀️

Me serverar Olaskjeret krema fiskesuppe, reker på godt brød, italiensk pizza med diverse topping og kylling Baboli😋

Kuleis vonar me får fram sommarkjensla🍧😎☀️ Me har også heimelaga eplekake med vaniljeis på menyen🍎

Opningstidene er frå kl 12.00-18.00:
-Onsdag til søndag (15.-19. juli og 22.-26. juli) – de to siste vekene i juli.

Merk deg at sommarkafeen er stengt lørdag 18.juli på grunn av konsert.

Kjem du med eigen båt, kan du legge til ved gjestebryggja vår. Vår eigen båt går i shuttle frå North Sea Shipping si bryggje🛥
Kr 50,- tur/retur pr pers. Born under 12 år er gratis.

Hjarteleg velkomen til Olaskjeret; me gledar oss til sjå deg😍

Velkomen til Sommarkafé på Olaskjeret!⚓️🤎No byrjar me med andre veka med sommerkafe og me ser fram til å ta i mot liten ...
15/07/2026

Velkomen til Sommarkafé på Olaskjeret!⚓️🤎

No byrjar me med andre veka med sommerkafe og me ser fram til å ta i mot liten og stor😍

Opningstidene er frå kl 12.00-18.00:
-Onsdag til søndag (15.-19. juli og 22.-26. juli) – de to siste vekene i juli.

Merk deg at sommarkafeen er stengt lørdag 18.juli på grunn av konsert.

Kjem du med eigen båt, kan du legge til ved gjestebryggja vår. Vår eigen båt går i shuttle frå North Sea Shipping si bryggje🛥
Kr 50,- tur/retur pr pers. Born under 12 år er gratis.

Grupper på over 10 personar rår me til å gje ein lyd i forkant at ein kjem:)

Ta kontakt med oss på 92653369 eller 90192826, eller e-post [email protected]

Me håpar å sjå deg!🤎Spre gjerne ordet til vennar og familie! 🫶

13/07/2026

ÅRETS S☀️MMARFEST PÅ OLASKJERET!

Wow kor me gleda oss til årets SOMMARFEST på laurdag 18.juli, med Bergens heftigaste partyband, THE FLYING DANCING KINGS!!!🤩

Sikre deg din billett no på hjemmesida vår og bli en del av denne festkvelden! 💃🕺🪩

Me sjåast!👋🏼🤩

SOMMARKONSERT, lørdag 18. juli 2026 | Olaskjeret🤩

🎤

Adresse

Bahus 29
Bakkasund
5385

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter:

Snarveier

Del