11/06/2025
Ny sentrumplan for Førde:
392 INNBYGGARINNSPEL under AVSPARK 7. mai 2024.
I samband med AVSPARK-arrangementet på Larris i fjor, så vart det gjennomført ei digital undersøking, i form av ei SWOT-analyse. Ei slik analyse tek for seg interne faktorar i form av styrkar og svakheiter, og eksterne faktorar i form av moglegheiter og trugslar.
Innspela dannar eit bilete av korleis vi i fellesskap ser på Førde sentrum i dag. Og dei oppsummerar på mange måtar kva vi i Sunnfjord kommune har å jobbe vidare med når vi skal utarbeide ein ny sentrumsplan for Førde.
Det er ikkje naudsynt å finne opp hjulet på nytt.
Der er konkrete problemstilingar og konkrete moglegheiter.
Vi må ha eit godt samarbeid. Då er det avgjerande, som Sunnfjord kommune skriv i sitt eige planprogram:
"Ein sentrumsplan skal bygge visjon om ein betre by. Foreslå fysiske tiltak som er viktig på lang sikt og tiltak som raskt kan la seg realisere. Som fundament ligg målet om ei berekraftig utvikling. Grunneigarar og private næringsaktørar i Førde sentrum har sidan starten av 70-talet spelt ei viktig rolle i den rivande utviklinga som Førde har opplevd fram til no. Eit sentralt tema for den nye sentrumsplanen vil vere kva type grunneigarsamarbeid som vil vere gunstig for vidare utviklinga av sentrum.
Administrasjonen i Sunnfjord kommune har behov for klare styringsverktøy med sikte på å oppnå ei god byutvikling. Næringslivet ønskjer ofte fleksibilitet men også klare føringar for å utvikle sine eigedomar. For eigedomsutviklarar er det behov for at planar og eventuelle krav til bidrag i fellesanlegg i byen, er føreseieleg.
Prosessen med å etablere samarbeid er viktig og tidkrevjande, og tillit mellom partane er avgjerande for å handtere interessekonfliktar. Det krev stram regi, breitt eigarskap til planar og gjennomføringskraft. Difor legg vi opp til ein inkluderande
prosess med brei involvering."
Følg sentrumsplanprosessen her:
https://sunnfjord.kommune.no/.../komm.../sentrumsplan-forde/
Og kom innom neste ByLab - Framtidsverkstad om Storehagen - som vert arrangert på Storebrua på Alti / "Skywalken", kommande laurdag, 14. juni, kl. 12-15.
Dette er eit lågterskel drop-in tilbod for dei som ønskjer å ta del i prosessen, og komme med innspel til korleis vi kan utvikle Storehagen vidare, når Firda Billag etterkvart flyttar mykje av den plasskrevande aktiviteten sin ut av sentrum.
Vi håpar på stort engasjement, konstruktiv kritikk og kollektiv undring kring sentrumsutviklinga vidare i Førde!
https://sunnfjord.kommune.no/aktuelt-fra-kommunen/bli-med-pa-framtidsverkstad-for-storehagen.34804.aspx