15/10/2026
Denne veka har yrkesseksjon helse og sosial hatt besøk av Sigrun Bøe Perez, frå fylkeskontoret.
Svein Erik Kalvatn, som er vår yrkessseksjonsleiar, har organisert og styrt på slik at ein skulle nå over mykje på 2 dagar.
Heimetenestene, institusjonane med kjøkken og LA-sentera er nokre av dei som har fått besøk. På Hogatunet fekk vi ein lengre prat med avdelingsleiar Siv Helen om korleis Stad kommune satsar på lærlingar i alle variantar og tilrettelegg for at eigne tilsette kan få ta fagbrev.
To kjekke dagar der vi har blitt godt tekne imot over alt. Og jammen klarte vi å rekruttere nokre nye medlemmar og.
Fagforbundet Vestland Yrkesseksjon helse og sosial.
Fagforbundet Vestland
Fagforbundet