16/06/2026
Ein må visst være forsiktig med kor ein set føtene for tida, for det kan være egg og ungar kor som helst. Trepiplerka skvatt opp ved foten min for andre gong på same stad, så eg lokaliserte reiret forsiktig. Då treng eg ikkje gå der på ein stund. Ikkje nederst på "enga" mi heller, der rugda ligg. Dei to jerpene, med sine to kull var på tur som storfamilie, og eg fekk filma ein av ungane. Røya og kyllingen eg støkk i dag, var meir mobile enn egga og kunne ta litt meir vare på seg sjølv. Men ikkje så veldig mykje meir heller.
Grevlingen derimot, den er eg ikkje redd for å trø på. Den støtte me på i Vrådal, bikkja og eg, og ikkje her på hytta. Men skal ein lage ein reel av dei siste daganes begivenheiter på og ved sti, bør den med. Det var jo gøy å møte han også, der me vandra fordjupa i eigne tankar, alle tre.