15/07/2026
Midt i vågen ligg Sjøholt, det gule sjøhuset som i over 160 år har vore kjend som «Hotellet». Bygd i 1858, har det husa alt frå sildesalteri og landhandel til hermetikkfabrikk – og no eit boutique-hotell .✨
Då vi pussa opp, ville vi ikkje berre skape fine rom. Vi ville gi dei sjel. Saman med interiørdesignar Gunvor har kvart av dei 16 romma fått namn og historie etter menneske og fartøy som har sett spor i bygda vår.
Rommet som er tileigna Audun Røys, mannen som kjøpte Sjøholt på tvangsauksjon i 1933 og let det bli i familien i 84 år. Audun var ein mann med hjarte – han selde heller meir enn rasjoneringsreglane tillét, om han syntest familiar med mange born fekk for lite.
Han vart buande i huset sitt heile livet, og spora hans finst her enno.
Ei påminning om at desse veggane har rom for meir enn éin historie – dei har rom for mot. ✨
Her søv du ikkje berre godt, men du søv midt i ei historie som framleis vert fortalt.
Velkommen til oss