29/05/2026
Me hyller initiativet til Bryne-podkasten Edder&Galle i anledning Fotballfredag, og hiver inn 2 premier frå Bondehæren:
2x Skjerf + Valgfri Bondehæren-genser
Støtt opp om det gode arbeidet til Barnekreftforeningen og dette fine initiativet til Edder&Galle!🙌🏻
Vi i Edder & Galle ønskjer å auke bidraga til Barnekreftforeininga på FotballtrøyeFredag 💛⚽.
Med god hjelp frå næringslivet i Bryne sentrum og andre flotte samarbeidspartnarar har vi fått på plass ei rekkje premiar som vi ønskjer å lodde ut. Eitt lodd kostar 10 kroner, og heile beløpet går direkte til Barnekreftforeininga.
Det er berre å vippsa i veg, så trekkjer vi heldige vinnarar i løpet av helga! Vipps til: 907 70 262
Tusen takk til alle som har bidrege med premiar. For ein fantastisk gjeng de er ❤️💪.
Dette kan du vinna på FotballtrøyeFredag:
- Vask, klipp og styling frå EsterRoyal
- To billettar til Postgirobygget 12. juni frå Nærbø IL
- Gåvekort på dekkhotell frå Dekstra Bryne
- Gåvekort på 444 kr på M44 frå Skogly Investering
- 2 stk Platinum Ekstra bilvask frå Esso Bryne
- Gåve frå Bohus Bryne
- To kinobillettar frå Filmweb
- To billettar til Britt-Synnøve Johansen på Storstova
- To billettar til Herborg Kråkevik på Storstova
- To billettar til Per Henrik Stenstrøm på Storstova
- Valgfri «Bondehæren» genser og skjerf x 2