Møre Og Romsdal Fylkeslag av NFF

Møre Og Romsdal Fylkeslag av NFF Her vil fylkeslaget holde våre medlemmer og andre interesserte oppdatert på alt som skjer i Møre Og Romsdal Fylkeslag av Norges Fibromyalgi Forbund.

I Norges Fibromyalgi Forbund er vi så heldige å ha fleire engasjerte og dyktige menn som utgjer Mannsutvalget NFF. Det e...
04/05/2026

I Norges Fibromyalgi Forbund er vi så heldige å ha fleire engasjerte og dyktige menn som utgjer Mannsutvalget NFF.

Det er framleis ein utbreidd myte at fibromyalgi berre rammar kvinner. Sanninga er at sjukdomen kan råke både kvinner og menn, i alle aldrar. Sidan det er færre menn som får diagnosen, blir tilstanden deira dessverre ofte oversett.

Difor spelar Mannsutvalget ei viktig rolle. Gjennom arbeidet sitt bidreg dei til meir kunnskap og synleggjering. Du kan følgje dei på Facebook for å få eit betre innblikk i kva dei jobbar med.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Tom Helge, som er leiar for Mannsutvalget.

✨ Nytt styre på plass i Møre og Romsdal fylkeslag av Norges Fibromyalgi Forbund ✨Det nye styret har no hatt sitt aller f...
27/03/2026

✨ Nytt styre på plass i Møre og Romsdal fylkeslag av Norges Fibromyalgi Forbund ✨

Det nye styret har no hatt sitt aller første styremøte – og vi gler oss til arbeidet vidare!

Styret består av:
🔹 Monica Ekrem – leiar
🔹 Helene Dimmestøl – nestleiar
🔹 Kristine Kragset – økonomileiar
🔹 Kari Marie Øvrebøe – sekretær
🔹 Jørn Hugo Hansen – medlem

Varamedlemmer:
🔸 Per-Arne Hjelle – 1. vara
🔸 Bente Jensen – 2. vara

Fylkeslaget skal vere eit viktig bindeledd mellom dei tre lokallaga våre – Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre – og vi ønskjer å styrke samarbeidet, både fagleg og sosialt, i tida som kjem.

Ta gjerne kontakt med oss om det er noko de vil spele inn 💬

💜 Bli medlem i Norges Fibromyalgi Forbund 💜Har du fibromyalgi – eller er du pårørande? Som medlem i NFF blir du ein del ...
04/03/2026

💜 Bli medlem i Norges Fibromyalgi Forbund 💜

Har du fibromyalgi – eller er du pårørande? Som medlem i NFF blir du ein del av eit sterkt fellesskap som jobbar for betre forståing, behandling og rettar for alle med fibromyalgi.

✨ Fagleg informasjon og medlemsblad
✨ Likeperson og fellesskap
✨ Kurs og arrangement
✨ Rådgiving og støtte
✨ Lokallag over heile landet

Ditt medlemskap gjer ein forskjell – både for deg sjølv og for andre 💪

I Møre og Romsdal har vi 3 lokallag:
💜 Nordmøre lokallag
💜 Romsdal lokallag
💜 Sunnmøre lokallag

👉 Les meir og meld deg inn her:
https://fibromyalgi.no/medlemskap/

Del gjerne vidare 💜

Medlemskap Som medlem i Norges Fibromyalgi forbund (NFF), er du med i en organisasjon som kjemper for dine rettigheter. Med ditt medlemskap kommer vi enda lenger. Takket være alle medlemmene våre står vi sterkere sammen om å gjøre hverdagen bedre! NFF jobber for at du med fibromyalgi skal få d...

Tusen takk til Kiropraktor Alexander Andorff for eit svært godt og lærerikt temamøte om fatigue og utmatting. - Du formi...
01/03/2026

Tusen takk til Kiropraktor Alexander Andorff for eit svært godt og lærerikt temamøte om fatigue og utmatting. - Du formidla kunnskap på ein tydeleg, varm og forståeleg måte, og gav oss både fagleg påfyll og noko å reflektere vidare over.

Fatigue kan vere usynleg for mange – men det er høgst reelt for dei som lever med det. Difor betyr det ekstra mykje å få slik grundig og respektfull undervisning om temaet.

Møre og Romsdal fylkeslag av NFF sitt temamøte, på Hotel Noreg i Ålesund, var fullteikna med 60 personar til stade - det seier mykje om kor viktig og aktuelt dette temaet er.

Takk for engasjementet og for at du deler kunnskapen din med oss, Alexander!

Minner om denne. Påmeldingsfristen er lørdag 14. februar 💜 Info i artikkelen
11/02/2026

Minner om denne. Påmeldingsfristen er lørdag 14. februar 💜 Info i artikkelen

INVITASJON TIL TEMAMØTE OG ÅRSMØTE
Nordmøre lokallag – Romsdal lokallag – Sunnmøre lokallag av NFF

Norges Fibromyalgi sitt fylkeslag i Møre og Romsdal har gleda av å invitere medlemmer i lokallaga - og andre interesserte - til temamøte og fylkeslaget sitt årsmøte;

💜 Dato: Laurdag 28. februar 2026
💜 Stad: Hotel Noreg, Kongens gate 27, Ålesund
💜 Tid: Klokka 12.00

PROGRAM ➡️

🍛 Lunsj kl. 12.00
Styret i fylkeslaget av NFF og lokallaga sine valde delegatar til årsmøtet, startar dagen med felles lunsj. Medlemer i lokallaga og andre interesserte er hjarteleg velkomne til å vere med på denne lunsjen. Det vert servert ein 2-retters varmlunsj til 295 kroner per person. Kvar enkelt må betale for mat og drikke. For at hotellet skal berekne nok mat til alle, så treng vi påmelding til lunsjen. Hugs også å informere om eventuelle allergiar.

Påmelding til Annvei Skogen Sørensen på SMS til:
918 52 784 📲 Frist for påmelding 14.02.2026.

🎤 Temamøte kl. 13.00 – 15.00
Vi er svært glade for å få besøk av kiropraktor Alexander Andorff, ein av Noregs fremste fagpersonar med spesialkunnskap om fibromyalgi. Han vil halde foredrag om fatigue og utmatting - eit tema som er svært aktuelt for mange av våre medlemmer. Temamøtet er gratis for medlemer. Ikkje-medlemer: 50 kroner.

🧑‍💻 Årsmøte kl. 15.30
Årsmøtet i Møre og Romsdal fylkeslag av NFF startar etter foredraget, og er ope for alle, men det er berre styret i fylkeslaget og lokallaga sine delegatar som har tale- og røysterett.

Vi håpar mange ønsker å delta på ein fagleg lærerik og sosial dag saman med oss – både på temamøtet og årsmøtet.

💜 Mvh Styret i NFF Møre og Romsdal fylkeslag 💜

INVITASJON TIL TEMAMØTE OG ÅRSMØTE Nordmøre lokallag – Romsdal lokallag – Sunnmøre lokallag av NFFNorges Fibromyalgi sit...
30/01/2026

Adresse

Varleitestubben 33
Larsnes
6065ULSTEINVIK

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Møre Og Romsdal Fylkeslag av NFF legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Møre Og Romsdal Fylkeslag av NFF:

Snarveier

Del