24/11/2025
Trivselstiltak for Herøy Produksjon
Herøy Produksjon er ein viktig og meiningsfull arbeidsplass som gir menneske med ulike funksjonsvariasjoner moglegheit til å bidra, skape og utvikle seg ♥️
Det daglege arbeidet og alle produkta ved Herøy Produksjon er resultatet av innsatsen til heile det dyktige personalet. Alle tilsette bidreg med kompetanse, omsorg, kreativitet og engasjement. Saman legg dei grunnlaget for produksjon, trivsel og utvikling for arbeidstakarane.
Som mange veit, er den økonomiske situasjonen i Herøy kommune krevjande for tida. Det betyr at det diverre ikkje er rom i budsjetta til sosiale tiltak for dei som arbeider der, tiltak som betyr mykje for trivsel, samhold og motivasjon. Dette ønskjer NFU Herøy Lokallag å bidra til og gjere noko med!
NFU Herøy kjøper arbeidsplater og selger kunstverk!
Frå arbeidsplate til kunst – ei historie om fargar, fellesskap og kvardagsmagi.
I over ti år låg dei på arbeidsborda ved Herøy Produksjon – tre solide arbeidsplater som kvar dag tok imot maling, lakk, beis og kreativt arbeid frå arbeidstakarane. Dei var eigentleg berre meint som beskyttelse, men litt etter litt byrja dei å samle på noko meir: spor av kvardagen, fargar frå tusenvis av små produkt, drypp, strøk, lag på lag med arbeid og innsats.
Gjennom åra bygde platene seg opp til å bli eit levande arkiv over aktivitet og menneskelege avtrykk. Kvar flekk fortalde ei historie. Kvar farge vart eit minne om eit produkt som vart laga, eit prosjekt som vart fullført, eit smil som vart delt mellom gode kollegar.
Arbeidsplatene måtte bytast ut etter mange års bruk og vi har valgt å gi dei nytt liv som kunstverk. Spor etter ti år med arbeid er ramma inn – som kunst.
I dag står platene fram som tre unike, abstrakte kunstverk der kvardagsfargar, tilfeldige drypp og år med arbeid smeltar saman til pulserande uttrykk. Og kanskje er det nettopp det som gjer dei så magiske: dei er ikkje måla med hensikt, men med levd liv.
NFU Herøy har no kjøpt desse platene og selger dei som dei fantastiske kunstverka dei er på auksjon der heile inntekta går tilbake til arbeidstakarane ved Herøy Produksjon. Inntektene blir øremerka trivselstiltak, aktivitetar og opplevingar som skapar fellesskap og glede.
Slik får arbeidsplatene eit nytt kapittel – ikkje som verktøy, men som kunst. Ikke som kvardagsobjekt, men som symbol på arbeid, verdigheit og skaparkraft.
Kunstverka blir stilt ut ilag med alle dei andre flotte kunstverka til Herøy Produksjon på årets kunstutstilling frå 28 november til 13. desember i Herøy Kunstlag sine lokaler i Vågsgata 11, Fosnavåg sentrum.
Vi tek fortløpande imot bod her på Facebook og på epost: [email protected] - vi avslutter med fysisk auksjon laurdag 13. desember mellom kl 11.30 - 12.00.
Bod som kjem inn via Facebook og epost blir fulgte opp og tatt med på lik linje med dei som møter opp fysisk den siste halvtimen.
Det er også mogleg å støtte dette viktige tiltaket utan å delta på auksjonen
Vipps eit valgfritt beløp til #83991 og merk bidraget med “Trivselstiltak!
Sjølv små bidrag gjer ein stor forskjel – saman kan vi bidra til å skape meir glede, fellesskap og inspirasjon for dei fantastiske menneska som kvar dag legg sjela si i arbeidet ved Herøy Produksjon ♥️