01/04/2025
🎨 Ho malar håp inn i folk – ei penselrøyrsle om gongen
Kunstnaren Bitta Bøthun Bjørnsdotter brenn for å løfta andre gjennom kreativitet og fargar. Gjennom det populære konseptet Malemoro på Stord Hotel, inviterer ho både nybegynnarar og erfarne til å utfalda seg på lerretet – og i livet.
– Det handlar ikkje om å skapa det perfekte biletet, men å kjenna på meistring og få ein pause frå alt som masar i kvardagen, seier Bitta i den nyaste episoden av Sunnhordlandpodden.
Bak konseptet ligg ei sterk og sårbar livshistorie. Etter alvorleg sjukdom og store tap, fann Bitta sjølv trøyst i penselen. No brukar ho eigne erfaringar til å hjelpe andre med å oppdaga den skapande krafta dei ber på.
– Eg ser det gong etter gong: Dei som seier dei ikkje er kreative, dei som berre blir dradd med av ein ven – det er ofte dei som lyser opp mest når dei oppdagar at jo, dei får det til!
Frå sjukdom til skaparglede
Bitta er utdanna interiørarkitekt, men vart råka av kronisk cluster-hodepine og måtte leggja om livet. I møte med både fysisk smerte og djupt personleg tap, blei målinga eit fristed.
– Å måla vart terapi, fortel ho.
Gjennom Malemoro får no andre ta del i den same krafta. Med låg terskel og mykje varme kjem folk i alle aldrar for å måla, le, kjenna på skaparglede – og gå heim med eit bilete dei kanskje ikkje trudde dei kunne laga.
Ein møteplass, ikkje eit kurs
Ho kallar det ikkje «malekurs», men ein kreativ møteplass. Det handlar om prosess, ikkje prestasjon.
– Me byrjar alltid med å sleppa oss laus. Abstrakte bakgrunnar, fri bruk av fargar, og så ser me kva som kjem fram. Det er heilt lov å gjera "feil" – ofte blir det dei finaste delane.
Konseptet veks, og no reiser Bitta også ut til firma, lag og jubileum.
Neste Malemoro på Stord Hotel blir 25. april, og denne gongen er det kjæledyr og favorittdyr som står i fokus.
Vil spreia meir glede
– Draumen er at fleire får oppleva dette. Me treng rom der me kan sleppa skuldrene ned og berre skapa noko – for di eiga skuld.
Bitta har tru på konseptet, og håpar Malemoro kan veksa – både på Stord og utover Sunnhordland.
– Eg blir ikkje rik av dette. Men eg kjenner meg rik kvar gong eg ser nokon lyse opp fordi dei klarte noko dei ikkje trudde var mogleg. Det gir meg alt eg treng.