11/09/2026
Éi avlysing og to nye på programmet
Karianne Tung har gått av som digitaliserings- og forvaltningsminister og stiller dessverre ikkje på Kraft i Vest. Men då er det veldig gledeleg å annonsere to nye, sterke namn på programmet.
Gjermund Eide var i 10 år militær rådgjevar for Jens Stoltenberg i NATO, og var tett på store og viktige internasjonale prosessar. På Kraft i Vest gir Eide ein fersk analyse av geopolitikken og trusselbiletet akkurat no. Deretter deler han erfaringar som viser korleis sjølv små observasjonar, tankar og handlingar kan utløyse handlekraft og skape endring – og kva vi kan lære av ein toppdiplomat som Jens Stoltenberg når det gjeld å byggje og vedlikehalde verdifulle relasjonar.
Truls Gulowsen er, som tidlegare leiar av både Greenpeace og Naturvernforbundet, ei av Noregs sterkaste stemmer for dei natur- og miljøutfordringane samfunnet vårt står overfor. På Kraft i Vest deler han sine tankar om korleis vi kan balansere handlekraft, verdiskaping og ivaretaking av viktige naturverdiar.
Meld deg på Kraft i Vest 24.-25.9 på Sandane, og få med deg desse og andre spennande innlegg frå Eirik Norman Hansen, Tove Bjørgaas, Kjersti Haugland, Bjørn Mannsverk, Ola Borten Moe, og mange fleire.
Heile programmet finn du på www.kraftivest.no