28/01/2020
Inn på tunet. IPT-nettverk i Telemark
Årsmelding 2019
Tilbydarnettverket IPT Telemark vart etablert i 2004 som resultat og oppfølging av prosjektet Grøn omsorg - grønt samarbeid i Telemark. Eit permanent tilbydarnettverk blei etablert i mai 2008.
Arbeidsutval 2019
Karoline Tveitan, Siljan – leiar, Anita Høidalen, Lunde, Jan Halvor Høidalen, Drangedal. Vara: Cecilie B. Findal, Skien. Amund Johnsrud fungerer som sekretær for arbeidsutvalet.
Arbeidsutvalet har ikkje hatt fysiske møte i 2019.
Valnemnd
Kari Findal, Skien, Hege Heimdal, Nissedal.
Årsmøte 2019
Årsmøtet i IPT Telemark vart halde laurdag 26. januar kl. 10.00. Det møtte 7 stk.
Årsmøtet var lagt saman med årsmøtet til IPT nettverket for Buskerud og Vestfold.
Deltakarane frå begge nettverka var inviterte til å kome alt fredag kveld for felles middag og triveleg samvær.
Tida frå kl. 10.00 til 12.00 laurdag var sett av til felles temadel med Buskerud og Vestfold.
Gry Herland var invitert til å halde innlegg. Herland er NLP master coach, relasjonsleder og pedagog, og har også drive flyktning-mottak i Hemsedal i mange år.
Tema: Kva vil vi med det vi gjer – motivasjon – verdiar – om å vere personleg eigna til det du vil halde på med.
Amund Johnsrud orienterte om aktuelle IPT-saker i Norges Bondelag, mellom anna om at ein planlegg kurs for etablerte IPT-tilbydarar, og om innspel/satsingar for IPT som kan vere aktuelle å ta inn ved årets jordbruksforhandlingar.
Årsmøtet drøfta mogleg fusjon med nettverket i Buskerud/Vestfold. Konklusjonen er at ein vil samarbeide med Buskerud/Vestfold om enkeltarrangement og -tiltak, men halde fram som eige nettverk for tilbydarar i Telemark.
Saker
Fagsamling i regi av Norges Bondelag og IPT Norge SA 14-15. oktober
Vegard Sørli Meen og Karoline Tveitan deltok.
Jan Halvor Høidalen er medlem av Norges Bondelags fagutval for IPT.
Deltakarar i nettverket/godkjente IPT-tilbod
På grunn av liten aktivitet er det ikkje kravd inn kontingent i 2019. Året før, pr. 31. desember 2018, var det registrert 11 betalande deltakarar i IPT-nettverket i Telemark.
Det er 14 (2018: 13) godkjente IPT-tilbod i Telemark, innanfor Matmerk si godkjenningsordning.
Økonomi
IPT Telemark er registrert som foreining i Brønnøysundregistra, og har eige organisasjonsnummer. Kontingent pr. gardsbruk er kr 500/år (vore uendra dei siste åra).
IPT Telemark har til nå ikkje hatt eige rekneskap, men det er blitt ført som ein kostnadsberar på rekneskapen til Telemark Bondelag.
Det er i 2019 blitt tatt opp med Telemark Bondelag at nettverket har ønskje om å etablere eige rekneskap og ta dette ut av Bondelagets system, det same har også vore ønskt frå TB si side. Telemark Bondelag har på dette grunnlaget gjort slik vedtak:
Sak 16/19 17/00236-25
Tilbydarnettverket Inn på tunet Telemark. Skilje ut frå Telemark Bondelag
Økonomi og rekneskap for Tilbydarnettverket IPT Telemark førast ikkje lenger som ein del av rekneskapen til Telemark Bondelag. Det gjeld frå og med rekneskapsåret 2019.
Som kapital får nettverket overført resultatet på «sin» kostnadsberar pr 31.12.2018: kr 5.500.
Nettverket overtar også ansvaret for å krevje inn årskontingent frå sine medlemmar.
Endringane dette medfører for TB vert tatt inn i budsjettet for 2019.
28. januar 2019.
Karoline Tveitan, leiar av arbeidsutvalet
Anita Høidalen
Jan Halvor Høidalen
Amund Johnsrud, sekretær