26/08/2026
Bli med på 6-vekers kurs for gravide! Vi ynskjer å hjelpe deg med å ta vare på kropp og sinn under svangerskapet, førebu deg på fødsel og skape eit fellesskap for gravide. Kurset er relevant i alle tre trimester av svangerskapet. Kurset arrangerast av yogalærar Marte Sofie Søreide og jordmor Heidi Fortun. Marte og Heidi har satt opp gravidkurs i lag før, og gler seg til ein ny runde med gravidyoga.
🤍 Kom som du er - ingen krav til forkunnskaper.🤍
🌼 Når: 6 måndagar frå 28.september til 9. november 2026, kl. 19.30 - 21.00. Du er velkommen til å komme frå kl.19 for ein kopp te og ein hyggeleg prat før timen startar. OBS! Det blir ingen kurs i haustferieveka, altså den. 5. oktober.
🌼 Kor: Heggjabygda Gjestegard, Nordfjord (ca. 15 min køyring frå Nordfjordeid). Heggjabygda Gjestegard har ein eldre eldstove som nyleg er renovert og gjort om til ein yogasal. Her kan man kople av og nyte den vakre utsikta og stillheita.
🌼 Litt om kursinnhaldet: Kvar kursdag vil innehelda ein jordmorprat, yogaøvingar, meditasjon, pusteteknikkar og avspenningsøvingar.
🌼 Tema for dei ulike kursdagane er:
1. Pust
2. Avspenning og bekkenbunnstrening
3. Fysisk trening
4. Eigenomsorg
5. Fødsel
6. Tida etter fødsel
🌼 Pris: Dersom du ønskjer å vere med på heile kurset, koster dette 1500,-. Vi vil anbefale deg å bli med på heile kurset dersom du har høve, fordi dei ulike kursdagane byggjer på kvarandre. Det er likevel også mogleg å vere med på drop-in, prisen er då 300,- per kursdag.
🧐 Les meir om kurset og meld deg på her:
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSd5iEXzJKVfcBqmAcBzKCuemgrpB4qwn0LDDxfTIAWW81A-JQ/viewform