31/03/2023
Fedje søkjer etter DEG! 😍
Er du ein fråflytta Fedjing som lengtar heim?
Ein av våre hyttebuarar som kunne tenkt seg ei litt meir permanent løysing?
Eller kanskje ein av våre heilt "nye" Fedjingar som er på utkikk etter å prøve noko nytt?
NO har du kjangsen! NO treng me DEG!
No treng me deg som vil arbeida innan oppvekst. På den flotte skulen vår som assistent, fagarbeidar, kontaktlærar, faglærar eller sjølvaste rektor. Skulen vår har små og trivelege klassar frå 1. - 10. klasse, og har eit godt og inkluderande læringsmiljø. Les meir om dei ulike stillingane her:
https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=296781304
https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=296781883
https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=296783613
Me treng òg deg som ynskjer å arbeida innan helsesektoren. Assistent, helsefagarbeidar og sjuekpleiarar blir tatt imot med opne armar av kjekke kollegaer. Stillingane omfattar både sjukeheim, heimesjukepleie, omsorgsbustader, heimehjelp, og PU-teneste, så her får ein varierte arbeidsdagar. Meir informasjon finn du her:
https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=296782958
https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=296781805
Men det stoppar ikkje der! Kommunen treng også ny økonomirådgjevar. Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor rekneskap, løn, fakturering - og refusjonar. Dei er ein aktiv del for at kommunen skal nå sine mål og ha ei forsvarleg økonomiforvaltning som legg til rette for framtida. Har du god økonomikomptanse er dette kanskje ei stilling for deg? Les meir her: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=296781090
Som miljøarbeidar innan rus og psykisk helse trengs det ein fleksibel, kreativ og dyktig kolega som likar å gjennomføre og organisere aktivitetar for mennesker i ulike aldre. Målsetjinga er å å bidra til å byggje nettverk bellom vaksne og born via felles aktivitetar. Høyres dette ut som noko som kan passe for deg? https://www.finn.no/job/parttime/ad.html?finnkode=296782710
Og ikkje nok med det. Det er også to kommunalsjefar på lista.
Kommunalsjef HR og Forvaltning skal vere personalsjef og leie ein sektor som er knytt til den interne drifta av kommunen; økonomi, IKT, HR/Personal og fellestenester. Les ei utvida beksriving her: https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=296780921
Kommunalsjef for samfunnsutvikling skal kunne arbeida tverrfagleg, både strategisk, overordna og praktisk i drifta når det gjeld å videreutvikle samfunnet på Fedje. Les ei utvida beskriving her: https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=296779841
Så, er du ein av dei? Ein av dei som lenge har lurt og fundert? Skulle eg har prøvd? Kanskje eit år? Kanskje neste gong muligheten byr seg? Vel, no er den her. Send inn søknad. Ta steget.
Bli ein del av lite lokalsamfunn som treng nettopp deg. Røm fra tidsklemma som tar fra deg fritida du så gjerne skulle ha nytta på det den nettopp skal vere, fritid. Delta på det uendelege utvalget me har av aktivietar, gå på turar i løypene våre, ta ein tur i kajakk, eller ein fisketur. Tren fotball - laget, eller ver ein del av heia - gjengen. Lag små og store arrangement, delta på dugnad som er til gode for fellesskapet, spel i band eller syng i kor. Fedje har gratis barnehageplass, egen nøkkel til basseng og treningsrom. Me er eit par timar reise til storbyen Bergen, og er det noko du manglar er det alltid nokon på "hi sio" som tar det med til deg. Her har me dei gode naboane som stiller opp om du treng ein hjelpande hand, som pratar med deg når me treff deg langs vegen eller ser til huset om du er på reis.
Kunne du tenkt deg å blitt vår nye nabo? Velkommen til oss, velkommen heim 💛
Sjekk ut lenka under for å sjå enda meir om flotte Fedje og mulighetane her hjå oss:
https://story.agog.no/kom-til-fedje