19/10/2026
Vi gler oss til Lom Skifestival! Vinterens kanskje trivlegaste arrangement! 😀
-og ekstra gode prisar på overnatting om du bestiller direkte sjå oss 😉
Berre ein månad til årets fyrste og trivelegaste skifestival!🎉⛷🔥❄☀
Helga 12.-15. november inviterer vi skiglade folk til å starte sesongen saman med oss – med base på Norsk fjellsenter og med Jotunheimen som leikeplass😍
Sjå program, informasjon om guida turar og kjøp festivalpass på lomskifestival.no 🎿
Med festivalpass får du:
❄️ foredrag, kviss og hygge på Norsk fjellsenter
❄️ melde deg på guida turar til vinterens fyrste snø (påmelding kostar kr 900,- pr tur. Da får du også låne skiutstyr gratis av Fyrst&fremst! Med atterhald om nok ledig utstyr – ta kontakt i god tid)
❄️ middag på Norsk fjellsenter fredag
❄️ festivalmiddag på Nordal turistsenter laurdag
❄️ eksklusiv festivalpub med levande musikk på Nordal turistsenter laurdag kveld
❄️ inngang til utstillingane på Norsk fjellsenter
❄️ kaffi, bål og turtips heile helga
❄️ tilgang til badstue ved Norsk fjellsenter fredag og laurdag (påmelding kostar)
❄️ tilgang til leige av ski, skredutstyr og rettleiing frå lokale fjellførarar
❄️ gode prisar på overnatting i Lom sentrum