07/10/2026
💬 – Føremålet med forumet er først og fremst å leggje til rette for dialog, erfaringsutveksling og internasjonalt samarbeid mellom forskarar frå Europa og Kina som underviser i menneskerettar på universitetsnivå.
Det seier Lee Michael Shults, førsteamanuensis og leiar ved UiA – Senter for likestilling.
🤝 Forumet byggjer på eit samarbeid mellom Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo (UiO) og China University of Political Science and Law. I tillegg deltok representantar frå andre norske og kinesiske universitet, og frå fleire andre land.
På programmet stod mellom anna:
🤖 Kunstig intelligens og menneskerettar
🏛️ Institusjonelle barrierar
📚 Utvikling av emne
🧑🏫 Undervisningsmetodar
Les meir om besøket og kva forumet skal samarbeide om vidare 👇
https://www.uia.no/om-uia/senter-og-nettverk/senter-for-likestilling/Nyheter/delte-undervisningserfaringar-med-forskarar-fra-eu.html