Gloppen Næringsorganisasjon

Gloppen Næringsorganisasjon Gloppen Næringsorganisasjon (GN) er næringslivet sin interesseorganisasjon i Gloppen og skal fremm

Handelen på Sandane: meir nyansert enn overskriftene tilseierDei siste vekene har fleire saker i Firda Tidend teikna eit...
24/10/2025

Handelen på Sandane: meir nyansert enn overskriftene tilseier

Dei siste vekene har fleire saker i Firda Tidend teikna eit dystert bilete av handelen på Sandane. To butikkar med utfordrande økonomi og eit planlagt utbyggingsprosjekt som møter motbør, blir tolka som symptom på at Sandane sentrum er i ferd med å døy. Det er forståeleg at ei avis skal løfte fram utfordringar – men det er like viktig å teikne eit rett og heilskapleg bilete av stoda.

Gloppen Næringsorganisasjon har over 100 medlemsbedrifter frå heile kommunen, og vi ser eit sentrum i endring, ikkje i forfall.
Ja, detaljhandelen er under press – det er ein nasjonal trend, ikkje særskilt for Sandane. Netthandel, nye forbruksvanar og stram økonomi råkar småstadane hardast. Samstundes skjer det mykje positivt her:

• Nye verksemder har opna i sentrum dei siste åra, innan både handel, service og servering.
• Fleire lokale eigedomsaktørar investerer no i oppgradering av bygg, utleigelokale og leilegheiter – noko som bidreg til aktivitet og attraktivitet.
• Trivselshagen, Trivselsskogen og ei rekkje arrangement som Sandanedagane, Matamål og Norsk Countrytreff trekkjer tusenvis av besøkjande til Sandane kvart år – med ringverknader for både butikkar og serveringsstadar.
• Vi ser auka etableringsvilje blant unge gründerar, særleg innan opplevingar, mat, helse og velvære – næringar som styrkjer sentrum og skapar trafikk.

Det er altså ikkje slik at lyset brenn blått for Sandane. Tvert imot ser vi at mange næringsaktørar tenkjer nytt, samarbeider og investerer for framtida.

Samtidig treng vi ein realistisk og samlande diskusjon om korleis sentrum skal utviklast vidare. Skal Sandane halde fram som ein sterk handelsstad, må det vere rom for både tradisjonelle butikkar og nye konsept. Vi treng bustadar, kaféar, tenestetilbod og gode møteplassar – ikkje berre butikkfasadar.
Difor bør planverket vårt gi fleksibilitet til utviklarar som faktisk ønskjer å satse, utan at vi mister kvalitet eller langsiktige mål av syne.

Vi deler avisas ønske om at det må «skje noko». Men vi vil samtidig minne om at mykje allereie skjer, og at vi har eit sterkt lokalt næringsliv som står på kvar einaste dag for å skape liv i sentrum.

Utvikling krev likevel to ting:
At folk handlar og brukar dei lokale tilboda – og at næringsaktørane sjølve held fram med å fornye seg, tenkje nytt og møte kunden med attraktive og konkurransedyktige produkt og tenester.
Den kombinasjonen er nøkkelen til at Sandane held fram som eit levande og moderne regionsenter.

Kvar gong ein handlar, et ute, brukar lokale tenester eller vel lokale leverandørar, bidreg ein til å halde hjula i gang i Gloppen. Det handlar ikkje om å vere snill – det handlar om å investere i lokalsamfunnet vårt.
Vi treng kvarandre – og saman kan vi halde bygdene våre levande, attraktivt og i utvikling.

Vegar Sårheim
Dagleg leiar, Gloppen Næringsorganisasjon

Opplev verdenslaget i Gloppen! 🌍🌟 Klar for ei helg med spektakulær turn, gymnastikk og dans? Verdenslaget DGI er no i Gl...
16/10/2025

Opplev verdenslaget i Gloppen! 🌍
🌟 Klar for ei helg med spektakulær turn, gymnastikk og dans?
Verdenslaget DGI er no i Gloppen for å halde workshop og show!
Bli med for å lære og inspirerast! 💪
Sjekk ut meir her: https://www.norevent.no/

Tusen takk for ein lærerik dag om moglegheiter knytt til Biogass og gode innlegg frå Roger Flølo i Nyvinn, Jørgen Veien ...
11/09/2025

Tusen takk for ein lærerik dag om moglegheiter knytt til Biogass og gode innlegg frå Roger Flølo i Nyvinn, Jørgen Veien frå Byrkjelo Næringspark, Kristen R. Ravnestad og Kjartan Aa Berge i Biohub Fjordane, Anders Felde i Fjordane Biogassforum og Anne Stine Hovland i Grønb Region Vestland!
Håpar mange blei inspirert!

Siste cruiseskip på Sandane for sesongen. Vi er på plass for å guide turistar til kortreiste opplevingar i Gloppen, på v...
20/08/2025

Siste cruiseskip på Sandane for sesongen. Vi er på plass for å guide turistar til kortreiste opplevingar i Gloppen, på vår måte.

🚢 Cruisesesongen er i gang på Sandane!I dag tek vi imot årets første cruiseskip, og Gloppen Næringsorganisasjon testar u...
24/06/2025

🚢 Cruisesesongen er i gang på Sandane!
I dag tek vi imot årets første cruiseskip, og Gloppen Næringsorganisasjon testar ut vertskap og opplevingsprodukt i sentrum. Vi ynskjer å gje passasjerane eit varmt møte med Gloppen – frå guida turar til fossar og skog, til lokalmat og fjordsauna!

Dette er starten på eit spennande arbeid for å utvikle eit godt og berekraftig tilbod til cruiseturistar i Gloppen. 💙

Har du lyst å bidra er det berre å ta kontakt!
Takk til Marianne, Jannicke og andre gode hjelparar i dag!

📍 Har du vore på kaia i dag og sett aktiviteten?

Adresse

Sandane
6828

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gloppen Næringsorganisasjon legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gloppen Næringsorganisasjon:

Del