04/08/2026
Me er med i FINALEN i konkurransen "Noregs beste gardsbutikk"! 🥳😍
Medan eg (Fru Aarvik) stod og gjorde klart til dei neste store bakedagane denne veko fekk eg telefon frå Bladet Tysnes om korleis me følte om å vere ein av finalistane i konkurransen og du kan tru me vart heilt overrumpla og positivt overraska!!
Tenk at de er så mange som har nominert oss, som har heia på oss og ikkje minst at de stadig kjem på besøk, fortel vennar og bekjente om denne vesle garden som ligg bortgøymt i ei lita, men vakker bygd på Vestlandet i bygda Baldersheim ❤️
Det betyr mykje for oss og alle me som jobbar på frå tidleg til seint i bondeyrkene våre for å produsere god og næringsrik mat til folk å bli løfta fram i ein slik konkurranse som HANEN arrangerar! Me er utruleg takksam og ydmyk over den tilliten de har vist oss etter at me vågde å satse og investerte i Aarvik Gard!
Berre så det er sagt; Aarvik Gard hadde ikkje vore det det er utan alle de som kjem på besøk, som har vore frivillige og budd med oss eller jobba hos oss, det er de som gjer gardstunet og bygda vår levande! ❤️
Aarvik Gard hadde heller ikkje blitt den gode gardsbutikken utan alle våre bondevenner og råvareprodusentar som lagar dei mest fantastiske ostar, blomar, kjøt, mjøl, krydder, is, drikkar og gode bøker 🥰🙏 De veit alle kven de er! Frå botnen og heilt til toppen av hjartet- TUSEN HJARTELEG TAKK ❤️
No blir det utruleg spanande å sjå korleis det går vidare i konkurransen for me er i godt selskap med to andre fantastiske gardsutsalg i landet 😍:
HOLE GARDSUTSALG i Rogaland og
Cecilie Helgesen i Finnmark
Me gler oss til fortsettelsen og me skal sjølvsagt halde dykk oppdatert uansett korleis det går! Me føler sjølv at me allereie hadde vunnet når me fekk komme blant topp 10 i Noreg 🥳 Så dette er ein fantastisk bonus å vere ein av finalistane!!
God veke til deg og dine, så sjåast me plutseleg 🥰
Alt godt,
Familien i Aarvik