Eikum Hotell

Eikum Hotell Langt inne i den lengste og flottaste fjorden i Europa, Sognefjorden, ligg Eikum Hotell, sentralt plassert ved idylliske Hafslovatnet.
(1)

Eikum Hotell er eit godt utgangspunkt for rike naturopplevingar, med Jostedalsbreen og Sognefjorden som næraste naboar. Eikum Hotel ligg 16 km frå Sogndal, og har 60 rom, restaurant, gode møte- og konferansefasilitetar. Vårt tradisjonsrike hotell, som har vore kjent for sin personlege service og heimelaga mat sidan 1919, framstår i dag som eit koseleg familiehotell, og det er 4. generasjon som eig

og driv hotellet. Eikum Hotell og Hafslo er eit glimrande utgangspunkt for mektige naturopplevingar, anten du prioriterer krevande breturar på Jostedalsbreen, rolege sightseeingturar på Sognefjorden eller mangfaldige kulturopplevingar, mellom anna til Urnes Stavkyrkje. Les meir om Eikum og våre mange attraksjonar på www.eikum.no, og ta turen til Sogn og opplev eit av dei finaste naturområda i Noreg.

EIN KJEKK SOMMAR-ONSDAG HJÅ OSS…🌸Me har fine dagar for tida, og i dag hadde me både eit lokalt selskap og over 100 turis...
29/07/2026

EIN KJEKK SOMMAR-ONSDAG HJÅ OSS…🌸

Me har fine dagar for tida, og i dag hadde me både eit lokalt selskap og over 100 turistar på middag og overnatting🌸

Flinke tilsette som stod på heile kvelden, og fornøgde gjester, då er me fornøgde også🌸

SOMMAR, SOL, SOGN, SVENSKAR, SPANJOLAR, SØR-AMERIKANARAR SAMT SIGHTSEEING = SUPRE SOMMARDAGAR🌸Ekstra kjekt å ha turistar...
15/07/2026

SOMMAR, SOL, SOGN, SVENSKAR, SPANJOLAR, SØR-AMERIKANARAR SAMT SIGHTSEEING = SUPRE SOMMARDAGAR🌸

Ekstra kjekt å ha turistar frå Argentina og Spania på besøk i desse dagar, spanjolane gler seg til finalen søndag, medan Messi-tilhengjarane ser fram til semifinalen ikveld⚽️

Me tykkjer det er stor stas med 4 bussgrupper og individuelle gjester ikveld, og helikoptersighseeing for ei fin svensk gruppe frå hagen igår kveld🚁

Me set også svært stor pris på kjekke gjester som kjem att år etter år, og utruleg artig med flott veteranbil som er unik attraksjon for alle våre buande gjester🌸🌟

Og me er igjen storveges fornøgde med våre tilsette- her representert ved den alltid smilande og blide Hafslojenta Inger Anne🌸😀

Super stemning på flotte sommardagar hjå oss for tida🌸☀️ Gjester frå Tenerife som er overraska over kor varmt det er på Hafslo, like varmt som på Gran Canaria☀️👍

GLITRANDE GULLBRYLLAUP, GLADE TURISTAR OG GRAVFERD I GÅR❤️I nydeleg sommarver med flotte temperaturar heile dagen, var d...
12/07/2026

GLITRANDE GULLBRYLLAUP, GLADE TURISTAR OG GRAVFERD I GÅR❤️

I nydeleg sommarver med flotte temperaturar heile dagen, var det full fart hjå oss i går, både oppe og nede, inne og ute🌸

Gullbryllaup i spisesalen, gravferd i «Festsalen» og «Kjellarstova», bussgrupper frå Polen og Tyskland - totalt 180 til bords - og fantastiske tilsette som sprengte stegteljaren sin ved å springa opp og ned i heile huset💖

Tusen takk for gode tilbakemeldingar frå fornøgde gjester, det er GULL verdt for oss💛 Me takkar så mykje, og set utruleg pris på at de la arrangementet dykkar til oss, og ønskjer dykk hjarteleg velkomne igjen🌸

Og i dag ventar me nok eit selskap, samt nesten fullt hus med overnattingsgjester ikveld🌸👍

Sommaren er herleg….☀️😎🍷🍽️🛏️💖

VELFORTENT APPLAUS TIL VÅRE FLINKE UKRAINSKE JENTER FRÅ VÅRE KJEKKE UKRAINSKE GJESTER… TUSEN TAKK🌸💖
04/07/2026

VELFORTENT APPLAUS TIL VÅRE FLINKE UKRAINSKE JENTER FRÅ VÅRE KJEKKE UKRAINSKE GJESTER… TUSEN TAKK🌸💖

DYRT Å VISE VM FOR UTESTADER…Harry (64) fortviler: For dyrt å vise VM på bygdepub.
30/06/2026

DYRT Å VISE VM FOR UTESTADER…

Harry (64) fortviler: For dyrt å vise VM på bygdepub.

Leksvik er ikke fotballverdens navle. Men mange der elsker fotball, VM, Norges landslag og øl. De får ikke sett TV 2-sendte kamper sammen på bygdas pub.

26/06/2026

Heile hagen full av franske menn og kvinner som er klar til kamp ikveld⚽️

ALLE GODE TING ER 3…🌸✅3 bussar pr kveld✅3 døgn på rad✅3 VM - land
22/06/2026

ALLE GODE TING ER 3…🌸

✅3 bussar pr kveld
✅3 døgn på rad
✅3 VM - land

SUVERENE SPANJOLAR PÅ EIN SOMMARLEG SØNDAGSKVELD🇪🇸🌸☀️👍Me er så fornøgde denne søndagskvelden i juni, då me hadde 90 span...
14/06/2026

SUVERENE SPANJOLAR PÅ EIN SOMMARLEG SØNDAGSKVELD🇪🇸🌸☀️👍

Me er så fornøgde denne søndagskvelden i juni, då me hadde 90 spanjolar til bords på ein gong🌸

Etter humøret deira, og tilbakemeldingane å dømma, var dei fornøgde også😀

Me likar at det er full fart, og at sommarsesongen er godt i gang- og at temperaturane gjer at hagen også var godt besøkt ikveld☀️🌸

Tusen takk til flinke tilsette også ikveld😀🌸

Nytt innlegg på nettsida vår🌸
14/06/2026

Nytt innlegg på nettsida vår🌸

Turistsesongen er i full gang, og me på Eikum stortrivst med folk i alle aldre og alle nasjonalitetar i kvar ein krok på hotellet…:)

SONGARSTEMNE PÅ HAFSLO🎶🎶Me takkar så mykje for besøket til alle songarane som besøkte oss i helga, og takk til arrangøra...
07/06/2026

SONGARSTEMNE PÅ HAFSLO🎶🎶

Me takkar så mykje for besøket til alle songarane som besøkte oss i helga, og takk til arrangørane Hafslo Songlag for EiT godt gjennomført arrangement🌸🎶

Adresse

Hafslovegen 166
Sogndalsfjøra
6869

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Eikum Hotell legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Eikum Hotell:

Snarveier

Del