GHK

GHK Gloppen Handballklubb er ein overbyggjingsklubb for handballen i Gloppen. På denne sida vil du få informasjon om kva som rører seg i klubben.

Lurer du, som utflytta gloppar, til dømes på om GHK snart skal spele kamp i Bergen? Eller kanskje du bur i Gloppen, men ikkje er så flink til å sjekke kva tid kampane går. Ved å like denne sida vil denne informasjonen kome direkte til deg i god tid før kampstart :)

Har du spørsmål knytt til kampar, spelarar eller klubben? Kanskje finn du svar på denne sida eller heimesida vår, eller du kan sende oss ei melding.

📣 Laurdag er det klart for ein ny, fabelaktig kjekk kampdag i hallen, og denne dagen er det damene som skal i aksjon.Med...
23/03/2026

📣 Laurdag er det klart for ein ny, fabelaktig kjekk kampdag i hallen, og denne dagen er det damene som skal i aksjon.

Med heile 7 kampar på programmet ligg alt til rette for spenning, innsats og god stemning både på bana og utanfor. 🙌🏼⭐️

Enivest AS er med som kampsponsor heile dagen, og dei bidreg til å gjere opplevinga ekstra kjekk for både spelarar og publikum. Det blir utdeling av buffar, og vi kårar banens beste spelar i avslutningsrunda, som får med seg ein fullstappa Enivest-sekk! 🎒🤩

Dette vil du rett og slett ikkje gå glipp av! Ta med deg familie og venner, møt opp i hallen og ver med på å skape skikkeleg liv på tribuna 💥

Vi gler oss, og håpar du kjem! 💪 Vi garanterer masse god handball og god stemning!

Minner om årsmøte ved Gloppen hotell onsdag 18. mars kl 18:00. Vanlege årsmøtesaker. Velkomne! 😊
18/03/2026

Minner om årsmøte ved Gloppen hotell onsdag 18. mars kl 18:00. Vanlege årsmøtesaker. Velkomne! 😊

16/03/2026

📢VI SØKER EIN MINIBUSSJÅFØR TIL HELGA!

Herrane skal til Bergen i helga for å spele siste kamp for sesongen. Vi har ordna med minibuss, men manglar sjåfør. 😱Kan du, eller nokon du kjenner, køyre minibussen og vere med oss? 🙏

Kommenter gjerne under her om det kan vere aktuelt, eller ta direkte kontakt med lagleiar Terje Arnestad.

Vi håpar det løyse seg! Takk for hjelpa!

VELKOMMEN TIL BASAR! 🤩 Håpar å sjå akkurat deg i Gimle kl 16! 🤩 Vi har fått inn masse flotte vinstar, det blir god basar...
15/03/2026

VELKOMMEN TIL BASAR! 🤩 Håpar å sjå akkurat deg i Gimle kl 16! 🤩 Vi har fått inn masse flotte vinstar, det blir god basarstemning med både åresal, og servering. Vi sjåast!

15/03/2026

‼️ Dagens herrekamp mellom Gloppen og Mathopen/Kjøkkelvik kl 13:05
er dessverre avlyst på grunn av at gjestene ikkje klarte å stille lag. ‼️

11/03/2026

🗓️ Årsmøte i GHK onsdag 18. mars. ⭐️
Vanlige årsmøtesaker.

📌Tid: kl 18.00-20.00
📌Stad: Gloppen Hotell

📃 Dei som har ei sak til årsmøtet, må sende den til styret / [email protected].

Det blir enkel servering.

Velkomne! 😊

📣Enivest AS er kampsponsor når herrane tek imot NHHI på heimebane laurdag 14. mars kl 16.00! 🥳Det blir full fres både på...
10/03/2026

📣Enivest AS er kampsponsor når herrane tek imot NHHI på heimebane laurdag 14. mars kl 16.00! 🥳

Det blir full fres både på bana og på tribuna. Enivest stiller med buffar til publikum, og vi kårar banens beste spelar som får ein fullstappa Enivest-sekk med spennande innhald! 🤩

Vi gler oss til ein skikkelig bra kampdag i hallen, så ta turen innom og bidra med både stemning og støtte i poengjakta! 💪 Møt gjerne opp tidlegare på dagen også, for å få med deg G16 som spelar dobbelkamp mot Syril. 👏

Tusen takk til Enivest AS for den uvurderlege støtta! 🙏

Velkomne til GHK-basar i Gimle, søndag 15. mars kl. 16. 🤩Då byr vi på skikkelig god basar-stemning med både åresal, kaff...
27/02/2026

Velkomne til GHK-basar i Gimle, søndag 15. mars kl. 16. 🤩Då byr vi på skikkelig god basar-stemning med både åresal, kaffimat og god "søje" rundt borda. Masse flotte premiar og vinstar! Har du lyst å bidra med vinstar, kan desse leverast inn til Rema 1000 Sandane. Ta vel i mot loddseljarane som kjem rundt med bøkene i tida fram mot basaren! 🥰

👉 Stikk gjerne innom den nye nettsida vår for å lese meir: https://ghk.klubbnettside.no/klubben/ghk-basar-i-gimle-15-mars

Vi håpar å sjå deg der! 😍

TOPPKAMP i hallen fredag kveld kl 19:30! ⭐️💪🏼 Då tek damene våre imot Florø til èin skikkelig thriller på heimebane! 🔥Vi...
03/02/2026

TOPPKAMP i hallen fredag kveld kl 19:30! ⭐️💪🏼 Då tek damene våre imot Florø til èin skikkelig thriller på heimebane! 🔥Vi gler oss til masse god handball, masse mål, og rett og slett den beste fredagsunderhaldninga! 🙌🏼

Vi håpar å sjå ei fullsett tribune som kan hjelpe damene til seier! Det blir garantert underhaldande! 🤩 Ta med èin venn eller ti, og bli med på å lage god tribunestemning! Sjåast i hallen! 🤾‍♀️

Denne vekas kampar, der èin allereie er ferdig spelt. 👇🏼 På fredag blir det èin skikkelig thriller, når damene møter Flo...
03/02/2026

Denne vekas kampar, der èin allereie er ferdig spelt. 👇🏼 På fredag blir det èin skikkelig thriller, når damene møter Florø på heimebane. 🤩💪🏼 Søndag møter J16-2 Førde 2 i hallen. Håpar å sjå deg på plass med heiarop og god stemning på tribuna! Vi ønsker alle laga våre lykke til med kampane! ⭐️

Riktig godt nyttår! ⭐️ Vi gler oss til mykje handballmoro utover vinteren og våren, og denne veka ser kampoversikten sli...
08/01/2026

Riktig godt nyttår! ⭐️ Vi gler oss til mykje handballmoro utover vinteren og våren, og denne veka ser kampoversikten slik ut for laga våre. Vi håpar å sjå deg i hallen på heimekampar, og ønsker spelarane og lagsapparata lykke til med kampane! 💪🏼

26/12/2025

Romjulscupen er dessverre avlyst grunna få påmeldte lag..

Adresse

Gota 14
Sandane
6823

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når GHK legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til GHK:

Del