18/09/2026
110 år og 4 generasjonar Skaar på Rugsund Handelsstad✨
Og alt begynte med denne mannen. Bestefaren til Harald, som kjøpte Handelsstaden i 1916.
Han og heitte Harald, og han vurderte også å kjøpe andre stadar enn Rugsund Handelsstad. Tenk om han han hadde valt annleis. Det er rart å prøve å sjå føre seg kor vi kanskje hadde vore då.
Vi er glade for valget han tok den gongen, og for at han valde å busette seg og stifte familie akkurat her. Og det er kjekt at han likte å ta bilder av små og store ting i livet. Som på dette koselige bilde der han står med sonen Lars Harald på armen i hagen nedanfor hovedhuset.
Skal tru kva nye generasjonar i familien vil tenkje og fundere på når dei ser gjennom albuma etter 110 år til⏳