Walaker Hotell

Walaker Hotell Velkomen!✨ Velkommen til Noregs eldste hotell! I 2008 vart det bekrefta – Walaker hotell er Noregs eldste. I dag er det 9. Igjen – velkomne skal de vera!

Noregs eldste hotell frå 1640 - drive av familien Nitter Walaker i ni generasjonar. ⚜
To MICHELIN-nøklar i 2025 🗝🗝
Stolt medlem av
Du finn oss i Solvorn i Sogn på vestlandet. generasjon Nitter Walaker som styrer hotellet, som har vore i den same familien sidan 1690. Hotellet har også vore i drift lenger enn som så, men pålitelege kjelder har vore vanskeleg å finna frå før 1600-talet.

Innerst i den mektige Sognefjorden ligg den pittoreske bygda Solvorn. Her er det stille og fredfullt, blant høge fjell og djupe fjordar. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen, og utsikten kan alle gjestene nyta godt av, både frå hagen, restauranten og dei fleste romma. Kva med å ta seg ein morgondukkert i fjorden etterfulgt av ein god, norsk bondefrukost med blant anna syltetøy frå hotellet sine eigne plommetrær? I restauranten vår serverar me kvar kveld ein framifrå 4-rettars meny med velkomponerte vinvalg satt saman av vårast smilande, dyktige og engasjerte ansatte. Hotellet har også sitt eige kunstgalleri, med to flotte utstillingar kvar sommar. Her heng det bilete frå både store, kjende namn så vel som litt mindre. Galleriet kan også freista med sine eigne møte- og selskapslokal for dei som ynskjer å ha eit kurs eller ein konferanse i litt andre omgjevnader. Visste du at du brukar minst like kort tid frå Oslo og hit, som til Bergen frå Oslo?? Området elles er kjend for mange sjåverdigheiter. Rett over fjorden finn du Urnes Stavkyrkje, som med historie tilbake til 1100-talet er vedras eldste. I tillegg har me fleire kjende isbrear i nærleiken, flotte fjelltoppar og flott natur, som ligg her og ventar på å bli brukt av alle turglade menneske.

Vår kjære Konge har segla si siste reise. 🕊Me vil med djup ærbødigheit få takka for Hans Majestet Kong Harald sitt trufa...
28/08/2026

Vår kjære Konge har segla si siste reise. 🕊

Me vil med djup ærbødigheit få takka for Hans Majestet Kong Harald sitt trufaste og utrøyttelege arbeid for landet vårt. Ein Konge som elska folket sitt, og som var høgt elska tilbake. Me minnast med stor takksemd Kongens mange besøk i Solvorn.

Me lyser fred over Kongens minne.

Dei varmaste kondolansar til kongefamilien frå Walaker Hotell.

-----

Our beloved King has set sail on his final voyage.

With deep reverence, we wish to express our gratitude for His Majesty King Harald’s faithful and devoted service to our country. A King who loved his people, and who was deeply loved in return.
We remember with great fondness the King’s visits to Solvorn.

Peace be upon the King’s memory.

Our warmest condolences to the Royal Family, from Walaker Hotel. ❤

27/08/2026
Velkomen til det årlege Wittgensteinseminaret på Walaker Hotell i september!Saman med Knut Olav Åmås inviterer me til ei...
25/07/2026

Velkomen til det årlege Wittgensteinseminaret på Walaker Hotell i september!

Saman med Knut Olav Åmås inviterer me til ei innhaldsrik helg med innsiktsfulle samtalar om Ludwig Wittgenstein og Wien, gode matopplevingar, konsertføredrag og ei guida utflukt til Wittgensteins hytte, inst i Sognefjorden.

Det er berre to månader til årets seminar, oppdatert program finn du på nettsida vår. Me ynskjer både nye og tidlegare deltakarar velkomne til ei inspirerande helg i vakre omgjevnader ved Sognefjorden.

📅 25.–27. september 2026

Meld deg på ved å senda ein e-post til: [email protected]

Har du spørsmål? Ring oss på 57 68 20 80.

Velkomen skal du vera! ✨

❤️
07/07/2026

❤️

27/06/2026

Opplev Den romantiske vegen langs Lustrafjorden frå sykkelsetet!

Turen startar med ein ferjetur over fjorden til Urnes. Der kan du vitja Urnes stavkyrkje, før du fylgjer dei svingete vegane langs den glitrande fjorden under mektige fjell. Turen byr på mange fine stoppestader. På Feigesagi, kan du nyta ein kopp kaffi ved fjorden, før du går opp til den spektakulære Feigefossen!

Elsyklar kan bestillast saman med opphaldet ditt eller leigast under besøket, dersom dei er ledige.

God tur!

Discover the beautiful Romantic Road along the Lustrafjord.

On an e-bike, the journey becomes part of the experience. Follow winding roads through lush green landscapes, beside crystal-clear waters and beneath towering mountains.

Stop wherever the view invites you to stay a little longer.
Along the way, enjoy a coffee at Feigesagi, hike to the spectacular Feigefossen waterfall, visit the historic Urnes Stave Church, and if you’re lucky, spot porpoises playing in the fjord.

E-bikes can be added to your stay when booking or rented during your visit, subject to availability.

Galleriet vårt er på nytt fylt med liv, fargar og kunst! Den gamle fjøsen frå 1883, som ein gong husa kyr, sauer, høner,...
18/06/2026

Galleriet vårt er på nytt fylt med liv, fargar og kunst! Den gamle fjøsen frå 1883, som ein gong husa kyr, sauer, høner, hest og gris, dannar no ei stemningsfull ramme rundt årets utstilling og verka til:

Per Ove Sødal
Astrid Grue
Lars Tveit
Tina Tobiassen
Karin Elisabeth Øvstedal

Merk at galleriet er ope for hotellets buande gjester. ✨

Dersom du ikkje bur hjå oss, men ønskjer å vitja galleriet, kan du senda ein førespurnad på e-post til: [email protected]

Velkomen inn i Galleri Walaker 300!🌸

(Merk at fargegjengivinga og kontrastane i avbildinga av verka kan variere noko frå dei fysiske kunstverka.)

---

We're pleased to welcome you to another season of art at our gallery.☀

The old barn from 1883, once home to cows, sheep, chickens, horses, and pigs, now provides a unique setting for this year's exhibition, featuring works by:

Per Ove Sødal
Astrid Grue
Lars Tveit
Tina Tobiassen
Karin Elisabeth Øvstedal

The gallery is open to hotel guests staying with us.

If you are not staying at the hotel but would like to visit the gallery, please send us an email at [email protected] to arrange your visit.

Welcome to Galleri Walaker 300!🌺

(Please note that the colours and contrasts shown in photographs of the artworks may vary slightly from the original physical works.)

17/05/2026

Gratulerar med dagen! 🇳🇴
Helsing frå alle oss på Walaker Hotell ✨🌸

20/04/2026

Siste finpuss før me opnar dørene for sesongen. ✨
Det grønast i kvar ein krok, både inne og i hagen. 🌺
Frå fredag 24. april står me klare til å ta dykk imot, både kjente og nye gjester. Me gler oss!
Velkomen skal du vera som vår gjest!

—-

A quiet moment before the doors open 🌿
Flowers placed, gardens waking, every detail finding its place.
This Friday, April 24, the season begins at Walaker Hotell - we’re ready to welcome you. ✨

I Villa Walaker, anno 2024, finn du våre fire deluxe-rom.Huset ligg i den øvre delen av hotellområdet – perfekt for deg ...
25/03/2026

I Villa Walaker, anno 2024, finn du våre fire deluxe-rom.
Huset ligg i den øvre delen av hotellområdet – perfekt for deg som ynskjer eit fredeleg opphald.
Deluxe-romma våre har moderne komfort, og innreiinga er inspirert av historiske element. Romma vender ut mot ein sildrande hagedam, så her kan du trekkja deg attende og finna roen. 🌿

Den 24. april opnar me atter dørene til ein ny sesong, og me gler oss! Hjarteleg velkomen skal du vera til Walaker Hotell. ✨

Sikre deg ditt deluxe-rom her: https://book.walaker.com/no/accommodation/list

---

At Villa Walaker, anno 2024, you will find our four Deluxe rooms.
The house is located in the upper part of the hotel grounds – perfect for you who seek a peaceful stay.
Our deluxe rooms offer modern comfort, and the interior is inspired by historical elements. The rooms overlook a trickling garden pond, where you can retreat and find tranquility. 🌿

On April 24th, we once again open our doors for a new season, and we look forward to welcoming you!✨

Secure your deluxe room here: https://book.walaker.com/no/accommodation/list

, , , , , ,

Går de med bryllaupsplanar? 💍Kjærleikens fest fortener ein heilt spesiell lokasjon i særeigne omgjevnader.I Solvorn, eit...
18/03/2026

Går de med bryllaupsplanar? 💍

Kjærleikens fest fortener ein heilt spesiell lokasjon i særeigne omgjevnader.

I Solvorn, eit steinkast frå fjorden, finn du Walaker Hotell. Me vil skapa den perfekte ramma rundt bryllaupsdagen dykkar, slik at de kan nyta kvar augneblink. ✨

Me legg til rette for vigsel i hagen vår (om vêret tillet det), med den turkise Sognefjorden som bakteppe og fjella som tause vitne. Eller de kan ta turen over fjorden og seia «ja» til kvarandre i Urnes stavkyrkje frå 1130-talet.
Etter seremonien ventar ei stemningsfull feiring på hotellet – med smakfull middag, gode samtalar rundt bordet og dans utover kvelden og natta.

Me ynskjer å realisera dykkar bryllaupsdraumar – om ein heilt spesiell og minnerik dag der kjærleiken er i fokus.

Ynskjer de meir informasjon, så send oss gjerne ein e-post på: [email protected]

Bilder frå Morten og Faye sin bryllaupsdag. 🫶🏻

------

Are you planning your dream wedding? 💍

A celebration of love deserves a truly unique location in extraordinary surroundings.

In the village of Solvorn, just a stone's throw from the fjord, you will find Walaker Hotel. We wish to create the perfect setting for your wedding day, allowing you to cherish every single moment.

Imagine a wedding ceremony in our garden (weather permitting), with the turquoise Sognefjord as your backdrop and the mountains as silent witnesses. Or perhaps you would prefer to cross the fjord and say "I do" in the historic Urnes Stave Church, dating back to the 1130s.
After the ceremony, an atmospheric celebration awaits at the hotel - with fine dining, good company around the table, and dancing through the evening and into the night. ✨

We want to make your wedding dreams come true - creating a unique and memorable day where love is the focus.

For more information, please contact us at: [email protected] 📧

Photos: From Morten and Faye's wedding day. 🫶

Adresse

6879
Solvorn
6879

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Walaker Hotell legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Walaker Hotell:

Snarveier

Del