Kviknes Hotel

Kviknes Hotel Information and booking: http://www.kviknes.no
(1119)

Frå fjelltopp til språkshow ⛰️✨Kva med ei hausthelg fylt med fjelluft, spektakulær utsikt og språkglede i Balestrand?Lau...
21/08/2026

Frå fjelltopp til språkshow ⛰️✨

Kva med ei hausthelg fylt med fjelluft, spektakulær utsikt og språkglede i Balestrand?
Laurdag 3. oktober kjem Linda Eide til Balestrand Hotel med språkshow kl. 21.00. Same helg inviterer me på Kviknes Hotel til guida fjellturar til både Keipen og Raudmelen.

Nyt ein dag i fjellet, ein betre middag og ei god natt hjå oss – og avslutt kvelden med humor og språkglede med Linda Eide på Balestrand Hotell.

🎟️ Billettane til showet går unna, så her løner det seg å vere tidleg ute!

Velkomen til ei helg med høge toppar og skarpe ord!

Les meir og bestill her: https://www.kviknes.no/aktuelt/fraa-fjelltopp-til-spraakshow

Finn Tokvam kjem til Kviknes Hotel laurdag 24. oktoberBli med på ein kveld fylt med humor, musikk og gode historier når ...
18/08/2026

Finn Tokvam kjem til Kviknes Hotel laurdag 24. oktober

Bli med på ein kveld fylt med humor, musikk og gode historier når Finn Tokvam kjem til Kviknes Hotel med showet Velkomen. 🎭✨

Kvifor ikkje gjere det til ei opplevingshelg? Kombiner showet med ein betre middag, ei god natts søvn og vakre omgjevnader ved Sognefjorden.

🎟️ Sikre deg billett og les meir om arrangementet på nettsida vår. Me ønskjer deg velkomen!

Balestrand TrailRun – frå fjord til fjell 🏃⛰️5.september er det klart for Balestrand TrailRun – ei løpsoppleving gjennom...
17/08/2026

Balestrand TrailRun – frå fjord til fjell 🏃⛰️

5.september er det klart for Balestrand TrailRun – ei løpsoppleving gjennom storslått vestlandsnatur, med Sognefjorden som kulisse.

Som deltakar får du rabattert pris på overnatting hjå oss på Kviknes Hotel. Start løpsdagen uthvilt etter ei god natt og frukost hjå oss, og kom tilbake etter målgang til fjordutsikt, ein betre middag og ei komfortabel seng.

Ta med familie eller vener og gjer løpet til ei heil helg med fjord, fjell og gode opplevingar i Balestrand.

👉 Les meir og bestill overnatting til deltakarpris.
https://www.kviknes.no/aktuelt/balestrand-trailrun-fraa-fjord-til-fjell

📷 Bilete: Balestrand Trail Run

Bli med og opplev den perfekte kombinasjonen av fjord, fjell og historisk hotellkomfort. 🏔️✨Frå Kviknes Hotel har du nok...
05/08/2026

Bli med og opplev den perfekte kombinasjonen av fjord, fjell og historisk hotellkomfort. 🏔️✨

Frå Kviknes Hotel har du nokre av dei flottaste fjellturane i Balestrand rett utanfor døra. Etter ein dag med spektakulære utsikter ventar rolege omgjevnader, god mat og ei god seng ved Sognefjorden.

Oppdag korleis du kan kombinere storslåtte fjellturar med avslappande hotelliv ved Sognefjorden. Me deler våre beste turtips og viser kvifor Kviknes Hotel er den perfekte basen for ditt neste fjelleventyr.

👉 Les meir og planlegg ditt neste opphald: https://www.kviknes.no/innlegg-til-godkjenning/opplev-den-perfekte-kombinasjonen-av-fjord-fjell-og-hotellkomfort

Rom med fjordutsikt? 🌊✨ Det er det mange av gjestane våre som ønskjer seg - og med god grunn! Den vakre og majestetiske ...
03/08/2026

Rom med fjordutsikt? 🌊✨ Det er det mange av gjestane våre som ønskjer seg - og med god grunn! Den vakre og majestetiske Sognefjorden ligg rett utanfor hotellet og set ei unik ramme for opphaldet ditt.

🔗 Booking her: https://www.kviknes.no/

Smaken av sommar på Kviknes Hotel 🦐 Eit saftig rekesmørbrød, noko godt i glaset og frisk fjordluft i sommarvarmen – alt ...
31/07/2026

Smaken av sommar på Kviknes Hotel 🦐 Eit saftig rekesmørbrød, noko godt i glaset og frisk fjordluft i sommarvarmen – alt dette ventar på deg i Balholm Bar☀️

Du er velkomen inn, om du er gjest ved hotellet eller berre vil unne deg eit betre måltid mens du nyt dagen 🌿

Balholm Bar er open kvar dag kl 12.00 - 23.00, med matservering kl 13.00 - 21.00 ✨ Velkomen!

📸: De Historiske - Hotel og Spisesteder

Oppdag Kviknes Hotel si imponerande kunstsamling i sommar 🎨☀️ Gjennom fire generasjonar har familien Kvikne samla verk f...
28/07/2026

Oppdag Kviknes Hotel si imponerande kunstsamling i sommar 🎨☀️ Gjennom fire generasjonar har familien Kvikne samla verk frå mellom anna Hans Gude og Hans Dahl – nasjonalromantikarar med hjarte for fjord og fjell.

I Høyvik-salen kan du oppleve utskjeringar og detaljar som tek pusten frå deg. Eit meisterverk i seg sjølv, skapt av treskjerar Ivar Høyvik.

📱 Utforsk samlinga digitalt: artguide.kviknes.no
🗝Bestill eit opphald på kviknes.no

Ta fjordvegen frå Bergen til Balestrand 🌊 Frå bypuls til fjordro på berre fire timar!Med Norled sin hurtigbåt frå Bergen...
26/07/2026

Ta fjordvegen frå Bergen til Balestrand 🌊 Frå bypuls til fjordro på berre fire timar!

Med Norled sin hurtigbåt frå Bergen går turen rett inn i hjartet av Sogn. Frå dekk breier fjordlandskapet seg ut, ramma inn av mektige fjell. Ei oppleving i seg sjølv – anten du reiser åleine, med vener eller kollegaer 🌊

Når båten legg til kai, står Kviknes Hotel klart til å ta imot, med historiske omgjevnader, moderne fasilitetar og gjestfridom ved fjorden 🌿✨

Bestill ditt opphald her: https://www.kviknes.no/

Utforsk Balestrand frå sykkelsetet 🚴🏼‍♂️ Frå Kviknes Hotel er det kort veg til nye opplevingar - kva med å utforske bygd...
23/07/2026

Utforsk Balestrand frå sykkelsetet 🚴🏼‍♂️ Frå Kviknes Hotel er det kort veg til nye opplevingar - kva med å utforske bygda og fjordlandskapet på to hjul i sommar?

Balestrand Fjord Angling har alt du treng for å leggje ut på tur og oppdage stille viker og små, skjulte perler 🚲 De leiger ut både vanleg sykkel, el-sykkel og lastesykkel, så her ligg alt til rette.

Start sykkelopplevinga di her hos oss ☀️ Sjåast me i Balestrand i sommar?

📷: https://balestrandfjordangling.com/

St. Olaf’s Church – ei historisk perle ved fjorden ⛪️ Ei av inspirasjonskjeldene då Disney skapte universet i «Frost» ❄️...
20/07/2026

St. Olaf’s Church – ei historisk perle ved fjorden ⛪️ Ei av inspirasjonskjeldene då Disney skapte universet i «Frost» ❄️

Rett ved Kviknes Hotel ligg St. Olaf’s Church, eller engelskkyrkja, bygd i 1897 etter ønske frå Margaret Green Kvikne, ei engelsk kvinne som fann vegen til Balestrand og blei verande 🇬🇧

Kyrkja vart reist i hennar minne av ektemannen Knut, og står framleis som eit symbol på kjærleik og dei t***e banda mellom Balestrand og Storbritannia.

Om sommaren er her gudstenester med engelske prestar som bur på Kviknes Hotel, og kyrkja vert driven av gåver frå reisande som let seg røre av historia 🗝️

📸: De Historiske - Hotel og Spisesteder

Adresse

Kviknevegen 8
Balestrand
6899

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kviknes Hotel legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kviknes Hotel:

Snarveier

Del

Type