01/01/2026
Det er støtt spennande å gå inn i eit nytt år, kva det vil bringe av gleder og sorger. Eg tenkjer på året som har gått, alle trivelege menneske, gjester, forretningsforbindelser mm oss har møtt i 2025. Summe "glir roleg forbi" andre vert med oss heile livet, kvifor gjer dei det? Trur svaret ligg i at dei gav av seg sjølve, gav oppmuntring, gode ord og begeistring. Det gjev oss livsmot og glede, samstundes må oss vera realistiske. Det går bra så lenge oss er to, og har mange gode menneske rundt oss, som besøker oss og kafeen, tek ein spøkefull prat. Det er viktig med sosiale stunder, derfor er oss glade i folk, yngre og eldre, og i kaféen. Dette er livet vårt. Sendar varme tankar og godt nyttår til dykk alle. Dykk er støtt velkomne til Skogheim!! Beste helsing Astrid og Oddvar 💫🌟❤️