Kalvedalen Turisthytte

Kalvedalen Turisthytte Selvbetjent turisthytte i Alver. Dette er ei FB-side frå hyttestyret til Kalvedalen turisthytte. Det er både lette og krevjande T-ruter fram til hytta.

Kalvedalen Turisthytte ligg i Alver kommune, fint plassert i eit gammalt stølsmiljø i Kalvedalen. Fjellområda mellom Romarheimsdalen og Masfjorden er ukjent for mange. Landskapet her er vakkert og litt kupert, det vekslar mellom små, idylliske vatn, skog og myr til barske høgfjell. Kalvedalshytta gjev høve til fine natur- og turopplevingar både for store og små. Ved Storavatnet like ved har Turlag

et både båt og kano til gjestene. Frå Kvingo er det laga ny parkering i Vågsbotn og merka sti gjennom Gjelet opp til Blårdalsvatnet. Dette er ein gamal stølsveg som er rydda opp att. Ein lengre og flott tur er frå Andvik/Nørlandsdalen. Hugs bompengar (40,-) til parkering dersom du startar i Andvik. Den meste brukte vegen fram til 2019 var frå Stusdal/E39. Grunneigarane i Stusdalen ønskjer ikkje trafikk knytt til DNT-besøk. Allmannretten gjeld, men vis omsyn. Lat att grinder på vegen. Kalvedalshytta vert dreven som ei sjølvbetjent hytte med hjelp av dugnadsinnsats frå lokale krefter og Nordhordland Turlag. Om Kalvedalshytta og rutene sjå her: http://www.ut.no/hytte/3.2038/

Det har vore stor dugnadsaktivitet i Kalvedalen denne helga. Kvar krik og krok på turisthytta er vaska og skura, vindaug...
15/06/2026

Det har vore stor dugnadsaktivitet i Kalvedalen denne helga. Kvar krik og krok på turisthytta er vaska og skura, vindauge er pussa, lysestakar reingjorde og nytt sengetøy lagt på. Ved, gass og proviant er òg kome på plass.

Uteområdet har òg fått eit løft, med rydding av skog og kratt kring hytteanlegget.

No er årets stordugnad vel gjennomført, og Kalvedalen turisthytte står rein, ryddig og klar til å ta imot fjellfolk gjennom sommaren.

🔨🧹🪣🧽 Den 12. til 14 juni er det dugnad på Kalvedalen turisthytte. Da blir det mye arbeid med påfyll av proviant, stable ...
07/06/2026

🔨🧹🪣🧽 Den 12. til 14 juni er det dugnad på Kalvedalen turisthytte. Da blir det mye arbeid med påfyll av proviant, stable ved, skifte sengetøy, vaske og skubbe bord, stoler, hver krik og krok på hyttene slik at den skinner for gjester som kommer. Vi ønsker alle velkommen til Kalvedalen turisthytte, men legg gjerne besøk til en annen turisthytte denne helgen.

🎉12. -14. juni 2026 er det dugnadshelg i Kalvedalen!
02/06/2026

🎉12. -14. juni 2026 er det dugnadshelg i Kalvedalen!

I juni skjer årets høgdepunkt for våre gode frivillige på Vardadalsbu Turisthytte, Skavlabu Turisthytte og Kalvedalen Turisthytte!

Vi har kring 30 erfarne frivillige på hytteanlegga vi har dugnadsansvar for; desse tre fjellhyttene og Rongevær kysthytte.
Vi har alltid dørene opne for nye som har lyst å vere med. Høg trivselsfaktor og meiningsfylt arbeid i den finaste fjellheimen i verda. 🏆 Det er ganske vanleg at vi får venteliste på dugnadshelgene våre når det nærmar seg.

I kommentarfelta under her ligg info om datoar og påmeldingsknappen.

Vi feirar nasjonaldagen på finaste plassen❣️Info og påmelding finn du i kommentarfeltet 👍🏽
11/04/2026

Vi feirar nasjonaldagen på finaste plassen❣️

Info og påmelding finn du i kommentarfeltet 👍🏽

👉🏼 Har du fått med deg denne praktboka?🤩 Om liv og lagnad i bygdene, og turane i fjella frå fjordsida til Kalvedalen.👏 E...
05/04/2026

👉🏼 Har du fått med deg denne praktboka?

🤩 Om liv og lagnad i bygdene, og turane i fjella frå fjordsida til Kalvedalen.

👏 Eit imponerande arbeid av eldsjelene i bokgruppa. Raus formidling, innhaldsrik og inviterande ❣️

Løp og kjøp - bokgruppa (sjå bilete) kan kontaktast!

14/03/2026

🇳🇴 Også i år vert det tur for å feira nasjonaldagen i fjella og Kalvedalen Turisthytte!

Info og påmelding finn du i kommentarfeltet under her 👇

Adresse

Lindås

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kalvedalen Turisthytte legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kalvedalen Turisthytte:

Snarveier

Del

Type