Larsastova

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Larsastova Larsastova økologisk kjøt er ei familiebedrift i Folkedal som driv økologisk kjøtproduksjon, har eige gardsslakteri og gardssag.

Larsastova kan no tilby kortreist økologisk kjøt til den medvitne forbrukaren Dyra vert slakta og skore heima på eige gardsslakteri. På den måten kan me tilby eit lokalt produkt frå start til slutt som både respekterer dyra og miljøet. På garden er Lars Ingvald utdanna slaktar og kona Astrid er utdanna kokk. Det gjer at me har kontroll på alle ledda i produksjonen og har difor ein unik sjanse til å laga ei vare som du vert nøgd med. Me slaktar på tinging heile året, men oppmodar å tinga i tidsrommet frå mai til oktober. Då går nemleg dyra på beite, noko som gjev grunnlag for den beste smaken og kvaliteten. Elles på året vert drifta drive etter økologiske prinsipp så alle dyr er ute på lufting 2-3 gonger i veka. Akkurat no er det kyr av mange slag på garden, frå Vestlandsk fjordfe, skotsk høglandsfe, Nordlandsfe og NRF.

Økologisk landbruk vil seie at alle driftsmidlar skal vera godkjende av Debio som er kontroll-organet til økologisk landbruk.. Det vert ikkje nytta sprøytemiddel eller kunstgjødning i produksjonen.

Adresse

Folkedalsvegen 243
Granvin
5736GRANVIN

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Larsastova legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Larsastova:

Snarveier

Del