10/04/2026
Sjølvaste Henrik Elvestad toppar plakaten når Knaken arrangerer standupkveld i Kaupanger!
For to år sidan var Knaken med på å samle folk i alle aldrar til kulturdag i Kaupanger, eit tiltak som synte både engasjementet og behovet for fleire møteplassar og aktivitetar i bygda. Det er framleis eit stort ønskje om å skape meir liv og røre i Kaupanger, og no tek Knaken eit nytt grep: denne gongen inviterer vi til standup på låven!
Henrik Elvestad er komikar, programleiar og skodespelar med lang røynsle frå underhaldningsbransjen. Han er kjend frå ei rekkje TV-program, som Torsdagsklubben, Kompani Lauritzen og Rikets Røst - lista over underhaldningsprogram er lang.
Henrik er òg ein svært dyktig skodespelar og har medverka i fleire seriar og spelefilmar, som Pørni, Idrettsforeldre (som han sjølv utvikla) og Reprise. Han hadde òg ei hovudrolle i kultklassikaren Get Ready to Be Boyzvoiced, der han også stod for regi og manus.
Han var programleiar for Golden Goal i heile 17 sesongar, og stod bak sitt mest kjende stunt då han køyrde utforløypa «Die Streif» i Kitzbühel i 2016, som den første amatøren i verda!
Han har òg leia ei rekkje OL-sendingar og idrettsrelaterte produksjonar som Idrettsforeldre og Amatørenes Mester.
– Eg har vore i Kaupanger og omegn fleire gonger. Mellom anna har eg klatra og køyrt RIB på Sognefjorden. Så dette blir ein heilt spesiell kveld for meg, seier Henrik Elvestad.
Fleire namn blir annonserte fortløpande.
Fredag 19. juni / Knaken / kl. 19.00 / 18-års aldersgrense
Billettsal : billetto.no