Lindstrøm Hotel

Lindstrøm Hotel Lindstrøm Hotel i Lærdal ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri mellom vakre pastellfarga trehus. Lindstrøm Hotel er ein miks av gamal og ny stilart.

Vi lar design frå 1800-talet leike seg med nyare, skandinavisk design. Opplev nydelege, klassiske tapetar i eit rom og moderne designmøblar i eit anna. På Lindstrøm Hotel vil du garantert møte på vertsskapet Britt Isdal og Knut Lindstrøm. Dei byr på seg sjølve og fortel deg gjerne ei historie om hotellet. Knut er femte generasjons Lindstrøm og har drive hotellet saman med Britt sidan 1991. Velkomen - føl deg som heime.

🏃 Galdane Rundt 2026!Laurdag 12. september kan du bli med på 8,7 kilometer gjennom vakre omgjevnader i Lærdal. Løypa går...
28/08/2026

🏃 Galdane Rundt 2026!

Laurdag 12. september kan du bli med på 8,7 kilometer gjennom vakre omgjevnader i Lærdal. Løypa går langs Lærdalselva, på delar av historiske Kongevegen og forbi den gamle husmannsplassen Galdane 🍂⛰️

Du kan delta både i mosjonsklasse og konkurranseklasse.

Kombiner løpet med ei overnatting hjå oss på Lindstrøm Hotel.

📸 Bileta er lånte frå Facebook-sida til Galdane Rundt

Les meir her: https://www.lindstromhotel.no/aktuelt/galdane-rundt-2026

🥾 Bli med på Maristovadilten!Laurdag 5. september går den tradisjonsrike turmarsjen langs historiske Kongevegen over Fil...
18/08/2026

🥾 Bli med på Maristovadilten!

Laurdag 5. september går den tradisjonsrike turmarsjen langs historiske Kongevegen over Filefjell. Turen er om lag 11 kilometer lang og passar for heile familien.

Kombiner turen med ei overnatting hjå oss på Lindstrøm Hotel – og nyt ei aktiv helg i vakre Lærdal! ⛰️

Bestill opphaldet ditt på www.lindstromhotel.no

Rom i nyare del av hotellet ✨ Desse romma er stilreine, med mykje skandinavisk design frå ulike designarar som Anvar Aal...
04/08/2026

Rom i nyare del av hotellet ✨ Desse romma er stilreine, med mykje skandinavisk design frå ulike designarar som Anvar Aalto, Hans Wegner, Arne Jacobsen, Hans Brattrud og Torbjørn Afdal.

På Lindstrøm Hotel er vi opptekne av å skape ein roleg atmosfære og håper du vil føle deg som heime. Velkomen! 🌸

🔑 Booking: https://www.lindstromhotel.no/

Moderne fasade ✨ Lindstrøm Hotel har i alt fem ulike bygningar, der nyaste er frå 1985 og eldste frå 1898. Bygget på bil...
01/08/2026

Moderne fasade ✨ Lindstrøm Hotel har i alt fem ulike bygningar, der nyaste er frå 1985 og eldste frå 1898.

Bygget på biletet blei reist i 1968, og forlenga i 1972 - og har lite til felles med vårt eldste sveitsarstil-bygg "Nybu".

Bygget er teikna av arkitektane Jon og Claus Lindstrøm, som på 60-talet fekk anerkjenning for å la det nye og gamle tale kvart sitt naturlege språk.

Dette er i dag resepsjonsbygningen og har fellesareal i første etasje, med hotellrom i dei to øvste etasjane.

🔗 Les meir om historia og bygga våre her: https://www.lindstromhotel.no/historie

30/07/2026

Dagstur til Flåm frå Lindstrøm Hotel? 🏔️ Ja, det er ikkje noko problem! Berre ein dryg halvtime frå hotellet vårt i Lærdal kan du oppleve alle aktivitetane og attraksjonane i Flåm:

✨ Flåmsbanamuseet - The Flåm Railway Musem
✨ Flåmzipline
✨ Flåmsbana
✨ Stegastein utsiktspunkt
✨ Nærøyfjorden Fjord Cruise
✨ RIB-båttur.. og mykje meir!

Definitivt verdt ein dagstur, spør du oss 🥰

Ein halvtime frå Lærdal finn du nabobygda vår, Flåm. Med postkortmotiv i fleng, får du garantert ei minnerik oppleving.

𝐒𝐞𝐫𝐯𝐞𝐫𝐢𝐧𝐠 𝐚𝐯 𝐥𝐨𝐤𝐚𝐥𝐞 𝐫å𝐯𝐚𝐫𝐞𝐫 💚 Vi prøver å ta miljøbevisste val når det kjem til innkjøp av råvarer. Vi får mellom anna l...
28/07/2026

𝐒𝐞𝐫𝐯𝐞𝐫𝐢𝐧𝐠 𝐚𝐯 𝐥𝐨𝐤𝐚𝐥𝐞 𝐫å𝐯𝐚𝐫𝐞𝐫 💚 Vi prøver å ta miljøbevisste val når det kjem til innkjøp av råvarer. Vi får mellom anna levert grønsaker frå lokale gardar om sommaren 🥕 Vi jobbar óg med å bevisstgjere gjestane våre ved å oppmode dei til å kaste minst mogleg mat.

Les meir om berekraftsarbeidet på hotellet her: https://www.lindstromhotel.no/berekraft

𝐄𝐭𝐚𝐛𝐥𝐞𝐫𝐭 𝐢 𝟏𝟖𝟒𝟓 - 𝐦𝐞𝐝 𝐩𝐥𝐢𝐤𝐭 𝐭𝐢𝐥 å 𝐭𝐚 𝐢𝐦𝐨𝐭 𝐫𝐞𝐢𝐬𝐚𝐧𝐝𝐞 🏡 Visste du at Lindstrøm Hotel er eitt av dei eldste og mest særprega...
26/07/2026

𝐄𝐭𝐚𝐛𝐥𝐞𝐫𝐭 𝐢 𝟏𝟖𝟒𝟓 - 𝐦𝐞𝐝 𝐩𝐥𝐢𝐤𝐭 𝐭𝐢𝐥 å 𝐭𝐚 𝐢𝐦𝐨𝐭 𝐫𝐞𝐢𝐬𝐚𝐧𝐝𝐞 🏡 Visste du at Lindstrøm Hotel er eitt av dei eldste og mest særprega hotella på Vestlandet? Hotellet har ei fargerik og dramatisk historie.

Jørgen Christian Lindstrøm og Birgitte Marthea Lindstrøm frå Bergen tok over handelen etter Johan Joakim Møller på Lærdalsøyri. Med på kjøpet av «Lindstrømbui» følgde plikt til å ta imot reisande - dermed eit tilbod om overnatting.

Og dette blei starten på det heile.

🔗 Les resten av historia her: https://www.lindstromhotel.no/historie

Den travle sommarsesongen er i gang 😍 Vi er glade for å kunne ta imot så mange gjestar frå inn- og utland. Anten om du e...
23/07/2026

Den travle sommarsesongen er i gang 😍 Vi er glade for å kunne ta imot så mange gjestar frå inn- og utland. Anten om du er på gjennomreise og berre treng ei natt, eller vil bli i Lærdal over nokre dagar - velkommen til oss på Lindstrøm Hotel 🌸

Book overnatting her: https://www.lindstromhotel.no/

Vi er stolt medlem av De Historiske - Hotel og Spisesteder 🤍✨ Kjøper du gåvekort hjå dei, er det gyldig hos oss i tilleg...
20/07/2026

Vi er stolt medlem av De Historiske - Hotel og Spisesteder 🤍✨ Kjøper du gåvekort hjå dei, er det gyldig hos oss i tillegg til mange av Noregs mest særmerkte overnattings- og severingsstadar.

Beløpet på gåvekortet vel du sjølv. Ei fantastisk gåve til den som er glad i gode opplevingar 🥰

🔗 Les meir her: https://www.lindstromhotel.no/aktuelt/gavekort-de-historiske-lindstrom-hotel

18/07/2026

Velkomen til Lindstrøm Hotel 💚 Møt vertskapet vårt Knut og Britt i denne videoen som blei laga i 2023. Sjå ein liten bit av vakre Lærdal og det historiske hotellet vårt - resten kan du oppleve ved å booke deg eit opphald ✨

🗝️ Booking: https://www.lindstromhotel.no/

Adresse

Øyraplassen 3
Lærdalsøyri
6887

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lindstrøm Hotel legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lindstrøm Hotel:

Snarveier

Del