16/03/2026
𝗠𝗮𝗿𝗲𝗻 𝗟𝗲𝗶𝗸𝗮𝗻𝗴𝗲𝗿 𝗟ø𝗸𝗲𝗻 er tilsett som ny dagleg leiar ved Hotell Raftevold. Ho har brei erfaring frå service- og vertskapsbransjen, både nasjonalt og internasjonalt. Tidlegare har Maren vore ansatt som dagleg leiar ved ulike bedrifter, og har òg fem års erfaring frå restaurant- og barbransjen i London. Dette gir ein breid kunnskap av både drift og dei minnerike gjesteopplevelsane.
Den siste tida har Maren arbeidd som vertskapsansvarleg ved Ivar Aasen-tunet, med ansvar for utleige, kjøkken, kafé og butikkdrift.
– 𝘌𝘨 𝘨𝘭𝘦𝘳 𝘮𝘦𝘨 𝘷𝘦𝘭𝘥𝘪𝘨 𝘵𝘪𝘭 𝘢̊ 𝘵𝘢 𝘧𝘢𝘵𝘵 𝘱𝘢̊ 𝘳𝘰𝘭𝘭𝘢 𝘷𝘦𝘥 𝘏𝘰𝘵𝘦𝘭𝘭 𝘙𝘢𝘧𝘵𝘦𝘷𝘰𝘭𝘥. 𝘏𝘰𝘵𝘦𝘭𝘭𝘦𝘵 𝘩𝘢𝘳 𝘦𝘪 𝘩𝘪𝘴𝘵𝘰𝘳𝘪𝘦 𝘰𝘨 𝘦𝘪 𝘳𝘰𝘭𝘭𝘦 𝘪 𝘭𝘰𝘬𝘢𝘭𝘴𝘢𝘮𝘧𝘶𝘯𝘯𝘦𝘵 𝘴𝘰𝘮 𝘦𝘨 𝘺𝘯𝘴𝘬𝘫𝘦𝘳 𝘢̊ 𝘴𝘵𝘺𝘳𝘬𝘦, 𝘰𝘨 𝘦𝘨 𝘴𝘦𝘳 𝘧𝘳𝘢𝘮 𝘵𝘪𝘭 𝘢̊ 𝘶𝘵𝘷𝘪𝘬𝘭𝘦 𝘴𝘵𝘢𝘥𝘦𝘯 𝘷𝘪𝘥𝘢𝘳𝘦 𝘴𝘢𝘮𝘢𝘯 𝘮𝘦𝘥 𝘦𝘪𝘨𝘢𝘳𝘢𝘳 𝘰𝘨 𝘥𝘦𝘪 𝘥𝘺𝘬𝘵𝘪𝘨𝘦 𝘮𝘦𝘥𝘢𝘳𝘣𝘦𝘪𝘥𝘢𝘳𝘢𝘯𝘦 𝘧𝘰𝘳 𝘢̊ 𝘴𝘬𝘢𝘱𝘦 𝘨𝘰𝘥𝘦 𝘰𝘱𝘱𝘭𝘦𝘷𝘪𝘯𝘨𝘢𝘳 𝘧𝘰𝘳 𝘨𝘫𝘦𝘴𝘵𝘦𝘯𝘦, 𝘴𝘦𝘪𝘦𝘳 𝘔𝘢𝘳𝘦𝘯.