Blåfelden Fjord Lodges

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Blåfelden Fjord Lodges Velkomen til Blåfelden Fjord Lodges. Vi tilbyr hytteutleige ved Syvdefjorden. Her kan du nyte ro og natur i to moderne minihytter rett ved fjorden og fjella.

Bestill via Airbnb eller Booking.com.

NO FINN DU OSS PÅ BOOKING.COM 📅 🧳🏕️Blåfelden Fjord Lodges kan no reserverast på eit av verdas største nettreisebyrå, nem...
14/10/2026

NO FINN DU OSS PÅ BOOKING.COM 📅 🧳🏕️

Blåfelden Fjord Lodges kan no reserverast på eit av verdas største nettreisebyrå, nemleg Booking.com! Sjå link her: https://www.booking.com/Share-Wb3ZXE

Blåfelden Fjord Lodges tilbyr overnatting med uteplass og kaffemaskin. Her har du utsikt over fjellet

TILLAGING AV UTEOMRÅDET 🚜🔨Dei siste dagane har Gunnar vore i sving og fått gjort ein skikkeleg fin jobb med innkøyringa ...
08/10/2026

TILLAGING AV UTEOMRÅDET 🚜🔨

Dei siste dagane har Gunnar vore i sving og fått gjort ein skikkeleg fin jobb med innkøyringa til hyttene! Det er kome på plass ein flott natursteinsmur, og jordvollane er planerte og forma fint 🍀

Før jul vil det bli gjort enda meir arbeid med uteområdet, slik at dette vert klart til neste turistsesong 🧳🥾⛱️

VI BYTAR NAMN! ⛰️Fleire har spurt oss kvifor vi ikkje har kalla opp satsinga vår etter det storslåtte fjellet som rugar ...
18/09/2026

VI BYTAR NAMN! ⛰️

Fleire har spurt oss kvifor vi ikkje har kalla opp satsinga vår etter det storslåtte fjellet som rugar over hyttene våre. Og når vi fekk tenkt oss om, lurte eigentleg vi også på det.

Så – i tråd med fjellvettregelen «Det er inga skam å snu» – gjer vi nettopp det.

Syvde Fjordhytter blir Blåfelden Fjord Lodges!

Eit namn med lokal forankring, inspirert av fjellet som dannar sjølve bakteppet for hyttene – og som vi håpar vil bli ein viktig del av opplevinga for gjestene våre.

Kva synest de om det nye namnet? 😊

EIN FIN START 🌿I slutten av førre veke blei den første hytta vår endeleg ferdig – og for ein kjekk start det har blitt! ...
31/07/2026

EIN FIN START 🌿

I slutten av førre veke blei den første hytta vår endeleg ferdig – og for ein kjekk start det har blitt! 🤩

På berre sju dagar har vi allereie fått tre besøk/bookingar! Det er vi utruleg glade og takksame for 🙏

Førebels er Blåfelden Fjord Lodges berre å finne på Airbnb, men utover hausten og neste år blir vi synlege på fleire spanande reiselivsplattformer, både i Noreg og internasjonalt.

I mellomtida må du gjerne ta ein kik på Airbnb-annonsa vår – kanskje Syvde blir ditt neste reisemål? 🌊⛰️

Ny fjordhytte med fantastisk utsikt | To soverom

NÆRMAR SEG OPNING AV UTLEIGE 🏡No nærmar det seg! Dei aller første gjestane våre har booka hytte nr. 1, «Blåfelden», frå ...
07/07/2026

NÆRMAR SEG OPNING AV UTLEIGE 🏡

No nærmar det seg! Dei aller første gjestane våre har booka hytte nr. 1, «Blåfelden», frå 24.–26. juli 🙏🏽

Etter dette er hytta offisielt open for utleige!

«Blåfelden» har plass til 4 personar og ligg heilt nede ved fjorden, omkransa av vakker vestlandsnatur. Med lakseelv og flotte fjellturar berre ein kort spasertur unna, er dette ein perfekt stad for både rolege dagar og aktive naturopplevingar.

Ønskjer du – eller kjenner du nokon som gjer det – å leige «Blåfelden», kan du ta kontakt på:
📧 [email protected]
💬 Direktemelding her på Facebook
📞 995 44 327

Nettside og bookingsystem kjem i løpet av 2027, men fram til då tek vi imot bookingar via e-post, telefon eller Facebook.

Hytte nr. 2, «Vikehonnet», opnar for utleige seinare i haust – meir informasjon kjem.

Del gjerne innlegget!

På mandag denne veka var taket i hytte nr. 1 tett - og dette blei markert med kranselag og kake til dei dyktige snikkara...
19/06/2026

På mandag denne veka var taket i hytte nr. 1 tett - og dette blei markert med kranselag og kake til dei dyktige snikkarane! 🏗️ I slutten av førre veke starta også bygginga av hytte nr. 2 🍾🙌

DET GÅR FRAMOVER! 🔨Før helga kom bordkledninga på. Vindauga er også komt inn, og biletet frå innsida av hytta viser pano...
09/06/2026

DET GÅR FRAMOVER! 🔨

Før helga kom bordkledninga på. Vindauga er også komt inn, og biletet frå innsida av hytta viser panoramautsikta mot fjorden.

BYGGINGA ER I GONG 🪚👷🏼🥳Sjå resultatet av berre to dagers arbeid. Vi gler oss til å vise dykk utviklinga framover!
19/05/2026

BYGGINGA ER I GONG 🪚👷🏼🥳

Sjå resultatet av berre to dagers arbeid. Vi gler oss til å vise dykk utviklinga framover!

I midten av april vart byggesettet til dei to hyttene levert til Notaplassen 🚚 Og i komande veke byrjar bygginga! 🏗️👷🏽‍♀...
17/05/2026

I midten av april vart byggesettet til dei to hyttene levert til Notaplassen 🚚 Og i komande veke byrjar bygginga! 🏗️👷🏽‍♀️🪚

Fekk du med deg påskeutgåva av Synste Møre? 🐣 Der stod det ein flott artikkel om satsinga vår i Syvde! Vi har fått løyve...
13/04/2026

Fekk du med deg påskeutgåva av Synste Møre? 🐣 Der stod det ein flott artikkel om satsinga vår i Syvde! Vi har fått løyve frå redaktøren til å dele artikkelen🙌

Adresse

Syvdefjordvegen 476
Syvdsbotn
6140

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Blåfelden Fjord Lodges legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Blåfelden Fjord Lodges:

Snarveier

Del

Kategori