Hellisøy Fyr ligg nært opp til hovedøya, men er ikkje landfast. Historia om tårnet:
Dette fyret var det andre støypejernstårnet som vart bygd i Noreg. Den nedste delen var levert av Bærums verk, og den øvre delen av Horten Mekaniske Verksted. Sjølve fyrtårnet er bygd av 1-toms jernplater og er fora med 35000 murstein. Dei to nedste etasjane er så å seia fyllte med stein. Det var eit stort prosjekt og opptil 95 mann arbeidde på fyranlegget i byggeperioden. I 1954 vart fyret elektrifisert med straum frå land. I januar 1989 vart Hellisøy fyr automatisert, men på grunn av dei meterorologiske observasjonane vart ikkje fyret nedbemanna før i 1992. Fyrvaktarbustaden
Det vart og bygd bustadhus for fyrvaktaren og familien hans, og til "fyrkarlen". Denne bustaden brann ned i 1902, og året etter vart det oppført to nye hus, eitt til fyrvaktaren og eitt til fyrvaktarassistenten. I mange år heldt dei eit par kyr og sauer her ute. Det vart og oppretta meteorologisk stasjon 1924, men denne tenesta er no automatisert. Fyrmeisterbustaden vart modernisert og ombygd i 1968, og det vart innreidt hyblar og fellesrom. Spørsmål angåande utleige, ta kontakt på [email protected]
Mvh
Oss på Fyret
Hellisøy fyr
Fedje