14/07/2026
Kjære badegjester!
Det er flott å sjå at så mange ønskjer å nyte den vakre stranda ved Leikanger Fjordhotel. Me håpar alle får ein fin sommar ved fjorden, og ber samstundes om litt hjelp til å ta vare på området vårt.
Me ber alle badegjester på stranda nytte inngangen via Strandavegen, og ikkje gå gjennom hotellområdet eller klatre over porten. Hotellområdet med parkering, hotellhage og brygge er privat og forbehalde våre overnattingsgjester.
Parkering framfor porten er forbode, både for bilar og syklar. Porten må til ei kvar tid haldast fri som tilkomstveg for naudetatar ved behov.
Me ønskjer alle velkomne til stranda, men ber om at born og ungdom ikkje oppheld seg åleine på hotellområdet. Føresette har ansvar for at borna viser omsyn og nyttar dei offentlege områda.
Treng du is, kaffi, kald drikke eller noko godt å ete? Du er hjarteleg velkomen innom resepsjonen – ved å handle hos oss bidreg du til at me kan halde området triveleg for både hotellgjester og lokalbefolkning.
Tusen takk for omsynet og forståinga. Saman skaper me ei trygg og hyggeleg sommaroppleving for alle. 💙