Kong Beles veg 16-18

Kong Beles veg 16-18 Denne eigedomen vart opprinneleg reist som Hotel Balestrand i 1892. No er det eit bustadhus med 6 bueiningar. Huset ligg midt i sentrum av Balestrand. I 1. Den 1.

Føremålet med denne sida er å samle litt av historia til eigedomen, og samstundes informere ålmenta om kva som skjer med bygget akkurat no. Har du gamle bilete, eller om du har noko å dele eller fortelje om denne unike eigedomen med den rike historia, er du velkomen til å dele det med oss på denne sida! Der "Gamlebanken" ligg i dag, har det vore gamal handelsstad i Balestrand. Frå gamalt av skal v

isstnok staden ha hatt namnet Holmavollen. Ungdomen hadde Jonsokdans der. I åra 1859 til 1889 hadde handelsstaden ulike eigarar, men i 1889 kjøpte Nils Johannesson Rendedal frå Vetlefjorden eigedomen. Nils hadde hotellplanar og bygde dette flotte anlegget i 1892. Kona hadde vore i hotellære i Bergen. Staden fekk namnet Hotel Balestrand, og var ein vakker stad med god service. Ein engelskmann som heitte H.J. Goodman fekk oppleve at Nils dansa springdans for han. Han var imponert over nordmenn sine dugleikar på dansegolvet. Grunnen var i fylgje Goodman at "om Vinteren er på mange Steder Dans deres eneste Fornøielse." Dette vakre anlegget vart ombygd og sjøbua rive like etter krigen. I 1892 hadde huset ei heilt anna utforming enn no, men vart diverre rasert i ei ombygging midt på 1950-talet. Då vart den eine fløya fjerna, samt at 3. etasje vart fjerna og det vart lagt nytt tak. Opp gjennom tida har det vore mange slags aktivitetar i huset. Her har det vore alt frå slaktar til frisør, telegrafstasjon, skulekontor og bank. Huset vert framleis kalla for "Gamlebanken" på folkemunne i bygda. No er det 6 bueiningar i huset, huseigar bur i 16A og dei fem andre er utleigde. I 2007 vart eigedomen seld av Balestrand Rådhus AS til Lin Åm Fuglestad og Ole Fuglestad. Det vart sett i gang eit større rehabiliteringsprosjekt. etasje hadde heimesjukepleien hatt tilhald før overtakinga. Desse kontorlokala vart no omgjort til 2 bueiningar, 16A og 18A. Her vart alt rive heilt ned til bjelkelaget, og nye leilegheiter bygd opp med gjennomgåande høg standard. juli 2010 kunne ein ny leigetakar flytte inn i den nyrenoverte leilegheita 16B i 2. etasje. september 2012 kunne me presentere ein heilt ny leilegheit i 2. etasje, 18B. Og den 8. november 2013 kunne me endeleg overrekke 18C til ein ny leigetakar. Dette er ei lita leilegheit, men er likevel fullt funksjonell med kjøken, bad, stove og sovehems. No er det altså to bueiningar i 1. etasje og 4 bueiningar i 2. Det neste prosjektet som skal gjennomførast på eigedomen er å fullføre bygginga av nye balkongar på oppsida av huset, nær vegen. Balkongane vil kome til nytte og glede for leigetakarane i 16B og i 18B. Under balkongen til 18B vil det bli utviding av gang og soverom til leilegheita 16A.

No har me kome eit godt stykke vidare! Størstedelen av veggen har fått ny isolasjon og gips. Me vil halde fram i slutten...
14/07/2021

No har me kome eit godt stykke vidare! Størstedelen av veggen har fått ny isolasjon og gips. Me vil halde fram i slutten av juli. Neste trinn vert då ny kledning. Og om nokon vil hjelpa meg med isolering og gipsing, så vert eg særs takksam. Me gler oss til å verta ferdig!

Då var me endeleg i gang med rehabilitering av ytterveggen mot aust. Gammal kledning og isolasjon skal vekk. Så skal me ...
04/06/2021

Då var me endeleg i gang med rehabilitering av ytterveggen mot aust. Gammal kledning og isolasjon skal vekk. Så skal me opp med ny isolasjon, gips og kledning!

Eg er aleine om jobben, og har lite med tid og ressursar. Så om nokon i bygda har lyst til å gje meg ei hand, så blir eg særs glad for all hjelp eg kan få!

Me har gjort fleire brannsikringstiltak i dag. Ny brannslangetrommel er montert i kjellaren. Takk til Buene Røyrservice ...
27/08/2019

Me har gjort fleire brannsikringstiltak i dag. Ny brannslangetrommel er montert i kjellaren. Takk til Buene Røyrservice AS for hjelpa!

Denne leiligheita vert ledig frå 1. juli. Ta kontakt om du er interessert i å koma på vising.
10/05/2019

Denne leiligheita vert ledig frå 1. juli. Ta kontakt om du er interessert i å koma på vising.

Endeleg har me fått lys i den nye stova til 16c!
01/12/2016

Endeleg har me fått lys i den nye stova til 16c!

Her er video og bilete som viser kor langt eg har kome med prosjektet ny leiligheit 16C. Alt er ferdig gipsa og me er go...
05/10/2016

Her er video og bilete som viser kor langt eg har kome med prosjektet ny leiligheit 16C. Alt er ferdig gipsa og me er godt i gang med sparkling. Ventar berre på malar nå.

Her er kjem ei oppdatering med nye bilete som syner framdrifta med arbeidet på den nye leiligheita 16C. No er det snart ...
27/07/2016

Her er kjem ei oppdatering med nye bilete som syner framdrifta med arbeidet på den nye leiligheita 16C. No er det snart klar til gipsing. Elektrikar er godt i gang!

Her kan de sjå litt av kva eg har fått gjort denne frituren. Her er bilete frå eg kom heim tidleg i mai og fram til i da...
31/05/2016

Her kan de sjå litt av kva eg har fått gjort denne frituren. Her er bilete frå eg kom heim tidleg i mai og fram til i dag. Det gamle etasjeskillet til loftet er no vekk, og eit nytt etasjeskille til 2. etasje er på plass.

Adresse

Kong Beles Veg 16-18
Balestrand
6899

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kong Beles veg 16-18 legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kong Beles veg 16-18:

Del