Juvasshytta

Juvasshytta Juvasshytta er det nærmeste utgangspunktet for bestigning av Nord-Europas høyeste fjell, Galdhøpiggen.
(237)

Herfra går det hver dag sommerstid guidede turer over Styggebreen og opp på "Piggen".

29/08/2026

Grunna for få deltagarar på Galdhøpiggen måndag 31.august samt 7. og 8. september arrangerer me ikkje turar til Galdhøpiggen desse dagane.
Siste dag for arrangert tur i år vert sundag 13.september.

Due to few participations, we will not be organizing trips to Galdhøpiggen on Monday the 31st, September 3rd, or September 6th, 7th, and 8th.
Last day for trips this season is September 13th.
For booking of tickets:

27/07/2026

Mange spørsmål om tur og vær om dagen. Turene går som planlagt, sjølv om værmeldinga seier at det er kaldare og noko meir vind. Gode klede er viktig, ull innst, mellomlag, vindtett utenpå. Har du dunjakke eller ullgenser er dette lurt å ha i sekken. Solbriller, lue og votter må ein og ha med. Gode sko er viktig. Me brukar brodder om dagen, har du brodder sjølv tilpassa dine sko ville eg teke dei med, ellers har vi brodder her og.

Turen går klokka 10.00 kvar dag, oppmøte 09.30 - du må førehandsbestille, seinast 18.00 dagen før. (Ja det kan bli fullt før)

Billettar til tur (desse er bindande ingen refusjon eller byte av dato!): https://online.bookvisit.com/extras?channelid=6ed9284a-039b-41bf-8b12-77a2a8634475

Meir informasjon om turen finn du her: https://juvasshytta.no/galdhopiggen

Velkomne til fjells!

PS. sumardekk på bilen går førebels fint :)
Bom betalast når du kjøyrer ned at.
Me svarar ikkje på messenger meldingar, ring oss eller send ein mail om du har andre spørsmål.

Ledige stillingar❗️Har du hatt ein draum og å vera hyttevert på Galdhøpiggen? Me har behov for vert/vertinne frå 1.augus...
20/07/2026

Ledige stillingar❗️
Har du hatt ein draum og å vera hyttevert på Galdhøpiggen? Me har behov for vert/vertinne frå 1.august. Har du høve ei eller fleire periodar høyrer eg gjerne frå deg. Ei periode er på 5 døgn. Du må vera sjølvstendig og serviceinnstilt.

Servitør og nattevakt: du må vera over 18 år, kunne jobbe minimum 3 veker, men moglegheit for arbeid ut sesongen til 13.september. Oppstart omgåande. Ein fordel om du har brukt Visbook før, men ikkje naudsynt.

Brefører: du må ha gjenomført brekurs, fyrstehjelpskurs og ha erfaring med guding/ eller leiing av større grupper før.
Oppstart 1.august minimum 3 veker, men mogleg med forleging ut sesongen. Kan kombinerast med hyttevert på toppen.

Er du glad i fjell, folk og unik oppleving? Da kan dette vera jobben for deg😉

Send meg ei melding om dette kunne vera noko for deg: 97159820, Silje

26/06/2026

❗️Ledige stillingar❗️
- resepsjonist ut sumaren og sesongen.
- Breførar ut sesongen

Resepsjonist kan tre til så fort som råd- jobbe ut sumaren eller ut sesongen til 15.september. Må vera 20.år, ein fordel om du har jobba på turisthytte eller liknande arbeid før, men ikkje nødvendig. Om du kan ha oppstart frå juli eller august så vil me gjerne høyre frå deg

Breførar: oppstart om lag frå 1.august og ut sesongen til 15.september
Du må vera fylt 20 år, ha brekurs og erfaring frå fjell og brea tidlegare.

Kan du jobbe berre deler av perioda så vil eg gjerne høyre frå deg likevel😀

Send meg ein mail på [email protected] - me anset fortløpande.

Det er spesielt å vakne på hytta til Knut Vole på Galdhøpiggen av at solstrålene treff ein i ansiktet. Gni sømnen ut av ...
18/05/2026

Det er spesielt å vakne på hytta til Knut Vole på Galdhøpiggen av at solstrålene treff ein i ansiktet. Gni sømnen ut av augo og sjå rett ut i eit vilt og rått fjellandskap. Bror Per Arne sender eit bilete ned til syster Silje på Juvasshytta, og får snart bilete attende av toppen frå nede. Ho er oppe klokka 4, har sett brøddeig, lagar frukost – mykje som skal ordnast.

Alt er stille dei få timane før dagens gjestar kjem.

Men fjella har si eiga råskap. Tåka leikar seg mellom tindane, buktar seg nedover dalsidene og snur med vinden opp att i fjellfar vi menneske berre kan drøyme om å ferdast i.

Nokre gonger ligg alt ope og klart framfor deg. Andre gonger forsvinn heile verda i kvitt.

Og kanskje er det nettopp det som gjer fjellet så spesielt. At ein aldri heilt får kontroll på det. Ein får berre vere til stades i det.

Denne helga har vore kaotisk. Lite søvn. Vêr som utfordrar vegen opp. Frykt, stress, latter og timar som ikkje strekk til.

Men midt oppi alt dette kjem dei små augneblikka som gjer at ein aldri ville bytta det bort.

Som når ungane ler i tåkehavet på veg opp fjellsida seint på kveld. Når dei heiar på mamma som blir hengande litt etter med tung sekk. Eller når sola plutseleg bryt gjennom og heile fjellet opnar seg rundt deg. Når gjestane smiler som ei sol.

Då skjønar ein kor heldige vi eigentleg er.

Heldige som får vere slitne fordi vi har noko meiningsfullt å bruke kreftene våre på.

Heldige som får jobbe saman med folk som held humøret oppe når det stormar som verst.

Heldige som får møte smilande menneske som ropar «gratulerer med dagen!» medan vi hastar mellom arbeidsoppgåver på Norges tak 🇳🇴

Og kanskje mest av alt:

Heldige som får vere med å forvalte noko som starta lenge før oss.

Generasjonar før oss bygde opp dette livet stein for stein. Dei gjekk dei same bakkane, såg dei same skyene drive over fjella og kjende sikkert på den same ærefrykta når vêret letta over Piggen.

Denne helga stod vi plutseleg på museet og leita etter ei gammal karamellpuddingoppskrift etter oldemor Rønnaug. Ei tynnsliten kokebok som nesten fell frå kvarandre når ein blar i ho.

Og eigentleg handlar det kanskje om akkurat det:

Å prøve å ta vare på små bitar av noko større enn oss sjølve.

Tradisjonar. Smakar. Historier. Fjell. Folk ❤️

Takk for nok ein flott 17. mai 🇳🇴❤️

Det verkar til at mange vil på Noregs tak og feire Nasjonaldagen der, det ligg an til ein fantastisk dag i fjellet. 🇳🇴⚠️...
17/05/2026

Det verkar til at mange vil på Noregs tak og feire Nasjonaldagen der, det ligg an til ein fantastisk dag i fjellet. 🇳🇴

⚠️Dette bilete er frå førre veke, no har det kome om lag 25-30 cm nysnø.
Det var lett å sjå sprekkane på piggebrean når ein gjekk denne dagen.
No er dei diverre ikkje like lett å sjå.
Anbefalar ingen å kjøyre ned piggebrean, særs i brytninga mot Syggebrean er sprekkane store.⚠️

Trygg tur alle❤️

Visit Jotunheimen

Hurra, påfyll av kvitt gull- med opning kom og «sjoggen», nett som bestilt🤭❄️25 cm pudder har kome i natt/dag❄️Sjølv om ...
14/05/2026

Hurra, påfyll av kvitt gull- med opning kom og «sjoggen», nett som bestilt🤭
❄️25 cm pudder har kome i natt/dag❄️
Sjølv om denne type gull jev utfordringar for trafikken, er den og velkomen.

Telefonen går forståeleg nok litt varm idag, så her kjem litt informasjon.

🚗 ja, du må ha vinterdekk for å kjøyre opp vegen no- vegen vert nattestengt kl 20 i kveld. Oppdaterer her om den ikkje vert nattestengt i helga
🚌 nei, det er diverre ikkje kollektiv transport opp hit 17.mai
🎿 17.mai går me på ski, inga påmelding. Avgang frå Juvasshytta kl 10.00🇳🇴

Velkomne til fjells!

Visit Jotunheimen

Det nærmar seg sesongstart, 14.mai opnar me dørene😃 Vegen er no open på dagtid, sidan Galdhøpiggen Sommerskisenter opna ...
09/05/2026

Det nærmar seg sesongstart, 14.mai opnar me dørene😃
Vegen er no open på dagtid, sidan Galdhøpiggen Sommerskisenter opna i går. Grunna varierande vér held me den nattestengt. Siste 2km er det vinterføre, så vinterdekk må du ha for å kjøyre opp.
Her er nokre bilete frå siste 14 dagane 😍

Ps: grunna hektiske dagar mot opning er me på etterskot både mail og telefon, beklager det. Me gjer så godt me kan😅

Visit Jotunheimen

🤶🏻🎅🏻🎄
22/12/2025

🤶🏻🎅🏻🎄

⭐VINNAR ER TREKT⭐

Tittei, veslejulekveld! Vi har trekt ein heldig vinnar av premien bak "snøsnorm"-luka vår.
Marianne Holen kan sjå fram til opphald på fantastiske Juva på Juvasshytta . Du får overnatting på familierom på Juva samt middag for 4, sesongen 2026. GRATULERER!

Nå er det to luker att, og dagens er ute!
Lykke til - og god veslejulekveld!⭐
▪️▪️▪️

🎅JULEKALENDER - LUKE 22: Vinn overnatting på familierom på Juva, inkludert middag for 4 - på Juvasshytta !

Tema: SNØSTORM🌪️❄️

1: Legg ut eit bilete som passar til dagens tema - og fortell gjerne om di råaste naturoppleving om vinteren? ☃️
2: Følg Juvasshytta og Visit Jotunheimen.

🎖️Premien bak luke 22 bringer deg ut på eventyr til toppen av Norge! 1841 meter over havet ligg Juvasshytta, ei privateigd turisthytte som er det nærmaste utgangspunktet for turar til Norges høgaste fjell, Galdhøpiggen. Om sommaren er det daglege guida turar til topps og ope sommarskisenter ved hytta. I restauranten kan du nyte utsøkt lokalmat med storslått utsikt til Galdhøpiggen.
Juvasshytta opnar 14.mai 2026!

👉 https://juvasshytta.no/

Lykke til!
🎅🎅🎅

🏆 Konkurransa går parallelt på både Facebook & Instagram, og du kan delta på båe stader! Kvar dag trekk vi ein tilfeldig vinnar av alle som har delteke. Vinnar blir annonsert i sjølve posten, samt kontakta direkte frå Visit Jotunheimen sin profil.

⚠️OBS: Vi åtvarar mot falske kontoar som kan dukke opp i våre kommentarfelt. Visit Jotunheimen vil aldri be deg om å dele dine betalingsopplysningar eller sensitive opplysningar.⚠️

Nett no drøymer me om snø, kaladegrader og skiføre i bygda. Håpar det kjem til jul🎄 sjølv om ein kan føle at sesongen ne...
12/11/2025

Nett no drøymer me om snø, kaladegrader og skiføre i bygda. Håpar det kjem til jul🎄 sjølv om ein kan føle at sesongen nett er over så har
mange allereie starta med planlegginga av både vårskiturar og sumareventyr med familien.
Bookinga vår for 2026 ligg ope.
Sesongen tek til 14.mai og me held ope til 13.september -26.

https://online.bookvisit.com/accommodation?channelId=6ed9284a-039b-41bf-8b12-77a2a8634475

Ute etter julegåve? 🎁me har gåvekort med valfri sum via bookinga og.

Adresse

Galdhøpiggvegen 1492
Lom
2687

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Juvasshytta legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Juvasshytta:

Snarveier

Del