19/04/2025
Skal du på ski I påska?🐣 Vi har ski, støvler, stegjern, tau, klatresele og isøks for utleie på www.naturopplevingar.no 😄🐣
Kvifor eige når du kan leige? Godt nytt for deg, miljøet og lommeboka! Enklare blir det ikkje! Vi guidar turer til topps til fots, på bre eller ski.
Lom
2690
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Naturopplevingar legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Send en melding til Naturopplevingar:
Hei frå fjellheimen, vi er Tea og Kjell. Firmaet vårt Naturopplevingar heldt til i Lom og Skjåk – to bygdeperler krinsa av nokre av dei flottaste fjella og fjordane Noreg byr på. Vi tilbyr utleie av friluftslivutstyr og skreddersyr naturopplevingar for små og store grupper.
I Naturopplevingar brenn vi for å gje deg opplevingar for livet. Vil du vere med på tur, nyttar vi gjerne vår erfaring og lokalkunnskap og skreddersyr eit opplegg i lag slik at opplevinga blir tilpassa ditt ynskje. Vi ordnar gjerne med både utstyr, guiding, måltid, overnatting og transport – alt etter kva fjelleventyr du har i tankane.
Naturopplevingar tilbyr skreddersydde fjelleventyr for familiar, firma, lag og grupper. Ta kontakt, så er vi snart på fjelltur!