21/12/2024
Informasjon til alle med brøyting gjennom Skotbu Vel for sesongen 2024/2025
Vi i Skotbu Vel vil informere alle med brøyting gjennom oss at faktura for brøytingen for sesongen 2024/2025 vil bli sendt ut i dei to første vekene i januar. Fakturaer vil bli sendt ut puljevis, men har du brøyting og ikkje har fått faktura i løpet av dei to første vekene i januar ber vi deg om å ta kontakt med Skotbu Vel ved å sende e-post på [email protected], så tek vi kontakt slik at vi kan ordne opp i faktura.
Alle som er medlem av vellet har ein rabatt på brøytinga på 15%. Då eit fleirtal av dei som får faktura er medlemar, har vi valt å vise dette som eit tillegg på fakturaen til dei som ikkje er medlem. Er du ikkje medlem no og ønskjer å bli dette, kan du gjere dette ved å følge denne lenken https://skotbuvel.portal.styreweb.com/arrangement/ArrangementSession?ID=Innmelding.
Det er fortsatt ein del som ikkje har betakt kontingent for 2024 så vi håper alle som ikkje har gjort dette vil betale denne så snart som mogleg. Om du ikkje har betalt kontingenten og har brøyting vil ikkje rabatten gjelde. Ta kontakt med oss om du ikkje har fått faktura så vil vi sende denne til dykk slik at de kan betale denne og få rabatten på 15%.
Til informasjon så er det fortsatt nokon som ikkje har betalt faktura for brøyting 2023/2024 sesongen, så vi ber alle som har hatt brøyting men endå ikkje har betalt om å gjere dette, veit du at du har hatt brøyting men ikkje har fått fakturaen ber vi dykk om å ta kontakt med oss på e-post [email protected] slik at vi kan ordne opp i dette.
Ha de spørsmål om brøytinga for sesongen 2024/2025 er det berre å sende oss ein e-post.
På grunn av nytt medlemssystem må alle, som er medlemmer eller vil bli medlem, legge inn informasjon om seg selv her på denne nettsiden.