30/06/2026
Det er eit voldsomt trøkk på tennisbanen for tida. Det synst vi i tennisgruppa er heilt rått! Vi satsar på at aktiviteten held seg oppe gjennom sommaren😎🎾💪
Tennisgruppa tek aldri heilt ferie frå tennis, men vi rekk ikkje oppom banen like ofte gjennom fellesferien. Vi oppfordrar derfor alle til å vere ekstra flinke til å koste banen, rydde etter seg og vere greie med kvarandre i sommar❤️
Til slutt, det er sjølvsagt røyking forbudt på tennisbanen. Skilt kjem🚭
God sommar til alle tennisspelarar og potensielle tennisspelarar☀️