Så langt ut i Vest som det bur folk i dette landet.Her er vi. ;-) Nordre Gjelsa, 6987 Bulandet. Pernillestø: Nordsjøvegen 975, og Andreasbua; Fedøyvegen 7B. Lyse og trivelege bueiningar for overnatting i Bulandet, ytterste øyande i Askvoll, Sogn og Fjordane (Vestland). 6 einingar fordelt på 3 bygg, totalt 26 sengeplasser +4. Sjå http://www.bulandsferie.no
Bulandsferie vart starta i 1989, og sida
n då har fleire tusen menneske fått mogelegheit til å komme ut hit og nyte denne perla i havet. Her ute kan du verkelig sjå stjernene. Her er ingen konkurrerande lys om natta. Og stilla har sin eigen måte å få oss til å undrast.. Vi vil at flest mogeleg skal få sjansen til å komme seg hit ut - og oppdage øylandet i vesterveg. Mange har sigla hit opp gjennom århundra, men mange har det enno til gode. ;-) Når du kjem, håpar vi du vil kunne både sjå og forstå kvifor folk har klora seg fast her ute gjennom allle tider - men mest av alt håpar vi du kan ta med deg ein spesiell skatt heim. Ein skatt som kun finnast i små, halvvegs bortgøymde stader langs vår ytterste kyst. Vi ynskjer deg Velkommen !! "Langt ut i vest der havet storfælt bryt, der ser du mange øyar opp seg skyt. Og om du tel dei vil du få til svar, at talet er som året dagar har. Om desse øyar er eit løynleg band. Dei samlar seg i namnet Bueland. - vi elskar kvar ein holme, kvar ei øy. Her vil vi leva og her vil vi døy." (utdrag frå Bulandssongen.)