Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane

  • Hjem
  • Norge
  • Førde
  • Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane

Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane, Firdavegen 6, Førde.

04/06/2026

 

04/06/2026

Lene Grande skal sørge for at skulelei ungdom får ein skreddarsydd veg gjennom skuleløpet.

OKHM tok turen til Høyanger for å gratulere Alia med bestått fagprøve og som ny fagarbeidar i ernæringskokkfaget! 👏🌟Våre...
03/06/2026

OKHM tok turen til Høyanger for å gratulere Alia med bestått fagprøve og som ny fagarbeidar i ernæringskokkfaget! 👏🌟

Våren er fagprøvetid, og det er ekstra kjekt å sjå kva hardt arbeid, innsats og vilje kan føre til. Alia har vore arbeidsvillig, flink og målretta – og det har vore kjekt å få følgje ho på vegen mot fagbrev.

Ein stor takk også til dyktig fagleg leiar Inger Lise Lunde Husetuft og instruktør ved Sentralkjøkkenet i Høyanger Kommune som bidreg til god opplæring og utvikling av nye fagarbeidarar.

Vi treng fleire kokkar – og akkurat no er det ledig læreplass! Kanskje dette er noko for deg eller nokon du kjenner? 👨‍🍳👩‍🍳

Søk her: https://fagbrev.io/login

Gratulerer så mykje, Alia – vel fortent! I natt kan du sove godt🌻🌻🌻

🌼 Vi vil gratulere dyktige Kristense som har bestått fagprøva i reiselivsfaget med topp karakter! 🌟🌟🌟 Dette er verkeleg ...
03/06/2026

🌼 Vi vil gratulere dyktige Kristense som har bestått fagprøva i reiselivsfaget med topp karakter! 🌟🌟🌟 Dette er verkeleg imponerande og eit resultat av målretta arbeid, engasjement og innsats gjennom heile læretida.

Bak gode resultat står det også gode støttespelarar. Ei stor takk til faglege leiarar Idunn og til Silje for flott oppfølging, støtte og deling av kunnskap undervegs. Takk også til medlemsbedrift Scandic Sunnfjord Hotel & Spa for godt samarbeid og for å gi rom for læring og utvikling.

Kristense fekk også delta på Erasmus+ programmet. Det ho fekk 6 veker på Michelin-hotell i La Rochelle i Frankrike.

Kjære Kristense – vi er stolte av det du har fått til, og vi er sikre på at du har ei spennande framtid framfor deg. Vi ønskjer deg masse lykke til vidare! 🌸✨
Bilde: Kristense Mabel Kvammen Johnsonog Silje.

PS: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa har ledig læreplass i reiselivsfaget, kokkefaget og servitørfaget.

https://fagbrev.io/login

🎉 Ei stor gratulasjon til Haitham som no er fagarbeidar i kokkefaget! 👨‍🍳👏Etter læretida si ved Alexandra Hotel har Hait...
29/05/2026

🎉 Ei stor gratulasjon til Haitham som no er fagarbeidar i kokkefaget! 👨‍🍳👏

Etter læretida si ved Alexandra Hotel har Haitham bestått fagprøva, og det er vi utruleg stolte av. Ei velfortent gratulasjon går også til Alexandra Hotel som lærebedrift for god oppfølging og viktig arbeid med å forme nye fagarbeidarar.

Haitham er ein fin person med gode verdiar, alltid lærevillig, pliktoppfyllande og ein som møter både folk og fag med respekt og positiv innstilling. Gjennom læretida har han vist stor interesse for kokkefaget og utvikla seg til ein dyktig kokk som verkeleg har lagt ned innsats for å nå måla sine.

Vi er glade for å ha fått følgje reisa di, Haitham, og ønskjer deg alt det beste vidare. Dette har du verkeleg fortent – gratulerer så mykje! 🌟 🌟🌟

27/05/2026
🇳🇴Gratulerer med dagen🇳🇴17 mai er dagen då vi står saman under det norske flagget – stolte av landet vårt, historia vår ...
17/05/2026

🇳🇴Gratulerer med dagen🇳🇴

17 mai er dagen då vi står saman under det norske flagget – stolte av landet vårt, historia vår og alt vi får til her, kvar og ein og i lag som samfunn.
17. mai feirar vi fridom, fellesskap og framtidstru. Vi bur midt i ein flott natur – frå fjorden til stølane, frå frodige dalar til vide vidder
🇳🇴 Nyt dagen !

16/05/2026

🇳🇴 Hurra for 17. mai! 🇳🇴

I morgen er det duket for is, brus, pølser og nasjonalsang, men også påmeldingsfrist til KokkeCampus! 🎉

Du trenger bare å:
✅Fylle ut påmeldingsskjemaet
✅Sende inn kort videopresentasjon
✅Sende inn karakterutskrift fra 1. halvår
✅Sende inn Vigo-kvittering for søknad til neste skoleår

Du rekker det, mellom 🍦🌭🍰🎉🇳🇴!

Les all info om påmeldingen her:
https://nkl.no/2026/04/09/bli-med-pa-nkls-kokkecampus-i-juni/

🔪🐑🐖 To lærerike dagar hos Nortura for våre lærlingar i hotell- og matfag!9 lærlingar som no er i siste del av læretida s...
07/05/2026

🔪🐑🐖 To lærerike dagar hos Nortura for våre lærlingar i hotell- og matfag!

9 lærlingar som no er i siste del av læretida si har delteke på eit spennande 2-dagars parteringskurs i Førde. Her har dei fått innblikk i mathygiene på høgt nivå, lært meir om verksemda til Nortura, partering av svin og lam, samt pakkeprosessen frå råvare til ferdig produkt. 🥩📦

Dette har vore to kjekke, lærerike og inspirerande dagar med mykje fagleg påfyll og verdifull praktisk erfaring. Tusen takk til Nortura for godt vertskap og flinke fagfolk, og takk til John Ove som delte kunnskap og erfaringar med oss! 👏

🍣✨ Besøk i Måløy – en dag fylt med læring og matglede! ✨🍰(og snøføre 😱❄️)Opplæringskontoret for hotell- og matfag hadde ...
06/05/2026

🍣✨ Besøk i Måløy – en dag fylt med læring og matglede! ✨🍰(og snøføre 😱❄️)

Opplæringskontoret for hotell- og matfag hadde gleden av å besøke RM VG1 og VG2 i Måløy, der vi fikk vere med ein heil dag på kjøkkenet saman med flotte elevar og dyktige lærarar.

Elevane imponerte stort då dei laga både sushi og ein nydeleg dessert med fromasj, bunn og flott pynt. Vart utfordra på å lage og rulle sushi. Her var det både kreativitet, presisjon og ekte matglede i arbeid! 👩‍🍳👨‍🍳

Vi møtte reflekterte, høflege og flinke ungdommar som verkeleg viser kva som bur i framtidas fagarbeidarar. Dagen vart avslutta med ein engasjerande Kahoot med tema sushi – både lærerikt og kjekt!

Ein stor takk til flinke lærar Bente og kollegaene hennar for ein inspirerande dag saman med dykk 👏

Vi gler oss til å følgje dykk vidare!


Adresse

Firdavegen 6
Førde
6804

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4790056438

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane:

Del