13/10/2026
☕ Frukostmøte med HINS og HNU i Lavik – velkomen!
Kva utfordringar og moglegheiter ser næringslivet i Lavik framover? Og kva skal til for at bedriftene kan utvikle seg og få tak i den kompetansen dei treng?
Leiar i Høyanger industri og næringssamskipnad, Per Andreas Øren, og næringssjef Ingrid Heggø inviterer til dialogmøte med næringslivet i Lavik. Vi ønskjer ein open og uformell prat om både smått og stort – frå barrierar og utfordringar til nye moglegheiter, rekrutteringsbehov og tilgang på bustader for tilsette.
Målet er å dele erfaringar, lytte til kvarandre og få betre innsikt i kva som skal til for å styrkje næringslivet lokalt.
Måndag 2. november
Kl. 09.00–11.00
Kroa i Lavik
Vi håpar å sjå både etablerte bedrifter og andre med interesse for næringsutvikling i Lavik. Ta turen innom for ein god prat over frukost! 😊