Tårnheim

Tårnheim Tårn i fire etasjar med 1: Kjøkkenkrok, 2: Bibliotek, 3. Soverom og 4: Paviljong (tenkeloft, skybar).

Follo wall of fame. Ikkje akkurat. men artig for 4R1 av 1964 å avslutte feiringa av 100 - årsdagen til Orkdal landsgymna...
02/09/2023

Follo wall of fame. Ikkje akkurat. men artig for 4R1 av 1964 å avslutte feiringa av 100 - årsdagen til Orkdal landsgymnas/vgs med å sjå jubileumsutstillinga i buret frå 1823.

Då var det gjort. Takk alle som deltok på ei vellykka lansering av Kva skjer i Bygde-Norge i kveld.
20/04/2023

Då var det gjort. Takk alle som deltok på ei vellykka lansering av Kva skjer i Bygde-Norge i kveld.

Feira St. Hans med tur til Mariskoen oppunder Kleva.
23/06/2022

Feira St. Hans med tur til Mariskoen oppunder Kleva.

Litle fuglen»- En adventskonsert med Marit Løfaldli & Ronny KjøsenJårheim 4. desember kl. 19.00Inngang kr 300Kaffe og no...
16/11/2021

Litle fuglen»
- En adventskonsert med Marit Løfaldli & Ronny Kjøsen
Jårheim 4. desember kl. 19.00
Inngang kr 300
Kaffe og noko attåt på billetten
Billettbestilling Reidar 9248 5399

Vi hadde besøk av Gunnar Mellemsæther i helga, som tok noen flotte bilder av Tårnheim med drone. Magisk lys frå Bålhuset...
19/10/2021

Vi hadde besøk av Gunnar Mellemsæther i helga, som tok noen flotte bilder av Tårnheim med drone. Magisk lys frå Bålhuset.

Magisk lys frå Bålhuset i går kveld.
15/08/2021

Magisk lys frå Bålhuset i går kveld.

Bålhuset er ferdig. Takk til byggeleiar Erling Halseth og broder Morten for god hjelp.
05/07/2021

Bålhuset er ferdig. Takk til byggeleiar Erling Halseth og broder Morten for god hjelp.

Vinter ved Tårnheim no, men godt og varmt inne.
21/01/2021

Vinter ved Tårnheim no, men godt og varmt inne.

Tur HølondaHølonda tyder landet med høgdene, høgder og små berg som står att i terrenget etter istida. Står du litt høgt...
13/07/2020

Tur Hølonda
Hølonda tyder landet med høgdene, høgder og små berg som står att i terrenget etter istida. Står du litt høgt i terrenget, ser du desse høgdene som deler bygda inn i grender og små dalsøkk. Mange av grendene ser du ikkje frå vegen, enten må du opp med fly eller drone, eller så må du ta ein avstikkar. Skal du ta deg ein tur på Hølonda, og du kjem frå nord, tar du av frå E6 på Melhus og kjører eller syklar mot Hølonda på fylkesveg 708. Vegen går eit stykke gjennom Skaun kommune til Sagberget ved den vakre innsjøen Ånøya. Der ligg det vel tilrettelagte Grønneset friluftsområde med badeplass. Vidare gjennom eit vakkert og frodig kulturlandskap med fine gardar fram til tettstaden Korsvegen med Coop-butikk, omsorgssenter, bedehus, fleire byggfirma, bilverkstad og restaurant. Da har du nettopp passert Eid skole med barnehage og samfunnshus (1) , der det står ein statue av Oddvar Brå, Hølondas store skikonge.
Ta så av til høgre i retning Svorkmo etter Jåravegen. Etter vel 3 km kjem du til avkjørsla til Restad og Klefstad der Jårakjølens Venner og Leik Ski har parkeringsplass og utgangspunkt for 30 km maskinkjørte skispor vinters tid. Deretter passerer du Jåren gamle skule (2) og like etter, på høgre side oppi skoglia kan du sjå det 10 meter høge Tårnheim som ligg like ved det ombygde sauefjøset Jårheim (3) i Lufallsgrenda. Her finn du og Hølondas eldste hus, ei tømra mastu frå 1667. I neste grend kan du oppi lia sjå Megarden der Oddvar Brå vaks opp, nedanfor Kolbrandstad stavkyrkje (4) som vart gjenreist i år 2000. Nede ved fylkesvegen ligg forsamlingslokalet Vonheim, tilhaldsstad for ungdomslaget Framsteg som nettopp fekk Melhus kommunes kulturpris da dei fylte 100 år.
Så ber det vidare mot Gåsbakken, der du halvveges dit kan sjå Gilantunet (5) oppe i lia på høgre handa, ein barnevernsinstitusjon som Marie og Nils Karl Kulbrandstad har bygd opp. Ved Eggalykkja (6) tar ein veg av imot Svorkmo forbi Svorksjøen Camping (7). På vegen imot Svorkmo går Kjøsavegen opp til siste grenda på Hølondsida før ein når Orklandmerket. Oppi Austlia Kjøsen kan du finne den landskjente musikaren Ronny Kjøsen, om han er heime da.
Attende til Eggalykkja går vegen rundt Hølonda vidare fram til Gåsbakken skole og barnehage (9). Der kan du ta av til høgre imot Næve (8). Da vil du passere det idylliske Ellingsvatnet med Skogstua som Statens skoger leiger ut, før du kjem fram til jord- og skogbruksgrenda Næve, med unge, driftige bønder. Attende på fylkesvegen ber det vidare imot Gåsbakken sentrum med samvirkelag, Langås fotosamling og Hølonda skimuseum (10) på den eine sida av vegen og Toralf Engans hoppbakke (11) på den andre. På skimuseet er det ei samling med premiar og ski frå mellom andre Magnar Estenstad og Toralf Engan.
Lenger framme finn du Hølonda landbruksmuseum og Grendstuggu Gåsbakken (12) på kvar si side. Så rundar du ein skarp sving og utsikten opnar seg imot den kvitmåla Hølonda kyrkje (13). Ved Kvile tar du fylkesveg 6592 Hølondvegen imot Korsvegen, eller du kan ta vegen imot Hovin gjennom Tømmesdalen og koma innatt på E6 ved Foss-krysset.
Tar du imot Korsvegen ved Kvile, vil du sjå kyrkja på nytt frå breidda av det idylliske Langåsvatnet, der det sagnomsuste Skyttarhuset (14) med skytebane er under kyndig restaurering. På vegen tilbake imot Korsvegen opnar landskapet seg ned imot Gaustadvatnet. Er du interessert i jakt, kan du ta ein avstikkar til Berg, der Hølonda jeger og fisk har sin treningsbane (15).
Attende på Korsvegen kan du alltid fylle drivstoff til låg pris hos «Knut Oil», eller ta ein Kebab hos Korsvegen Restaurant & Pizzeria. Skal du tilbake til Melhus, er det 21 km frå Korsvegen. Kjem du frå sør og tar av frå E6 på Hovin, er det 19 km til Gåsbakken. Du kan og ta av E6 mot Hølonda frå Kvål. Da kjem du først til innsjøen Benna, drikkevasskjelde for Melhus og Trondheim. Her ligg dei ledtse gardane i bygda på Grøtan og Venn. I nabogrenda ved Skjegstadvatnet har dugnadsfolket gjenreist ein bauta frå vikingtida og restaurert ein hulkveg for ferdsla til Gauldalen.
Frå Melhus til Korsvegen er det 21 km, og kjem du frå sør og tar av frå E6 på Hovin, er det 19 km til Gåsbakken. Rundt Hølonda er det 23 km, så på ein times avstikkar frå E6 har du frå bil sett den vakraste bygda i denne delen av Trøndelag. Men utan stans har du gått glipp av opptil fleire vakre utsyn, signalbygg og store høgdepunkt i norsk idrettshistorie. Og frå sykkelsetet, med eller utan stans og overnatting, ser du mange detaljar som andre vil gå glipp av. Unn deg ein T(o)ur Hølonda, men kjør forsiktig, i grålysninga kan både elg, hjort og rådyr krysse vegen.

Adresse

Lufallsvegen 30
Korsvegen
7212

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tårnheim legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tårnheim:

Del