02/10/2026
- Gratulerer med dagen til Geiranger Fjordservice As! Det er ei ære å få vere gudmor for Geirangerfjord III! 💚
2 oktober 2026 fekk eg den store gleda av å døype den nye fjordbåten som går heile året mellom Geiranger og Ålesund – og samtidig markere noko som betyr langt meir enn eit nytt fartøy på fjorden.
Eg er så stolt over at det er sambygdingane våre i Geiranger Fjordservice som satsar og er med på å drive transport på fjorden framover. Dei investerer i framtida til fjorden, infrastruktur og reiselivet vårt – og tek viktige steg på vegen mot utsleppsfri ferdsel i verdsarvfjorden. Det er både modig, framtidsretta og imponerande!
For oss som bur og arbeider her, handlar dette om framtida til Geiranger – om å skape aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar året rundt, samtidig som vi tek vare på fjorden som er sjølve grunnlaget for alt vi driv med.
Geirangerfjord III blir også viktig for å gjere Geiranger meir tilgjengeleg gjennom heile året. Skal vi lukkast med å få fleire til å oppdage Geiranger også utanfor sommarsesongen, er gode og berekraftige transportløysingar heilt avgjerande. Her ligg det store moglegheiter for reiselivet og for nye, spennande samarbeid.
Tusen takk for tilliten og for oppdraget som gudmor. Eg gler meg til å følgje Geirangerfjord III vidare – og til å sjå endå fleire få augene opp for Geiranger, også når fjella er kvite og fjorden ligg stille.
Måtte hell og lukke følgje deg og mannskapet ditt på hav og fjord 💙
– Monja Mjelva
CEO, Union Geiranger Resort & Spa
🇬🇧 «Congratulations to Geiranger Fjordservice on the naming of your new ship! It is an honour to be the godmother of Geirangerfjord III! 💚
On 2 October 2026, I had the great pleasure of naming the new fjord boat, which operates year-round between Geiranger and Ålesund – while also marking something that means far more than simply adding a new vessel to the fjord.
I am especially proud that it is our fellow residents in Geiranger Fjordservice who are investing and helping to advance transport on the fjord. They are investing in the future of the fjord, our infrastructure and our tourism industry – and taking important steps towards emission-free travel in the World Heritage fjord. It is both courageous, forward-looking and impressive!
For those of us who live and work here, this is about the future of Geiranger – about creating activity, jobs and memorable experiences all year round, while taking care of the fjord that is the very foundation of everything we do.
Geirangerfjord III will also be important in making Geiranger more accessible throughout the year. If we are to succeed in encouraging more people to discover Geiranger outside the summer season, good and sustainable transport solutions are absolutely essential. This creates great opportunities for the tourism industry and for new, exciting partnerships.
Thank you so much for the trust and for the honour of serving as godmother. I look forward to following Geirangerfjord III in the years ahead – and to seeing even more people discover Geiranger, also when the mountains are covered in snow and the fjord lies still.
May good fortune and happiness accompany you and your crew on sea and fjord»💙
– Monja Mjelva
CEO, Union Geiranger Resort & Spa