Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS er ei arkivverksemd, som er eigd av 24 kommunar i det som dekker tidlegere Hordaland i noverande Vestland fylke.

Denne facebooksida vert drifta av dei tilsette ved Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS og er open for alle. Vær derfor merksam på at det du skriv på sida kan lesast av alle. Innlegg som er injurierande eller går utover personvernet vil bli fjerna. Vi driv ikkje sakshandsaming på Facebook. Dersom du ønskjer opplysningar frå arkiva ber vi at du tek kontakt på telefon eller e-post.

Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar! 😀 Vi har no ei fast stilling som rådgjevar og kommunekontakt og vi ser e...
10/03/2026

Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar! 😀

Vi har no ei fast stilling som rådgjevar og kommunekontakt og vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og har interesse for arkiv og dokumentasjonsforvalting.

Som rådgjevar hos oss får du arbeide tett med kommunane våre og bidra til god arkivforvalting, trygg dokumentasjon og utvikling av fagfeltet. Stillinga gir rom for både fagleg og personleg utvikling, og du blir ein del av eit inkluderande miljø med høg kompetanse og stort engasjement.

Søk stillinga her:

Stillingstittel: Rådgjevar / spesialkonsulent – 100% fast stilling. (295134), Arbeidsgivar: Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS, Søknadsfrist: søndag 5. april 2026

Vi ynskjer alle vener, eigarar, samarbeidspartnarar og alle andre som er innom oss ei fredfull og god jul. 🎄🎄Frå 1. janu...
23/12/2025

Vi ynskjer alle vener, eigarar, samarbeidspartnarar og alle andre som er innom oss ei fredfull og god jul. 🎄🎄

Frå 1. januar 2026 får vi ny arkivlov, ny arkivforskrift og ny bevaringsforskrift. Vi håpar det nye lovverket vil gje endå betre rammer for å ta vare på og formidle arkiva i Vestland.

Ny arkivforskrift er kunngjord og trer i kraft frå 1. januar 2026.Her finn du ei oversikt over nokre av endringane 👇
19/12/2025

Ny arkivforskrift er kunngjord og trer i kraft frå 1. januar 2026.
Her finn du ei oversikt over nokre av endringane 👇

Kultur og likestillingsdepartementet har kunngjort ny forskrift om dokumentasjon og arkiv (arkivforskriften), som trer i kraft 1. januar 2026, samtidig med ny arkivlov.

Førjulsgåve frå Bergen byarkiv 🎁No kan du bla deg gjennom den politiske historia til Bergen by heimefrå! Alle bystyrepro...
16/12/2025

Førjulsgåve frå Bergen byarkiv 🎁

No kan du bla deg gjennom den politiske historia til Bergen by heimefrå! Alle bystyreprotokollar frå 1837 og fram til i dag er skanna og registrert på ein slik måte at du kan søkje fram kvar einaste sak. Det inkluderer 21 600 politiske saker, kart og reguleringsplanar frå heile kommunen.

Byarkivet har brukt KI til å lage register og knyte kvar sak til rett side i dei skanna protokollane. Eit godt døme på korleis arkivfag og teknologi kan spele på lag.

Vi let oss inspirere 👏👏👏

Som første kommune i landet, lanserer Bergen nå en unik digital tjeneste som gjør bystyreprotokoller fra og med 1837 tilgjengelige og søkbare for alle.

Hausten 2025 har vore prega av høyringsarbeid. IKA Hordaland har sendt inn høyringsfråsegner til forslag om ny arkivfors...
05/12/2025

Hausten 2025 har vore prega av høyringsarbeid. IKA Hordaland har sendt inn høyringsfråsegner til forslag om ny arkivforskrift frå Kultur- og likestillingsdepartementet og ny bevaringsforskrift frå Riksarkivaren.

Saman med ny arkivlov frå 1. januar 2026 utgjer desse forskriftene kjernen i det nye regelverket for kommunal dokumentasjonsforvalting. I innspela våre har vi særleg vektlagt betre bevaring og auka dokumentfangst, og behovet for enkle standardar som sikrar kvalitet og etterprøvbarheit. Vi har også peikt på potensialet for nasjonale fellesløysingar og meir samordna praksis på tvers av kommunar.

Høyringsfråsegnene ligg på nettsidene våre.

Hausten 2025 har Kultur- og likestillingsdepartementet sendt ut forslag til ny arkivforskrift på høyring. Det same har Riksarkivaren gjort med ny bevaringsforskrift. Vi har sendt inn høyringsfråsegn til dei nye forskriftene på vegne av våre

Dei kommunale arkiva er fulle av spor etter den norske utvandringa til Amerika. Særleg frå dei store utvandringsbølgjene...
03/12/2025

Dei kommunale arkiva er fulle av spor etter den norske utvandringa til Amerika. Særleg frå dei store utvandringsbølgjene på 1800-talet og tidleg 1900-tal finst det mange spennande forteljingar.

I samband med 200-årsjubileet for den første organiserte utvandringa har vi sett nærare på protokollane etter fattigstyret i Eidfjord. Der kan vi avsløre at kommunane og fattigstyra spela ei meir aktiv rolle enn mange kanskje trur.

👉 Les meir i lenka under.

Den 27. mai 1881 tok Marita og Kristofer sine fyrste steg om bord på ‘feeder’-skipet S/S Domino i Bergen. S/S Domino høyrde til den britiske skipsreiaren Wilson Line og skulle ta dei over Nordsjøen til Hull, England. I Noreg opererte agentar på vegne av

Fekk du med deg debatten om Hans Dahl, «solskinnsmålaren» frå Granvin, og utstillinga på Blaafarveverket? 🎨NRK sin anmel...
01/09/2025

Fekk du med deg debatten om Hans Dahl, «solskinnsmålaren» frå Granvin, og utstillinga på Blaafarveverket? 🎨

NRK sin anmelder kalla kunsten hans postkortklisjear og budeiekitsch: https://www.nrk.no/anmeldelser/anmeldelse_-_solskinnsmaleren-hans-dahl_-ved-blaafarvevaerket-1.17526392

Om du er nysgjerrig, kan du sjå to bilete av Dahl som vi har skanna og publisert på Digitalarkivet. Eitt av dei er ei teikning frå restaureringa av Voss kyrkje i 1873: https://media.digitalarkivet.no/view/232940/2

Kva tenkjer du? Er dette kitsch eller kulturarv?

Full produksjon for Austevoll!I starten av mai sette vi i gang full produksjon med skanning av byggesaksarkiv for Austev...
17/06/2025

Full produksjon for Austevoll!
I starten av mai sette vi i gang full produksjon med skanning av byggesaksarkiv for Austevoll kommune – eit nytt og spennande prosjekt både for oss og kommunen.

Vi har kome godt i gang, lært mykje allereie, og ser fram til dei positive endringane dette vil gi: Når arkiva blir digitalt tilgjengelege, kan sakshandsaminga gå raskare, og innbyggjarane få informasjon om eigedomane sine mykje fortare. Vinn–vinn for både kommunen og innbyggjarane!

Prosjektet er planlagt å gå over fire år, og vi er stolte og takksame for at Austevoll kommune har vist oss tillit til å gjennomføre dette arbeidet. Det markerte vi med ei lita helsing – sjølvsagt kjøpt lokalt i Austevoll💐

04/06/2025

Arkivdagen 2025 nærmar seg.

Onsdag 11. juni kl. 18–20 inviterer vi til kveldsarrangement ved Statsarkivet i Bergen - Årstadveien 22.

Temaet er utvandring og innvandring, og rådgjevar Lars Fivelstad Smaaberg hjå oss held innlegg om fattigunderstøtta sine reiser til Amerika. 🇳🇴🇺🇸

I tillegg blir det innlegg frå Slekt og Data Hordaland, Vestnorsk utvandringssenter og Arkivverket.

Her kan du lese meir: https://ikah.no/arkivdagen-2025.6704553-537701.html

Arrangementet er gratis og ope for alle.😃

27/05/2025

I samband med den kommande internasjonale arkivdagen 🥳 har International Council on Archives delt denne videoen som rådgjevaren vår, Lars, har laga – ein smakebit på korleis ein arbeidsdag hjå oss kan sjå ut! 💪🏼

👋 I år har vi igjen gleda av å ta imot ein praksisstudent frå Universitetet i Bergen!Aimar Steen, historiestudent, er i ...
25/04/2025

👋 I år har vi igjen gleda av å ta imot ein praksisstudent frå Universitetet i Bergen!

Aimar Steen, historiestudent, er i praksis hos oss denne våren. På nettsida vår har han delt nokre tankar om korleis det er å vere praksisstudent hos Interkommunalt arkiv i Hordaland.

Vi set stor pris på samarbeidet med UiB, og håpar erfaringa gir både fagleg utbyte og innsikt i arkivsektoren!

De siste årene har Universitetet i Bergen (UiB) og flere arbeidsplasser deltatt i AHKR201, også kalt Praksis i arbeidslivet. Dette emnet gir studenter muligheten til å ha praksis i fagrelevante arbeidsfelt. Praksisen omfatter 200 timer hos en bedrift

Adresse

Kalfarveien 82
Bergen
5022

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:30
Tirsdag 09:00 - 14:30
Onsdag 09:00 - 14:30
Torsdag 09:00 - 14:30
Fredag 09:00 - 14:30

Telefon

55306090

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS:

Del